Av dr. Joseph Mercola. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
I 2008 vart ein artikkel som framhevar fordelane med verdssvolt for å skape billeg, motivert arbeidskraft publisert på heimesidene til FN. Artikkelen dukka nyleg opp på Twitter og gjekk viralt; den vart fjerna av FN i løpet av 24 timar.
Essensen i artikkelen er at eliteklassen har ein distinkt motivasjon for å ikkje gjere slutt på verdssvolt, fordi dersom alle er velernærte, vil det kanskje ikkje vere nokon som er viljuge til å tilby billeg arbeidskraft og slave i veg i nokon av dei mest fysisk krevjande og utrivelege jobbane på planeten.
Medan FN hevda at artikkelen var satirisk, nekta forfattaren for at det var eit satirisk stykke og sa at den hadde som intensjon å auke merksemda rundt at nokre menneske dreg nytte av det at svolt eksisterer i verda.
Kva kunne vere godt med verdssvolt? Mykje, ifølgje ein artikkel skriven av den no pensjonerte professoren i politisk vitskap ved Universitetet i Hawaii, George Kent. Historia vart fyrst køyrt i 2008 og ikkje lagt særleg merke til i eit tiår, sjølv om den bisart nok vart publisert på heimesidene til FN.
Det var ikkje før artikkelen dukka opp igjen på Twitter at den gjekk viralt – og vart fjerna av FN før 24 timar hadde gått. Som respons sendte FNs The UN Chronicle ut følgjande Twitter-melding:
«Denne artikkelen dukka opp i UN Chronicle for 14 år sidan som eit forsøk på satire, og var aldri meint å takast bokstavleg. Vi har blitt gjort merksame på dens mange feil, sjølv som satire, og har fjerna den frå sida vår.»
Kent, derimot, som no er viseredaktør i World Nutrition Magazine, fortalde Newsbusters at dette ikkje er tilfellet. «Eg meinte det aldri som satire,» sa Kent. «Eg håpte ikkje at den ville bli lesen som lovprising av svolt. Hovudpoenget mitt var og er framleis at enkelte menneske dreg nytte av eksistensen av svolt i verda. Det hjelper til med å forklare kvifor svolt er so vanskeleg å bli kvitt mange stader.»
«Ingen jobbar hardare enn svoltne menneske»
Essensen i Kents artikkel – satire eller ikkje – er at eliteklassen har ein distinkt motivasjon for å ikkje gjere slutt på verdssvolt, fordi dersom alle er velernærte vil det kanskje ikkje vere nokon som er viljuge til å tilby billeg arbeidskraft og slave i veg i nokre av dei mest fysisk krevjande og utrivelege jobbane på planeten.
«Svolt har stor positiv verdi for mange menneske. Faktisk er den fundamental for funksjonen til verdsøkonomien. Svoltne menneske er dei mest produktive, spesielt når ein treng kroppsarbeid,» skreiv Kent, og la til:
«For dei som er avhengige av å ha tilgang til billeg arbeidskraft, er svolt grunnsteinen for rikdommen deira… Mykje av svoltlitteraturen snakkar om korleis det er viktig å sikre seg at folk er velfødde slik at dei kan vere meir produktive. Det er nonsens. Ingen jobbar hardare enn svoltne menneske. Ja, folk som er velernærte har større kapasitet for produktiv fysisk aktivitet, men velernærte menneske er langt mindre viljuge til å gjere slikt arbeid.»
Kent skreiv at NGO-en Free the Slaves estimerer at 27 millionar menneske i den moderne verda kan bli definert som slavar, noko som tydar at dei ikkje kan forlate jobbane sine. Det var i 2008. I 2022 fastslår Free the Slaves at 40 millionar menn, kvinner og barn blir tvinga til å arbeide mot sin vilje, som genererer 150 milliardar dollar i årleg profitt for menneskehandlarar.
Blant dei er rundt 50%, eller 21 millionar, fanga i tvangsarbeidsslaveri i industriar som er avhengige av kroppsarbeid, slik som jordbruk, gardsarbeid, skogsbruk, fiskeri og mursteinsproduksjon, og service-industriar slik som oppvaskarar, vaktmeistrar, gartnerar og hushjelper. Derimot inkluderer desse tala ikkje folk som er «slavar av svolt», skriv Kent, som kanskje kunne gjelde kven som helst av oss:
«Dei inkluderer ikkje folk som kan bli skildra som slavar av svolt, altso dei som står fritt til å forlate jobbane sine, men som ikkje har noko betre å gå til. Kanskje dei fleste menneske som arbeider er slavar av svolt?»
«For dei av oss i øvre del av den sosiale stigen vil det å gjere slutt på verdssvolt vere ein katastrofe. Dersom det ikkje fanst svolt i verda, kven ville pløye åkrane? Kven ville hauste grønsakene våre? Kven vil jobbe med resirkulering av avfallsprodukt? Kven vil reingjere toaletta våre? Vi vil måtte produsere vår eigen mat og reingjere våre eigne toalett.»
