Woke-lege påstår at foreldre som ikkje kjemisk kastrerer barna sine, er barnemishandlarar

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein «lege» med regnbogefarga hår har gått ut på TikTok for å klage over foreldre som nektar å late barna sine få «kjønnsbekreftande» operasjonar, og kallar dei «barnemishandlarar».

Dama, som har som TikTok-namn @askdrmom [«spør doktor mamma»; oms.an.], lirte av seg fleire minutt med verbal diaré om kor mykje ho hatar foreldre som nektar babyane sine pubertetsblokkerande legemiddel og fjerning av genitalia på førespurnad, noko som hindrar dei i å bli sine «sanne sjølv».

«Veit de kva som er mishandling? Å ignorere behova til barnet ditt når barnet ditt fortel deg kva det treng,» glefste dama.

Ho gjekk vidare med å hevde at foreldre som nektar barna sine irreversible operasjonar og hormon-doping, er ansvarlege for sjølvmord hjå barn, sjølv om ho på TikTok refererte til barnesjølvmord som «un-aliving», sidan den sosiale medieplattforma forbyr ein å nemne ordet sjølvmord nokon stad.

«Over 80% av transungdom har innrømt å ha tankar om å ‘un-alive’ seg sjølv, og over 50% har allereie prøvd det,» heldt den skulande dama fram.

«Å nekte desse individa omsorga som vi veit reddar liv, er barnemishandling,» la ho nedlatande til. «Og det er bevist at å gje dei kjønnsbekreftande omsorg sterkt reduserer desse risikoane.»

Dersom legen din har fleirfarga hår, SPRING!

«Firebarnsmora» – kven giftar seg med, for ikkje å snakke om får ungar med, ein slik person? – gjekk endå lenger i å seie at ho vil «døy på denne åsen» når det gjeld å forsvare «retten» til menneske, uavhengig av alder, til å lemleste kroppane sine.

«Eg vil døy på denne åsen: transrettar er menneskerettar,» sa ho. «Og det speler inga rolle kor gammal personen er. Vi fortener alle å leve vår sanning.»

Nesten 146 000 følgjer denne dama på TikTok, forresten. Ho påstår at ho er ein autorisert familielege, og det høyrest ut som ho praktiserer i Texas – so ta dykk i akt, texanarar.

Regnbogehåret er ei automatisk varselsbjølle om å springe i fall du skulle få auge på nokon annan lege som ser og høyrest ut som denne. Det er temmeleg enkelt å oppdage kven du ikkje burde ta barnet ditt til – dei med farga hår, naseringar og liknande.

Ein kan lure på kor mange barn denne dama har «behandla» opp gjennom åra, og kor mange ho har påverka til å «leve si sanning» ved å kappe av bryst og andre reproduksjonsorgan.

«Du veit, dersom barnet ditt fortel deg at han treng å hoppe opp i eit bål, prøv ikkje å ignorere behova hans,» skriv Tierin-Rose Mandelburg for Newsbusters, og kjem med eit sterkt poeng om denne «legens» logikk.

«Bekreft hans barnlege vrangførestillingar og lat han gjere som han vil, same kva konsekvensane blir. Det er den psykotiske logikken som dr. Regnboge er forkjempar for.»

«For det fyrste, i kva slags verd er kjemisk kastrering av ein mindreårig noko som ‘reddar liv’? For det andre, folk som oppmuntrar til ei forskrudd identitetskjensle og som lemlestar barn er dei som mishandlar, ikkje folka som har som mål å beskytte dei mot slik vondskap.»

Denne påståtte «legen» ser ut til å ha teke sine poeng frå Pantene, som i fjor køyrde ein reklamekampanje som pressa på for transkjønnslemlesting av barn.

Kampanjen feira oppskjeringa og dopinga av barn som ei form for «sjølvuttrykk», og la til at «hår er pride» – Pantene sel trass alt sjampo og balsam.

«Det er noko som heiter å nå botnen på septiktanken, og so er det noko som heiter å skape botnen på den for å kome endå djupare inn i dette gamle laget med mannskit,» skreiv ein lesar på Natural News om korleis den vestlege sivilisasjonen dreg sine siste andedrag på sin rake veg til helvete.

«Korleis kan nokon rettferdiggjere desse livsendrande behandlingane hjå mindreårige?» spør ein annan. «Dei kan ikkje.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s