Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Eliten har drive og brukt kjendisar for å normalisere ideen om å ete insekt. No bruker dei kjendisar for å normalisere ideen om kannibalisme.
Eit nytt selskap kalla BiteLabs bruker kjendisar inkludert Kanye West, Ellen DeGeneres, James Franco og Jennifer Lawrence for å prøve ut ideen om å ete menneskekjøt overfor forbrukarane.
BiteLabs fremjar den same ideen som World Economic Forum har drive og dytta på oss i årevis no.
Ifølgje BiteLabs:
«Produksjon av kjendiskjøt krev mindre enn 1% av mengda land ein treng for tradisjonelt jordbruk. Akkurat no blir 70% av verdas jordbruksland (nesten 30% av heile jordoverflata) brukt for å avle dyr. Kjøtproduksjon i dag er rett og slett ikkje berekraftig: med mindre ei radikal endring finn stad, vil prisen på kjøt til slutt kome ut av kontroll. Laboratoriedyrka mat er framtida.»
Når ein ser på reaksjonen på sosiale media, ser det ut til at folket ikkje er heilt klare enno.
Folket er kanskje ikkje heilt klare, men hovudstraumsmedia gjer sitt beste for å møyrne folk til å byrje å ete kvarandre.
New York Times skapte oppsikt på Twitter 23.juli 2022, då dei hevda at «kannibalisme har ei tid og ein stad» – og føreslo at den tida og staden er akkurat her, akkurat no.
Twitter-brukarar vart skremde frå sans og samling av ideen. Rappar og forfattar Zuby knytte saman punkta og knytte elitens fremjing av kannibalisme til deira press for å få oss til å ete insekt.
Illuminati-agendaen har alltid handla om å dominere verda. Derimot stoppar den ikkje på dominans. Den inkluderer òg audmjuking, fornedring og rituell utskjemming. Eliten er bestemt på å håne oss. Halde oss for narr. Og tvinge oss til å velte oss i vår eiga elende.
Dei blant oss som har følgt med veit at når eliten byrjar å førebu massane på noko, tydar det at det allereie er i gang.
Dersom eliten vil at massane skal ete insekt og bli kannibalar, kjem dei ikkje til å spørje oss om lov.
[Gender Stratocaster skriv som svar til Zuby på Twitter: «Du kjem definitivt til å ete insekt. Du vil ikkje kunne ikkje ete dei med mindre du blir veganar. Dei kjem til å ha dei i burgerane og pølsene for å dryge kostnadene på storfekjøt/svin, og du vil ikkje merke det.»; oms.komm.]
Hugsar de hestekjøtskandalen i Europa for nokre år sidan? Det viste seg at europearane hadde ete hest i årevis når dei trudde at dei kjøpte storfekjøt. Ikkje undervurder dei.
Førebuinga har gått over i høggir. Det er ikkje berre New York Times. Media fremjar no jamleg kannibalisme. Daily Mail er den mest populære nettavisa i verda, og gav ei plattform til ein svensk vitskapsmann slik at han kunne fremje kannibalisme som ein måte å «bekjempe klimaendring».
Ifølgje professor Magnus Söderlund ved Stockholms økonomiskule, kan «samtalen» om tabuet knytt til kannibalisme endre seg over tid, og folk kan bli «narra» til å «gjere dei rette vala».
Nøkkelordet der var «narra». Professoren fortalde òg sitt publikum at menneske burde ete insekt og – hald dykk fast – sine daude kjæledyr.
[Sjå òg Saksyndig sin artikkel om professor Söderlund.]
For å vere ærleg; om du enno ikkje trur at eliten planlegg å tvangsfôre massane med insekt og menneskekjøt, har du ikkje følgt med. Hollywood-kjendisar har blitt hyra til prosjektet som handlar om å hjernevaske massane.
Mange trur at Nicole Kidman er ein Hollywood-Illuminati-insider. Faren hennar dr. Anthony Kidman tok sjølvmord etter han vart skulda av ei dame som sa at han valdtok, torturerte og drap barn i ein internasjonal pedofiliring.
Vil du ete insekta? Kva med menneskekjøt?