Eg vil påpeike at talet slavar faktisk er eksponentielt høgare på grunn av gjeld. Dette er spesielt sant for dei fleste legar som har fullført utdanninga dei siste ti åra. Dei har gjeld heilt opp til øyra frå studielån og jobbar i ein eller annan diger klinikk der dei har verken kontroll eller autonomi, og blir tvinga til å følgje forteljinga. Om dei mislykkast i å gjere som dei blir fortalt, kan det resultere i tap av jobben og manglande evne til å betale for mat eller husly.
FN spår total samfunnskollaps
I tillegg til å reklamere for korleis ein skaper ein billegare arbeidsstyrke ved å bruke verdssvolt som forhandlingselement, gav FN i 2022 ut sin Global Assessment Report on Disaster Risk Reduction (GAR2022) [fritt omsett «Global vurderingsrapport om reduksjon av risikoen for katastrofe»; oms.an.], som målar eit dystert bilete av framtida:
«Skaping av risiko utkonkurrerer reduksjon av risiko. Katastrofar, økonomisk tap og dei underliggjande sårbarheitene som driv risiko, slik som fattigdom og ulikskap, aukar akkurat som økonsystema og biosfærane risikerer å kollapse. Globale system blir meir og meir samanknytte og difor meir sårbare i eit usikkert risikolandskap.»
Rapporten åtvarar at ein perfekt storm av katastrofar, økonomisk sårbarheit og økosystem som feilar finn stad, som spår ein komande global kollaps om ting ikkje endrar seg – og det fort. Noam Chomsky er einig, og sa på American Solar Energy Society sin 51. årlege konferanse 21.juni 2022: «Utfordringa som ligg føre oss er hinsides alt som menneske nokosinne har stått overfor. Lagnaden til livet på planeten står no på spel.»
Bulletin of Atomic Scientists introduserte Dommedagsklokka [engelsk Doomsday Clock] i 1947. Den representerer ei nedteljing til global tilinkjegjering ved hjelp av atomvåpen. Under det kaldaste av Den klade krigen kom den på sitt næraste til midnatt – 2 minutt – for so å kjølne og strekkje seg til 17 minutt innan 1991.
I 2015, rundt den tida filmen vart utgjeven, hadde auka ustabilitet flytta klokka tilbake til tre minutt på midnatt, på grunn av modernisering av globale atomvåpen og «uvanleg store atomvåpenarsenal», der verdsleiarane mislykkast i å «handle med den farten eller på den skalaen som krevst for å beskytte borgarar frå potensiell katastrofe.»
I ei oppdatering publisert 20.januar 2022, derimot, rapporterte Bulletin at verda er «på dommedagens dørstokk», der klokka flyttar seg til berre 100 sekund på midnatt.
Ifølgje Counterpunch, «vil den bli stilt igjen i januar [2023] og Chomsky trur at ein kan argumentere godt for å flytte den andre visaren endå nærmare midnatt, som er den siste timen der menneskeheita øydelegg seg sjølv, anten med eit smell eller kveling.» Nokre av bekymringane sentrerer seg rundt forvitringa av rasjonell diskurs, der sensuren når hittil usette nivå.
Amerikanarar blir haldne i mørket
Chomsky snakka med Counterpunch om måten amerikanarane blir villeia om den russiske invasjonen av Ukraina. Medan han sa at det «burde vere tydeleg at… [dei] ikkje kan rettferdiggjere det (moralt),» var det ikkje ein uprovosert invasjon.
«Naturlegvis var det provosert. Elles ville dei ikkje heile tida referere til det som ein uprovosert invasjon,» sa han. Bakgrunnen til krigen, som manglar i hovudstraumsmedia si dekning, som provoserte invasjonen, er NATO si utviding. Chomsky forklarte:
«Dette er ikkje berre mi meining, det er meininga til alle amerikanske høgnivå-tenestefolk i dei diplomatiske tenestene som har nokon kjennskap til Russland og Aust-Europa.
Dette går tilbake til George Kennan og, på 1990-talet, Reagans ambassadør Jack Matlock, inkludert den noverande direktøren i CIA; faktisk, omtrent alle som veit noko har drive og åtvara Washington at det er uansvarleg og provoserande å ignorerer Russland sine veldig tydelege og eksplisitte raude linjer.
Dette gjaldt lenge før (Vladimir) Putin, det har ingenting å gjere med han; (Mikhail) Gorbatsjov, alle sa det same. Ukraina og Georgia kan ikkje bli medlemmer i NATO, dette er det geostrategiske hjartelandet til Russland.»
Det som er spesielt gysleg er at amerikanarar ikkje har fått lov til å høyre denne sida av historia – og dei fleste er ikkje klare over at dei blir haldne i mørket og fôra med propaganda. Chomsky heldt fram:
«No har sensuren i USA nådd eit slikt nivå som eg ikkje har sett maken til i mi levetid. Slikt eit nivå at du ikkje får lov til å lese det russiske standpunktet. Bokstavleg tala. Amerikanarane får ikkje lov til å få vit på kva russarane seier. Bortsett frå utvalde ting.
