Denne meiningsartikkelen er basert på eit lesarbrev på The Exposé.
Ei rekkje moment tydar på at woke som religion er sjølve antitesen til vår sivilisasjon, der grunnsteinen er kristendommen. Woke er ikkje berre motstykket til kjærleik, nestekjærleik og fridom, men sjølve fienden, akkurat som Satan er motstykket og motstandaren til Gud og alt som er godt.
Når det gjeld ei fornærmande og/eller krenkjande handling, seier Bibelen til dømes at ein skal vende det andre kinnet til. Woke-moralen seier derimot at ein skal kansellere, deplattforme, ta jobben frå og sverte alle som fornærmar og/eller krenkjer deg eller snakkar stygt om woke sine dogmar.
Det bibelske synet på den tradisjonelle familien er heterofile foreldre som har full autoritet over barna sine. Woke seier at Staten eig barna dine og veit kva som er best for dei. Familien er eit avleggs paradigme som dei gjer alt dei kan for å avskaffe, eller i beste fall vanskeleggjere eksistensen til. Om du er ulydig mot Staten, risikerer du altso at representantar frå Barnevernet og politiet kjem og tek frå deg barna dine.
Når det gjeld kjærleik skal den kunne trumfe til og med vondskap og hemntakar. Hemn eller nag er uproduktivt, og du bør elske til og med dine fiendar, for dei er menneske nett som deg. Woke seier det motsette: Hat fiendane dine medan du definerer dei som dei som hatar, mellom anna ved at du klassifiserer all kritikk av woke som «hattale». Sanninga er at woke er sjølve hatsreligionen, som har ein eksepsjonell intoleranse for meiningar som er i strid med deira livssyn. Igjen, kansellering, ignorering, ekskludering, deplattforming, fengsling og sensur er verktøya dei tek i bruk for å eliminere dissens. Woke er det grunnlause hatet mot normal menneskeleg åtferd. Veit dei kva kjærleik er? Høgst tvilsamt.
I Bibelen står det at Gud laga ulike språk hjå menneske for å hindre dei i å byggje eit tårn til Himmelen i Babel. Nasjonane vart dermed skapte for å hindre eit globalt politisk monopol. Woke seier derimot at vi treng eit globalt politisk monopol, og ikkje minst global overvakingsteknologi ved hjelp av til dømes spionsatellittar. Vi treng ikkje lenger landegrenser. Som ein kuriositet er dette den sannsynlege grunnen til at ein i Noreg går meir og meir vekk frå å snakke om fylke – no snakkar dei om regionar, som på mystisk vis går over grensa til Sverige. Tilfeldig? Spør FN.
Når det gjeld seksualitet, seier Bibelen rett ut at homofili er ein styggedom: Ein mann skal ikkje liggje med ein annan mann som han ligg med ei kvinne. Synet på homofili har sidan oldtida blitt meir liberalt, og homofili vart lovleg i Noreg på 1970-talet. Sidan har det diverre tippa over i motsett retning. No er det den heterofile legninga som blir sett på som ein «styggedom»: Uttrykket heteronormativitet er trua på at heterofili er det einaste naturlege uttrykket for seksualitet i samfunnet vårt. Dette trussystemet kan vere skadeleg for seksuelle minoritetar fordi det skaper eit hierarki blant seksuelle praktiseringsmåtar som kan forsterke til dømes homofobi. Woke forsterkar derimot heterofobi. Den potensielt dødelege faren til «alfabetseksualitet» (LGBTQ+), er at den set den seksuelle tilfredsstillinga til vaksne over den emosjonelle tryggleiken til barn, som i sin tur blir nekta ein forelder av kvart kjønn. Dei homofile som nekta å bruke kondom under AIDS-krisa sette si eiga tilfredsstilling høgare enn det at dei spreidde eit potensielt dødeleg virus, og gjorde meir enn 20 millionar barn verda over foreldrelause på grunn av AIDS-relaterte dødsfall hjå foreldra. Pussig nok var munnbind mot Covid påbodne, medan kondomar mot HIV aldri var det. I motsetnad til munnbind, beskyttar kondomar vitterleg mot sjukdom. Den emosjonelle utryggleiken til dagens barn blir samfunnets utryggleik i morgon. Korleis vil dei barna reagere på til dømes ein atomtrugsel?
Bibelen seier at det berre finst to kjønn, og at Gud laga kvinna av eit av Adam sine ribbein. To biologiske kjønn har vore det rådande synet i samfunnet, og er eit biologisk faktum. Woke seier derimot at du kan vere kva enn slags kjønn du føler deg som når du vaknar om morgonen. BBC opererer med 150 kjønn. Woke korrumperer den biologiske realiteten til to kjønn ved å skape liksomkjønn, ved å fronte kjønnslemlesting, behandling med hormonar og andre «kjønnsbekreftande» og «kjønnskorrigerande» strategiar som utmerkar seg fyrst og fremst ved å forkorte levetida dramatisk. Transpersonar har ifølgje ein studie frå 1,5 til 3,8 gonger større risiko for å få kreft, hjarte- og karsjukdommar og HIV. Her i Noreg kan ein no tydelegvis få opptil tre års fengsel for å seie at menn ikkje kan vere lesber, eller at dei kan bli gravide.
