Brev i Digipost frå Etat for sysselsetjing, mai 2026
Vi har fatta vedtak om at du skal ut i arbeidsretta tiltak. Ikkje meir ung, ufør heimesitjing på deg. Ettersom jobbmarknaden er på gyngande grunn på grunn av årsaker som er heilt utanfor vår kontroll, var det berre éin jobb igjen til deg. Seier du nei til dette tilbodet, ser vi oss diverre nøydde til å kutte i den sjenerøse trygda du får frå det offentlege. Summen vi kuttar, tilsvarer dei timane i veka du ville ha vore i din nye jobb. Valet er ditt.
Du skal bli eit toalett.
I dei fleste jobbar tek ein imot skit frå andre. Vi kan gratulere deg med at du blir den fyrste i historia som bokstavleg tala tek imot skit. Dette er ein del av Det grøne skiftet, og har som mål å avlaste noverande ineffektive infrastruktur. Du byrjar i den nye jobben fyrstkomande måndag. Arbeidstida blir frå ni til fire, som er den typiske norske arbeidstida «alle» har. Du jobbar måndag, onsdag og fredag, iallfall til å byrje med. Dette er trass alt enno berre arbeidstrening for å få den late, parasittiske ræva di tilbake til det arbeidslivet du ein gong laug og lurte deg ut av. Dei fleste som er på uføretrygd er faktisk genuint sjuke, men vi har prov på at du berre lest som.
Ein viktig del av jobben din blir å reingjere kundane når dei har gjort sitt for deg fornedrande fornødne. Dei fleste overbetalte jobbar (spesielt sokalla konsulentstillingar) består i å sleikje ræver. Vi kan igjen gratulere deg med at du skaper historisk presedens. Jobben din vil derimot bli alt anna enn overbetalt.
Dette er din nye røyndom, vi meiner at dette passar deg utmerka. Du treng tydelegvis ei form for sysselsetjing sidan dei tallause krenkjande, rasistiske og sjikanerande kommentarane dine på Facebook viser at du mildt sagt har eit fritidsproblem. Dei same kommentarane, iallfall når det gjeld rettskriving og generell resonnerings- og forståingsevne, viser at du ikkje akkurat er so lærd og boksmart av deg. Du trur det kanskje sjølv. Haldningane dine viser at du høgst sannsynleg er ein slik ufyseleg psykopat at det er eit brotsverk mot menneskja å plassere deg til dømes i ein butikk. Praktisk, men passivt arbeid der sjølve naturen til arbeidet forbyr alle former for kommunikasjon, er nok tingen for deg. So stor i kjeften som du er, vil du nok vere meir fysisk eigna for denne jobben enn alle vi kjem på i farten. Lunsjpausar kan du umogleg ha bruk for, hehehe…
Dette er den einaste måten alle kan bli sånn nokolunde fornøgde. Kanskje med unntak av deg sjølv. Igjen vil vi få gratulere deg. Du vil no oppfylle ein udiskutabelt viktig funksjon i det samfunnet du ustanseleg rakkar ned på, det same samfunnet som har halde deg mett, varm og trygg med trygd i eit halvt tiår. Jobben din vil ikkje skilje seg nemneverdig frå andre jobbar, der ein anten tek i mot skit eller sleikjer ræver. Samfunnet treng gudar og toskar, og du er truleg den største tosken av dei alle.
Med særs uvennleg helsing,
Halvard Agathe Blöff Waltecht, sakshandsamar (ikkje-binær)