So, dersom Putin held ein tale til russarane med alle slags merkelege påstandar om Peter den store og so vidare, då vil du lese det på framsidene. Dersom russarane kjem med eit tilbod om forhandling, kan ikkje du finne det. Det blir undertrykt. Du får ikkje lov til å vete kva dei seier. Eg har aldri sett slikt eit nivå av sensur som dette.»
Har vi passert punktet der vi ikkje kan snu?
Den avdøde astrofysikaren Enrico Fermi var sikker på at tilstandar eksisterer på fleire planetar som vil støtte høgare intelligens. Fermi-paradokset er at vi aldri har vore i stand til å finne dei. Ei forklaring, sa Chomsky, er at kvar gong høgare intelligens utvikla seg, har dei kanskje vist seg å vere dødelege, med sjølvtilinkjegjering som mogleg ibuande eigenskap saman med høgare intelligens, som ikkje enno har oppnådd den moralske evna til å redde seg sjølv.
«Vi blir no konfrontert med spørsmålet om dette prinsippet gjeld for moderne menneske,» sa Cjomsky. FNs landemerkerapport verkar å lene seg i favør av det. Ifølgje ein etterforskingsrapport av Byline Times, sa ein senior-rådgjevar for FNs Kontor for reduksjon av katastroferisiko [engelsk Office for Disaster Risk Reduction] som bidrog til GAR2022, at verda allereie hadde «passert eit punkt der vi ikkje kan snu», og dette vart ikkje formidla i rapporten, som vart vatna ut før den vart offentleggjort.
Personen sa: «GAR2022 er eit ribba skjelett av det som vart inkludert i tidlegare utkast.» Når sjølv FN ser ut til å vatne ut sine eigne funn, sa Byline Times: «Som den fiktive filmen Don’t Look Up, er vi meir opptekne av kjendissladder og politiske skandalar, og vi er ute av stand til – eller ønskjer ikkje – å konfrontere dei viktigaste utfordringane som vi no står overfor som art.»
Verda er på veg mot ei tilbakestilling
Vi er på eit vippepunkt i historia, der mange har kjensla av at samfunnet allereie er på randa, og aukande inflasjon, matkostnader og mangel på produkt trugar med å dytte oss over kanten. Medan vi blir fortalde at lurande matmangel primært er resultatet av klimaendring og Russland-Ukraina-konflikten, har Rockefeller-stiftinga allereie spådd dette scenarioet tilbake i juli 2020, og bad om ei omstrukturering av heile matsystemet for å adressere det.
Rapporten deira, «Reset the Table», vart publisert berre ein månad etter at World Economic Forum (WEF) offisielt annonserte sine planar for ei «Stor tilbakestilling» («Great Reset»), og mange av bidragsytarane til stiftinga er WEF-medlemmer. Dei har som intensjon at det noverande matsystemet skal falle saman, slik at dei so kan «løyse» problemet ved å innføre eit nytt system basert på laboratorie-dyrka, syntetisk og genetisk redigert mat og massive insektfarmar.
Åtak kjem frå alle sider, derimot, og matforsyninga er ikkje alt dei er ute etter. Ei stor tilstrøyming av investorar – inkludert Wall Street – gjekk inn i bustadmarknaden under pandemien, tiltrekte av låge bustadlån-rentesatsar, enkel tilgang til lån og forlokkande takksemd for heimar.
Det er no tydeleg at investorar, inkludert gigantar som Blackstone og iBuyers – som kjem med umiddelbare tilbod i kontantar på nettet – ikkje berre sysla med bustadmarknaden under pandemien, men deltakinga deira kan ha vore utslagsgjevande for å drive opp prisane og gjere det vanskelegare for den gjennomsnittlege amerikanaren å bli huseigarar.
Dersom gjennomsnittsamerikanaren blir skvisa ut av bustadmarknaden, og mesteparten av tilgjengelege bustader er eigde av intesteringsgrupper og konsern, blir du prisgjevne dei som husverten din. Dette oppfyller delar av Den store tilbakestillinga sin «ny-normale» frase – delen der du vil eige ingenting og vere lykkeleg. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori; det er del av WEF sin 2030-agenda.
I ei verd der naturleg mat blir truga av laboratoriedyrka motstykke – Bill Gates, medgrunnleggjar av Microsoft, eig meir jordbruksland enn nokon andre i USA – og megaselskap kjøper opp so mange hus at enkelte trur at Wall Street-investorar kan oppnå føydalisme i løpet av 15 år, tek konseptet at svolt driv arbeidskraft ei heilt ny meining.
«Det er ikkje rart at folk nær toppen ikkje har hastverk med å løyse svoltproblemet,» skreiv Kent. «For mange av oss er ikkje svolt eit problem, men ein ressurs.»