Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
I lys av presset for grøn energi, sa World Economic Forum (WEF) at ein må handle for å minke avhengigheit av kritiske metalltypar. No krev WEF slutt på eigarskap av privatbilar.
Sidan land prøver å skifte over til fornybare energikjelder, prøver WEF å minke den globale avhengigheita av kritiske metalltypar. Éi slik tilråding er å begrense eigarskap av privatbilar.
«Denne overgangen frå fossildrivstoff til fornybare typar vil krevje store forsyningar av kritiske metalltypar slik som kobolt, litium, nikkel, for å nemne nokre,» sa forumet i ein rapport tidlegare i juli. «Mangel på desse kritiske minerala kan auke kostnaden av rein energiteknologi.»
Den verdsomspennande lobbyistgruppa med hovudkvarter i Sveits har føreslått tre måtar å redusere prisen på viktige metalltypar som er ein del av alt frå vindturbinar og effektiv belysning, til smarttelefonar og el-bilar.
Forumet nemnde at trass i at ein har resirkuleringsprogram iverksette, er graving etter mineral forventa å auke med rundt 500% innan 2050.
«Mer deling kan redusere eigarskap av utstyr som ikkje er i bruk, og dermed òg bruk av materiale,» fastslo gruppa, og viste til data som viser at den gjennomsnittlege engelske bilen blir køyrt «berre 4% av tida».
Forumet sa at program for å dele bilar slik som «Getaround» og «BlueSG» har blitt populære rundt om i verda, og er kritiske for å lågne behovet for bilar og teknologi globalt sett.
Derimot diskuterte dei ikkje korleis bildeling kan bli brukt med større suksess i land slik som USA, der ein i stor grad er avhengig av private køyretøy, og der er mangel på offentleg transport både i grisgrendte strøk og i byområde.
Sjølv om folk flest i verda allereie eig personlege telefonar eller datamaskiner, sa forskinga òg at 39% av internasjonale arbeidarar òg får berbare datamaskiner og mobiltelefonar.
«Dette er ikkje ressurseffektivt i det heile,» sa rapporten. «Å ha ein smarttelefon i fem år i staden for tre, reduserer telefonen sitt årlege karbonfotavtrykk med 31%.»
Ifølgje rapporten treng bedrifter insentiv for å fremje nye bruksområde for produkt [engelsk product repurposing] og belønne viljuge kundar til å stanse opninga av nye gruver.