Josefine Bru: Verda blir alltid om til eit globalt totalitært regime i det 21.hundreåret (Samtale i Kiel, 2016)

Kommentar frå saksyndig: Denne samtalen med Josefine Bru fann stad i juli 2016 i den tyske hamnebyen Kiel. I 30 varmegrader og med høge glas med iskald øl, sat eg og Josefine på ei uteservering og snakka om totalitære regime. Lite visste eg kva som då var i gjære, og kva som ville skje under fire år seinare. Her er eit utdrag av denne særs lange samtalen, der eg hadde visse vanskar med å hugse slutten – eller korleis eg kom meg heim. Les det med ei klype salt – og gjerne ein kald øl.

Josefine: «Lat meg fyrst gje deg konteksten. I vår etterlikning av verda finst det eit utal univers i noko som heiter Multivers, som igjen er delt opp i Æraer. Mitt og Einar sitt opphavs-Multivers har som etablert mønster at verda alltid blir totalitær i byrjinga av det 21.hundreåret. Det politiske bakteppet legg rett og slett alltid til rette for at nokon tek makta og gjer den global. I vårt univers hende dette i 2009, då Karen Margrethe Ryhaug-Gaade og hennar likesinna storma Stortinget, drap alle dei folkevalde og innførde republikk.»

Eg: «Javel? Og kvifor akkurat i 2009?»

Josefine: «Alt låg til rette for det. Alle ante fred og ingen fare. Ho hadde i ein god del år vore politisk aktiv, sjølv om få tok ho alvorleg. Ho snakka i breie ordelag om å innføre universell basisk inntekt

Eg: «Som borgarlønn, meiner du?»

«Det stemmer. Karen ville konfiskere all inntekt og formue over eit vist tal millionar, og bruke den overskytande summen til å finansiere eit nesten utopisk velferdsregime. Og milliardærane kunne unngå denne konfiskeringa ved å anten rømme landet – noko ein del av dei gjorde – eller investere overskotsformua i prosjekt som var til alle sitt beste. Utbygging av infrastrukturen. Bygging av det ambisiøse HyperLoop-prosjektet, underjordiske jarnbanelinjer der toga gjekk på magnetar med ein fart på opp til 10 000 km/t. Bygging av gigantiske bustadprosjekt som var i tråd med Karen sine ønske om sentralisering. Faktisk kom vi til eit punkt der alle skulle flytte inn i enorme bustadkompleks sentrert rundt eit gigantisk handlesenter der du fann alle tenkjelege (og utenkjelege) tilbod. Ingen skulle lenger bu i einebustader. Dei vart jamna med jorda. All privat eigedom vart ekspropriert.»

«Skulle alle byrje å leige?»

«Ikkje i starten. Du ser, etter kvart som milliardærane bygde bustader, byrja etterspørselen å matche tilbodet. So gjekk tilbodet forbi etterspørselen. Dess fleire bustader, dess billegare vart prisane. Dette førde til slutt til at bustadmeklarbransjen… Vel… Den forsvann. Meklarane sa opp og fann seg anna arbeid, for å selje bustader for ein sleik og ingenting kunne dei då ikkje tene på under nokon omstende.»

«Hadde alle råd til å kjøpe bustad, då?»

«Ja. Alle hadde jo inntekt, takka vere borgarlønna. Og dei som valde å ta seg jobb, fekk då ‘lommepengar’ i tillegg til borgarlønna. Ekstra pengar som dei kunne bruke på det Karen fann for godt.»

«Hmm, so dei måtte bruke pengar på bestemte føremål?»

«Det stemmer. Men dette vart gjort for å halde økonomien i gang. Du skjøner… På 2010-talet gjorde Karen ei rekkje reformasjonar som ikkje fall i god jord hjå resten av verda. På eit tidspunkt bestemte ho seg for at psykisk utviklingshemma skulle fjernast, ettersom ho meinte at dei ikkje bidrog til samfunnet. So ho avliva dei.»

Eg såg på Josefine i gapande vantru.

«Seriøst?» spurde eg. «Ho… avliva dei?»

«Alle som ein.»

«Det høyrest då ikkje særleg humant ut.»

«So klart ikkje. Karen var ein stormannsgalen diktator!»

«Kva skjedde med dei som jobba med dei?»

«Dei fekk naturlegvis andre jobbar. For jobbar fanst der overalt. Dei aller, aller fleste byrja å jobbe i dei digre handlesentera. Og i dei nye jobbane som Karen skapte.»

«Vent litt… So ho drap altso alle psykisk utviklingshemma i landet?»

«Ja.»

«Korleis reagerte nordmenn på dette?»

«Ikkje nemneverdig negativt. Karen hadde kløktig hjernevaska dei med sin propaganda over fleire år. Du vil sikkert ikkje tru meg, men folk er urovekkjande lette å manipulere.»

«Eg trur deg, Josefine. Men omverda måtte då ha reagert.»

