Sjå òg «Norsk motebloggar (26) fanga i evig menstruasjonsmareritt etter Pfizers mRNA-injeksjon», publisert på Saksyndig 25.juli 2022.
Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.
Del Bigtree og teamet hans åtvara folket i fjor om at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar kan påverke damers menstruasjonssyklus. I april 2021 dekte Bigtree sitt team historia om at israelske damer rapporterte irregulære menstruasjonssyklusar etter å ha teke Pfizers mRNA-vaksine.
Fleire damer rapporterte at dei opplevde irregulære syklusar og unormale blødningar i vagina etter å ha teke Covid-19-vaksinar. Minst 13 damer sa at menstruasjonen deira kom tidleg, medan andre sa at der hadde vore irregulær blødning mellom menstruasjonsperiodane deira.
Uheldigvis vart ikkje desse rapporterte i hovudstraumsmedia på den tida. Pfizer heldt ikkje auge med endringar i damene sin syklus, so folk måtte gå på sosiale media for å diskutere problemet.
Bigtree og gravejournalisten Jefferey Jaxen rørte ved dette problemet igjen i ein episode av «The Highwire» frå 26.juli.
Programmet rapporterte òg tidlegare at damer ikkje fekk lov til å bli gravide i nokon av vaksineforsøoka, og dei fekk ikkje lov til å ha samleie. Dette tydar at Big Pharma var klar over dei moglege endringane som vaksinane kunne forårsake. Likevel heldt ingen auge med damers menstruasjon og eggløysing.
Det som det vart snakka mykje om når der gjaldt problemet, var at damer som ikkje var vaksinerte – men hadde nokon rundt seg som hadde teke sprøyta – òg såg endringar i sin menstruasjonssyklus. Likevel kom der ingen data ut av informasjonen.
Big Pharma insisterer framleis på at der ikkje er data om at Covid-19-vaksinar påverkar damers menstruasjonssyklus, og seier at der ikkje er ein samanheng mellom vaksinar og slike endringar.
Nye data har endeleg kome fram i lyset i år. I januar publiserte det amerikanske folkehelseinstituttet (NIH) på nettsida si resultat av ein studie som viser tilknytinga mellom menstruasjonssyklus-lengd og Covid-19-vaksinasjon. Forskarar oppdaga at dei endrar syklus med rundt 0,64 per dag, plus eller minus byrjinga eller slutten på syklusen – syklusen kan kome tidlegare og/eller vare lenger.
NIH-studien forklarte at den irregulære syklusen kan kome av stress forårsaka av pandemien – og stress veit ein kan endre menstruasjonssyklusar. Men NIH innrømte òg at resultata ikkje kan forklarast av generalisert pandemisk stress fordi ingen endringar vart funne hjå uvaksinerte kontrollgrupper over ein liknande periode.
Spørjeundersøking: Menstruasjonsendringar etter vaksinering er vanleg
Ein doktor frå utanfor USA utførde òg ei spørjeundersøking om temaet på sosiale media. Resultat frå spørjeundersøkinga viste at menstruasjonsendringar sett etter vaksine mot Covid-19 er vanlegare enn ein visste tidlegare.
Studien omfatta meir enn 39 000 menneske frå 18 til 80 som hadde blitt fullvaksinerte og som ikkje hadde fått Covid-19. I prøvebefolkninga såg ein følgjande: 42% av dei med jamn menstruasjonssyklus blødde kraftigare enn vanleg; 44% såg ingen endringar; og andre var ikkje i nokon av kategoriane.
Det som hovudstraumsmedia ikkje rapporterer blant dei ikkje-menstruerande respondentane som ikkje var komne i overgangsalderen, er at 1815 av dei var på hormonbehandling og sju prosent opplevde gjennombrotsblødning etter vaksinen.
Desse individa i overgangsalderen hadde ikkje hatt menstruasjon på 12 månader eller lenger, og var ikkje på hormonbehandling, men 238 av dei opplevde gjennombrotsblødning igjen etter å ha blitt vaksinert. Dette antydar at vaksinen kan føre til problem med reproduksjon.
«Det verkar frå denne spørjeundersøkinga som om problem med reproduksjon blir forverra av vaksinen,» påpeikte Jaxen.