Bibelen seier at ein skal tilgje. I woke finst der inga synd for lita til å bli straffa. Sjølv å tiltale nokon med feil pronomen utløyser full krig.
Det tradisjonelle bibelske synet på dei to kjønna plasserer mannen som overhovudet i familien. Kvinna er der for å hjelpe og støtte mannen, og dei fleste kvinner er komfortable med å ha den rolla. I jobbsamanheng er det i praksis likestilling, ved at menn og kvinner har dei same moglegheitene. Dette står i skarp kontrast til woke, som seier at maskulinitet er giftig i alle samanhengar. Ei dame vil alltid vere eit betre overhovud. Damer burde konkurrere mot menn om makt, og i staden for å støtte mannen, må ho få makt til å øydeleggje karrierane til menn som prøver å inngå forhold med dei. Om nokre få år vil dei einaste mennene som vågar å prøve å skaffe seg eit forhold med ei dame, vere menn som er sjølvstendig næringsdrivande eller ikkje har jobb. Det er derimot absolutt ingen problem for woke at dei mennene går inn i forhold med andre menn.
Når det gjeld identitet, seier woke følgjande: Du har ingen identitet. Du treng ikkje ein familie. Du treng ikkje eit land. Du treng ikkje ein religion basert på tru. Du treng berre å gjere nøyaktig slik woke seier.
Bibelen har bokstavleg tala som eit av dei ti boda at du ikkje skal stele. Nasking i store byar i USA blir knapt straffa, og i mange tilfelle faktisk akseptert. Innbrot i Storbritannia har ei oppklaringsrate på mindre enn 1%. Blir sykkelen din stolen her i Noreg, henlegg politiet saken med ein gong dei får anmeldinga di, og forsikringsselskapet utbetaler eigenandelen omtrent dagen etter.
Det sokalla «helsevesenet» er styrt av dei store farmasøytiske selskapa. Woke seier at legar berre kan ordinere legemiddel som er gjort påbodne av retningslinjer frå statlege folkehelsebyrå. Alternative, fungerande behandlingsmetodar blir straffa med tap av autorisasjonen. Påbodne legemiddel må takast, elles kan du gløyme å leve eit normalt liv. Eliten prøvde i 2021 å innføre vaksinepåbod og vaksinepass i delar av den vestlege verda. Det gjekk ikkje so bra.
Woke vil auke skattetrykket og inflasjonen so mykje at ingen vil få råd til å ta seg av seg sjølve eller familien sin – dette går hardt utover åleinemødrer og personar i lågtlønsyrke. Velferd skal bli overlaten til staten og deira sosiale tenester.
Woke frontar aggressivt vegetarianisme. Redd planeten ved å berre ete insekt og grønsaker. Eller kanskje til og med folk…
Woke skriv om historia og gjer heltar om til skurkar. Statuer av berømte oppdagarar blir rivne ned og vandaliserte fordi nokon meiner dei var rasistar og eigde slavar i si tid. Du skal respektere og dyrke ingenting anna enn woke.
Woke vil gje damer retten til å drepe barna sine på eit kva som helst slags stadium i graviditeten heilt opp til fødselen. Kanskje til og med etter fødselen. Etter 22 veker er eit foster levedyktig om det skulle bli fødd.
Woke lærer dagens ungdom gjennom sokalla kritisk raseteori at all framgang og motgang hjå menneske fyrst og fremst skuldast «hatet» som er i samfunnet mot rasen deira. Woke vil ha utfallslikskap for alle rasar, uavhengig av individuell innsats. Karaktersnittet skal til dømes vere lågare for ein farga person enn for ein kvit for å kome inn på universitet og høgskular. Farga personar skal favoriserast når det gjeld tilsetting i arbeid. Om farga personar føler seg krenkte, skal samfunnet dømme og demonisere fyrst og fremst dei kvite – uavhengig av om det har skjedd ei reell krenking eller ikkje. Om eit individ mislykkast eller lykkast i livet, kjem det frå eigen innsats, og det støttande rammeverket til ein velmeinande familie og eit velfungerande, godt samanknytt lokalsamfunn.
Woke meiner at slaveri er heilt i orden, so lenge det er Staten som er slavedrivaren. Vi burde alle ha som mål å bli slavar av Staten. Vi burde alle betale over 50% i skatt. Vi burde alle akseptere at Staten eig barna våre akkurat som slavehaldarane i gamle dagar eigde barna til slavane sine. Vi burde gje Staten løyve til å bestemme kva vi kan og ikkje kan kjøpe, kva vi kan og ikkje kan gjere, og kor vi kan og ikkje kan reise. Woke vil ikkje ha noko av at medlemmer av dei lågare klassane fartar rundt på kloden på pakkereiser og spyr ut CO2. Det er det berre herskarklassen som skal få lov til – i sine privatfly.
Woke sin globalistiske ideologi slår fast at vi alle skal eige absolutt ingenting, og dermed visstnok vere lykkelege. Men det er openbert ei løgn. Dersom vi eig ingenting, vil vi vere elendige og ulykkelege fram til rettferda blir gjenoppretta og vi får tilbake alt dei har stole frå oss. Dersom vi arbeider og får ingen frukter for strevet, er vi slavar som aldri slepper fri. Det er ein stor urett, og urett fører alltid til pine, liding og elende.