Tenåringsjenter over heile verda hermar etter symptom på Tourettes syndrom etter å ha sett videoar av dei på TikTok

Av Christina Buttons, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.

Tenåringsjenter rundt om i verda har byrja å ape etter tics etter å ha sett populære påverkarar med Tourettes syndrom på TikTok. Då pandemien byrja i 2020, og mange sperra seg inne og vart tungt avhengige av sosiale media, byrja nevrologar å sjå hordar av tenåringsjenter som rapporterte at fysiske og verbale tics plutseleg byrja.

Omar Danoun, nevrolog ved Henry Ford Health, trur at det blir indusert av å sjå TikTok-påverkarar med Tourettes syndrom. Han forklarer at fordi dei ser på desse videoane so ofte, byrjar hjernane deira å herme etter ticsa.

«Det desse tenåringsjentene har blir kalla funksjonelle tics – det er ei funksjonell nevrologisk liding,» sa dr. Danoun. «Vi har sett dette før hjå barn som har foreldre eller søsken med anfall. Dei utviklar funksjonelle anfall. Hjernen imiterer det den ser. Det blir brukt som ein fluktmekanisme.»

Som tilleggsevidens for sosial overføring, seier dr. Danoun at mange av dei amerikanske pasientane han har, «snakkar med britisk aksent» og «seier britiske ord», noko han aldri har støtt på før i sin praksis i den amerikanske delstaten Michigan.

15 millionar følgjer den britiske TikTok-stjerna Evie-Meg Field (22), kjent under namnet ThisTrippyHippie. Ein av hennar mest populære videoar handlar om korleis TikTok-stjerna strevar med å byggje eit sandslott medan ho har tics på grunn av sitt Tourettes syndrom.

Ben Brock Johnson, ein journalist for WBUR, ein offentleg radiostasjon med base i Boston, kommenterte på TikTok-tic-fenomenet. «Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor desse appellerer slik til massane. Mange av folka som publiserer innlegg om ticsa sine er morosame og engasjerande. Og viktigare, dei skjuler ikkje ticsa sine.»

Professor Russel Dale, ein barnenevrolog ved Westmead sjukehus, vart intervjua i ein nyleg spesialepisode av 60 Minutes Australia. Professoren viste til pasientane sine som herma etter det dei såg i TikTok-videoar, der enkelte av dei innrømte at det å sjå klippa hadde utløyst åferda deira, og at dei til og med spegla den.

Dale sa at jenter «over heile verda, både i Australia og Amerika, bruker liknande frasar. Og det var det som fekk oss til å tenkje at sosiale media kunne knytast til det som skjedde. Og eg trur det vart nesten som ei farsott då dei starta å herme etter desse ticsa.»

Legar tilråder kognitiv terapi for pasientar med TikTok-induserte tics, og uttrykkjer kor viktig det er å begrense forbruk av sosiale media og unngå å følgje folk på TikTok som har tics.

«Spesielt når du fyrst veit at du er tilbøyeleg til å få ei funksjonell nevrologisk liding, er det viktig å bruke sosiale media med forstand,» sa dr. Danoun.

«Akkurat som vi seier ‘drikk med måte’, burde vi bruke sosiale media med måte. Det er avhengigheitsskapande. Og dess meir tid du bruker på dei, dess meir vil algoritmane drive og fôre deg med den same typen videoar for å få deg til å sjå på dei so lenge som mogleg. Det er forretningsmodellen til alle sosiale medieplattformer. Det kan vere vanskeleg, men det er opp til oss å begrense forbruket vårt.»

Dale sa at berre rundt 20% av pasientane han har med dette problemet har blitt betre, og la til at der kan finnast i overkant av hundretusenvis av tenåringsjenter som opplever liknande symptom rundt om på kloden.

TikTok er estimert å ha meir enn 100 millionar brukarar i USA, og 70% av alle tenåringar i landet bruker appen.

«Tourette TikTok» har blitt ein uhyre populær emneknagg [hashtag], der videoar med TikTok-brukarar som opplever tics frå Tourettes syndrom har blitt sett over 6,5 milliardar gonger. På liknande vis har legar sett ei tilstrøyming av unge vaksne som kjem med sjølvdiagnostisert dissosiativ identitetsliding [engelsk Dissociative Identity Disorder (DID)], som vanlegvis er ein svært sjeldan tilstand. Mykje av dette ser ut til å bli drive av eit lite tal påverkarar på TikTok som har publisert svært populære videoar, der dei skildrar sin DID i stor detalj. Emneknaggen #DID på TikTok har no nådd to milliardar treff.

Kommentar frå saksyndig: Lesaren blir her anbefalt å sjå South Park-episoden «Le Petit Tourette» frå 2007, der rollefiguren Eric Cartman læst som han har Tourettes syndrom, tilfeldigvis etter å ha møtt ein annan unge med syndromet. Episoden reflekterer på ein genial måte sjølve temaet i denne artikkelen, sjølv om Cartman har heilt andre og meir vondsinna grunnar til å herme etter ticsa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s