Biden sender Ukraina våpen verdt milliardar som dei ikkje kan å bruke skikkeleg

Av Scott Ritter. Henta frå RT. Omsett av saksyndig.

Scott Ritter er tidlegare etterretningsoffiser i US Marine Corps, var inspektør i Sovjetunionen under implementeringa av INF-avtalen, og var i general Schwartzkopf sin stab under Golfkrigen. Frå 1991 til 1998 var han våpeninspektør for FN.

Kiev kan ikkje vedlikehalde og reparere komplekse våpen frå USA og NATO – dersom dei går i stykke, er dei ubrukelege.

Etter å ha plaga USA og andre NATO-medlemmer i fleire veker om sitt behov for tungartilleri for å forsvare seg mot Russlands pågåande «spesialmilitæroperasjon», verkar Ukraina sin president Volodymyr Zelensky å ha fått det han ønskte. Den amerikanske kongressen vedtok 28.april lover som pusta liv i ein lov frå Andre verdskrigen som vil late USA raskt forsyne Ukraina med våpen til låns.

Med 417 mot 10 stemmer sendte House of Representatives den reviderte, 80 år gamle lova til skrivebordet til president Joe Biden, der han er forventa å skrive under på den (senatet hadde tidlegare vedteke lovene einstemmig).

«Vedtaket om den lova lét Storbritannia og Winston Churchill halde fram med å kjempe og å overleve den fascistiske nazi-bombarderinga til USA kunne gå inn i krigen,» sa representanten Jamie Raskin, ein Demokrat frå Maryland som har vore i fortroppen til anti-russisk lovgjeving opp gjennom åra. «President Zelensky har sagt at Ukraina treng våpen for å halde seg sjølve i live, og president Biden har svart på det ønsket.»

Denne handlinga frå kongressen kjem i kjølvatnet av at president Biden godkjende 33 milliardar dollar ekstra i militærhjelp på toppen av dei tre milliardane som Ukraina allereie er forsynt med sidan starten på konflikten med Russland. Medan mykje av dei tidlegare våpensendingane fokuserte på lettartilleri slip som antitank-missil og berbare luftforsvarssystem, legg den nye støttepakken vekt på tungtartilleri, slik som howitzers og armerte kampkøyretøy, som Ukraina treng for å erstatte utstyr som er øydelagt eller skadd i kamp.

Ver forsiktig med kva du ber om.

General Omar Bradely, ein namngjeten amerikansk militærkommandør under Andre verdskrigen som visste ein god del om det å drepe nazistar, skal ha sagt «amatørar snakkar strategi, profesjonelle snakkar logistikk.» For kvart stykke tungt utstyr som det ukrainske militæret er i ferd med å få som del av denne massive innsprøytinga av militærhjelp gjeven av USA, ligg det festa ved den ikkje-tala, men likevel kritiske realiteten av vedlikehald og berekraft. For å seie det enkelt, om det er øydelagt, kan du ikkje bruke det. Og militærutstyr går i stykke – ofte – spesielt når det blir utsett for slitasjen til endelause moderne kampar.

Ta den M777 155mm taua howitzeren som USA gjev Ukraina – rundt 90 til saman. Den var meint å vere ei lett, enkelt transporterbar erstatting for arbeidshesten M198 howitzeren som vart brukt av den amerikanske hæren og marinen frå midten av 1980-talet og gjennom midten på 2000-talet, og designet gjorde ofringar for å redusere vekta som, under kamptilstandar, resulterte i «alvorlege problem med metaltrøyttleik, ustabilitet under avfyring, og skade påført av rekyl dukka snart opp,» ifølgje eit faktaark om systemet. Mange av problema rundt M777 dreiar seg om materiala ein bruker i produksjon av det. «Der er mange problem med å bruke titanium i staden for stål,» seier faktaarket. «med rot i det faktum at medan det er like sterkt, er titaniumlegeringar mykje mindre fleksible (som gjer dei meir utsett for metalltrøyttleik).» Faktaarket konkluderer at «dette artilleristykket er for lett for den kraftige 155 mm-ammunisjonen. Dess lettare eit våpen er som avfyrer eit gjeve prosjektil og propellerande ladning, dess kraftigare er rekylen. Dette har resultert i at dei rekyl-absorberande mekanismane i M777 blir slitne ut farleg fort i kamptilstandar.»

Den amerikanske hæren si erfaring på National Training Center i Fort Irwin, California, viser at kampeffektiviteten til ei M777-utstyrt artillerieining byrjar å forringe seg rundt den fjerde operasjonsdagen, primært på grunn av vedlikehaldsproblem. Om ein ikkje løyser problemet, vil ei M777-utstyrt eining finne seg sjølv fullstendig kampudyktig innan ei veke. Løysinga til den amerikanske hæren – omfattande feltnivå-vedlikehald støtta av ei framsending av kritiske reservedelar og høgt trena personell – er ei som berre kan bli utført av einingar som er trena til det, og med den logistiske infrastrukturen på plass for å tillate det.

Den ukrainske hæren, som gjennomgår trening på M777-systemet ved treningssenteret til den amerikanske hæren i Grafenwoehr, Tyskland, vil vere fokusert på dei mannkraft-tunge krava til M777-operasjon (som krev eit åttemanns mannskap, i motsetnad til femmanns-mannskapet til M198), og ikkje korleis ein vedlikeheld systemet i kamp. Men sjølv om desse våpena kjem seg til frontlinjene, vil kompleksiteten til systemet før eller seinare føre til ineffektive operasjonar som før heller enn seinare vil resultere i at M777-howitzeren bryt saman med ingen måte å fikse den på.

Logistikkproblema knytt til M777 gjentek seg med kvart stykke tungt militært utstyr som USA og deira NATO-allierte sender til Ukraina, frå 200 avleggs, Vietnam-æra M113 armerte personlege berarar (der 6V53 Detroit totakts sekssylinders dieselmotorar med Allison Tx100-1 tregirs automatgir ikkje liknar på noko i det ukrainske militærarsenalet, som tydar at der finst ingen som er kvalifiserte til å vedlikehalde eller reparere dei i Ukraina) til dei 50 avleggs 1960-æra Gepart antiluftskyts armerte køyretøya sendt av Tyskland (med separate motorar for framdrift og energiforsyning til kanontårnet, noko som doblar vedlikehaldshovudverken). USA og NATO verkar fornøgde med å forsyne Ukraina med gamle, utslitne (avleggs er det operative ordet her) utstyr som nærast garantert vil bryte saman fort under kamptilstandar, og som Ukraina ikkje har nokon logistikkplan på plass for.

Nancy Pelosi, talskvinne for Demokratane i Huset, besøkte nyleg Ukraina, der ho fortalde president Zelensky «USA står på Ukraina si side. Vi støttar Ukraina heilt til sigeren er vunnen,» og la til «For forplikting er å vere der for dykk til kampen er over.» Pelosi sitt besøk har blitt portrettert som ein indikasjon på at Biden-administrasjonen, ved å forsyne Ukraina med tungtartilleriet det har bede om, er forplikta til at Ukraina består i den pågåande konflikten med Russland. Men røyndommen er langt annleis – ved å forsyne Ukraina med utstyr som nærast er garantert å bryte saman kort tid etter at dei blir tekne i bruk i kamp, og som Ukraina har verken infrastruktur eller hender til å vedlikehalde og reparere, gjer Biden og Pelosi lite meir enn å mate det ukrainske militæret med sjølvmordspiller og kalle det næring.

Med venner som dette, kven treng fiendar?

One comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s