Putin kallar den «globalistiske» verdsordenen for «totalitær»

Av Paul Joseph Watson, Summit.news. Omsett av saksyndig.

Russlands president Vladimir Putin slo fast tidlegare i dag [20.juli 2022; oms.an.] at den «globalistiske» verdsordenen er «totalitær» og at den «held tilbake det å følgje kreatitivet».

Putin kom med kommentarane under eit forum i Moskva.

Den notoriske leiaren hevda at Vesten berre hadde oppnådd sin globale dominans på grunn av den historiske plyndringa av andre nasjonar, og hadde ingen moralsk rett til å tvinge ein einsidig modell på planeten.

«Modellen til den totale dominansen av den sokalla ‘gylne milliard’ er urett. Kvifor burde denne ‘gylne milliard’ blant befolkninga på planeten dominere andre, innføre sine eigne åtferdsreglar?» spurde Putin.

«Basert på illusjonen om ‘eksklusivitet’, deler denne modellen menneske inn i fyrste- og andreklasse-status, og er difor rasistisk og nykolonistisk i sin essens,» la han til.

«Og den globalistiske, visstnok liberale ideologien som ligg under den, tek i aukande grad til seg trekka av totalitarisme, held tilbake det å følgje kreativitet, fri historisk skaping,» hevda Putin.

Den russiske presidenten understreka deretter sitt syn om at den globalistiske verdsordenen vart bygt utifrå utnyttinga av andre land.

«Naturlegvis vart ikkje denne ‘gylne milliarden’ ‘gylden’ ved eit uhell. Den har oppnådd mykje. Men den tok ikkje berre til seg sine posisjonar takka vere at dei sette somme idear ut i livet, men i stort omfang på grunn av ranet av andre menneske – både i Asia og Afrika. Det er det som skjedde.»

Han proklamerte deretter at vestlege elitar er livredde for at deira globale orden blir plukka frå kvarandre.

«Same kor mykje vestlege og sokalla supranasjonale elitar strevar med å halde på den eksisterande ordenen av ting, er ein ny æra på veg, eit nytt stadium i verdshistoria. Og berre reelt suverene statar kan sikre høg dynamikk for vekst og bli eit døme for andre,» sa Putin.

Som vi tidlegare har understreka, har Putin konsekvent skulda på Vesten for deira eige fall.

Tilbake i mars heldt han ein tale der han skulda den «vestlege herskareliten» for å skape dei økonomiske vanskane som påverkar menneske i Europa og USA.

I fjor kalla den kontroversielle stålmannen vesten for «fullstendig galne» for å late barn bli lært til å tru at der ikkje finst eit biologisk kjønn, og sa at woke-korstoget mot tradisjonelle kjønnsroller «underminerer menneskenaturen».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s