Av Chris Menahan, Information Liberation. Omsett av saksyndig.
Administrerande direktør i Starbucks, Howard Schultz, flyktar frå «woke»-politikken som han heilhjarta omfamna for fire år sidan, no når kriminalitetsbølgja som han hjelpte til med å starte påverkar han personleg.
Fire år sidan tok Schultz avgjerda om å opne opp toaletta på Starbucks for alle etter at to svarte menn vart arresterte i ein av kafeane hans i Philadelphia for å krevje å få bruke toalettet utan å vere betalande kundar, for deretter å nekte å forlate kafeen i protest.
«Vi ønskjer ikkje å bli eit offentleg toalett, men vi kjem til å ta den rette avgjerda 100% av tida og gje folk nøkkelen,» sa Schultz på dåverande tidspunkt. «fordi vi ikkje vil at nokon på Starbucks skal føle at vi ikkje gjev dei tilgang til toalettet fordi dei er mindre enn oss.»
Schultz rulla raskt ut ei ny «rasesensitivitetstrening» som involverte å tvinge Starbucks-tilsette til å sjå «video etter video» av kvite politimenn som går til åtak på svarte menneske.
«På eitt punkt måtte ei jente ved bordet mitt reise seg og forlate rommet fordi video etter video viste svarte menneske som vart angripne av politi, eller svarte menneske som vart verbalt angripne, og kvite menneske som var føreinntekne overfor farga menneske,» sa ein av dei Starbucks-tilsette som vart tvinga til å gjennomgå Schultz sin hjernevask-seanse. «Det fornærma ho. Ho fór vekk etter det.»
Andre tilsette uttrykte liknande avsky og stilte spørsmål ved korleis toaletthendinga i Philadelphia hadde noko som helst med politivald å gjere.
Starbucks sin opne toalett-politikk viste seg å vere ein komplett katastrofe, med narkomane som raste inn i hopetal for å bruke toaletta som heroinbuler.
Starbucks informerte sist veke at dei skulle stengje 16 kafear som eit resultat av «hendingar relatert til bruk av narkotika og andre forstyrringar,» rapporterte Wall Street Journal.
No flyktar Schultz frå politikken han kjempa for – han tek null personleg ansvar – og skuldar i staden på woke-«leiarar» på «det lokale, delstatlege og føderale nivået» for «å trekkje seg frå sitt ansvar i å kjempe mot kriminalitet».
Dette sa Schultz i ein leken video frå eit internt konsernmøte sist veke.
«Eg må ikkje bruke altfor mykje tid på det som går føre seg i landet og korleis USA har blitt utrygt, men alle de las pressemeldingane frå dei siste par dagane om det faktum at vi byrjar å stengje kafear som går rundt økonomisk,» sa Schultz. «Det har sjokkert meg at ei av dei primære bekymringane som våre partnerar har, er sin eigen personlege tryggleik. Og deretter høyrde vi historiene om kva som skjer på toaletta våre, problema med psykiske lidingar, heimløyse og kriminalitet.»
«Starbucks er eit vindauge inn til USA, vi har kafear i kvart samfunn… vi står overfor ting som kafeane ikkje var bygde for. Vi lyttar til folka våre og stengjer kafear, og dette er berre byrjinga. Der kjem til å bli mange fleire.»
Howard Schultz er eit vindauge inn til våre herskande oligarkar. Han var ein av dei fyrste til å pushe alt dette anti-kvite woke-skitet på sine tilsette og offentlegheita, men no når det har påverka han personleg, vil han at politiet skal svinge pisken!