«Åja, dei vart forferda og fylde med avsky. Noreg vart isolert. Berre Russland støtta dei. USA prøvde faktisk å gå til krig, men då svarte Karen med å… Vel… Jamne fleire amerikanske storbyar med jorda og drepe presidenten. Du kødda ikkje med Karen. Men motstand frå internasjonalt hald var ikkje eit problem lenge, for snart var heile verda del av regimet hennar. Og deretter byrja ho og hennar lakeiar å kolonisere galaksen.»

«Kor fekk dei teknologien til det frå?»

«Utanomjordiske i Andromeda-galaksen. Dei tok kontakt med oss på 2000-talet ein gong. Eg trur Einar var involvert. Han og Karen vart kjende med kvarandre, og då han vart Eina, vart han med i den indre maktsirkelen til Karen. Han vart faktisk propagandaministeren hennar. Det passar Einar, for han lika alltid å skrive.»

«Korleis var regimet til Karen?»

«Strengt, strengt, strengt klassedelt. Du hadde Herskerinner på toppen, som gjekk rundt i mørkeblå skjørt og dressjakker, kvite blusar, perleøyredobbar og tettsitjande sølvsmykke med små, ‘M’-forma anheng. Og alle hadde grøne auge.»

«Kva stod M-en for?»

«Hmm, det tok eg meg aldri bryet med å finne ut. Menneske, kanskje? Dei snakka jo faktisk nynorsk i det regimet. Nynorsk med Ryfylke-uttale, vel å merke. Språket heldt seg uendra i millionar av år.» Ho bøygde seg nærare meg og nesten kviskra. «Dei fann ein kur for alderdom. Dei levde til universet slutta.»

«Hmm, æveleg unge, altso. Vel, då slapp ho å bry seg om å finne ein arving til trona. Men… Kva andre fanst det enn Herskerinner?»

«Herskerinner var del av Tenar-klassen. So hadde du Mødrer, Fedrar og…» Ho vreid lett på seg. «…Ammer.»

«Ammer?»

«Ja…» Ho tok ein lang slurk av ølen. «Mødrer var utvalde kvinner som hadde monopol på å bere fram barn. Fedrar var utvalde menn – om ein kan kalle dei det – som hadde monopol på å befrukte dei. Ingen andre fekk lov. Tenar-klassen hadde absolutt forbod mot seksuelt samkvem, og Ammene, vel, dei var fysisk ute av stand til det. Draktene deira kunne ikkje penetrerast.»

«Draktene?»

«Ja… Du ser… Mødrer fødde særs mange ungar i kvart kull, og dei sjølve hadde ikkje nok mjølk i brysta sine til å fø alle dei babyane. Difor bestemte Karen at Ammer skulle skapast, igjen med teknologi frå den planeten i Andromeda-galaksen. Dei utvalde kvinnene, som alle var barmfagre i utgangspunktet, fekk på seg desse tynne, elastiske, men udestruerbare draktene. Stoffet smelta saman med huda på DNA-nivå – dei vart i eitt med kvinnene. Brysta deira este ut til vel helvta av kroppane deira, med ein kapasitet på minst femti liter mjølk. Resten av kroppane este ut for å lagre den mjølka som ikkje fekk plass i brysta – ein slags ‘back-up’. Det at dei este ut, gjorde dei oppblåsne og langt lettare enn dei såg ut til å vere. Og den ekstreme utstrekkinga av cellene i kroppen gjorde dei særs kjenslevare. Faktisk so kjenslevare at dei heile tida var på randa av orgasme.»

«Dæven!»

«Hysj på deg, ikkje øydelegg flyten i historia!» Ho såg stygt, men ertent på meg ein augneblink. So heldt ho fram. «Men orgasmen kom aldri, for seksuelt klimaks ville få drakta til å losne frå kroppen. So draktene inneheldt eit stoff som gjorde klimaks umogleg.»

«Kvifor fekk orgasmar draktene til å losne?»

«Fordi raringane i Andromeda-galaksen opphavleg brukte desse draktene som sexleiketøy. Dei hadde ein fetisj rundt oppblåsne kroppar. Dei meinte ein kropp som var blåsen opp som ein sperreballong var det vakraste som fanst. Sjuke, sjuke romvesen!» Ho lo hjarteleg med sin søte muselatter. «Karen sine vitskapsjenter fekk tak i desse draktene, modifiserte dei og brukte dei til å gjere uvetande kvinner om til æveleg sprengkåte, æveleg unge, fullstendig udødelege og udestruerbare Ammer, som tilbragte resten av det universet ved å trippe rundt og mate babyar i Karens fabelaktige galaktiske imperium.»

«Korleis enda dette imperiet?» spurde eg.

«Slik alle imperium endar. Dekadansen vart verre og verre, men ingenting kunne gjere slutt på galskapen. Ingenting anna enn sjølve slutten på universet. Men, som du no veit, so kom det eit nytt univers, og Karen tok makta igjen. Den einaste måten å få slutt på alt på, var å gjere slutt på Karen. Hitler måtte drepast før han kom til makta.»

«Vel, greidde dei det?»

«Sjå deg rundt. Ser du Herskerinner og Ammer?»

Med eit storøygd smil lente ho seg tilbake i den behagelege stolen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s