Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
Vi høyrer ofte gamlingane snakke om at der er for mykje vitskap og teknologi i liva våre. I ei verd som er kapra av profitthungrige matkapitalistar og agri-kolonistar som bruker vitskap som eit påskot, har misdådane blitt sanne. Kannibalisme har gjort eit sjokkerande comeback.
Her er ei djupt urovekkjande utvikling som kjem frå California, den glorifiserte amerikanske delstaten som gav deg dine favorittplattformer innan sosiale media. Eit selskap kalla Bite Labs tilbyr oss herleg salami laga fullt ut av kjøtet frå berømte menneske. Du las riktig. Det er ikkje ein spøk.
Kjøt laga av vevprøvar frå kjendisar som lever i beste velgåande blir tilbydd som «handlaga salami». Selskapet seier på nettsida si at du kan velje kva slags kjendis sitt kjøt du ønskjer å prøve, og dersom den berømte personen er viljug til å donere stamceller for dette føremålet, vil selskapet gå vidare med det og levere salami til deg laga av stamcellene deira.
Selskapet formidlar verken ein pris for produkta sine eller nemner dei berømte menneska som allereie har gått med på å donere stamceller til denne eksperimentelle salamien.
Men dei nemner på heimesida si rapparen Kanye West, skodespelar James Franco, Hunger Games-ikon Jennifer Lawrence og den populære talkshow-verten Ellen DeGeneres som fire kjendisar som brukarar kan merke på Twitter ved å spørje dei: «Vil du bli min salami?»
Sjølv om ingen av desse kjendisane driv med merkevarereklame, kan ein anta at selskapet kan ha kome fram til ein slags avtale for å kunne bruke namna deira for å fremje det kontroversielle produktet.
Matkapitalistar rundt om i verda som prøver å dytte folk over i den moralske tronga til å gå over til ekte kjøt til «plantebasert» eller falskt kjøt, har allereie tent utbreidd frykt. Profitørane i matindustrien går i mot den kritiske forteljinga gjennom den urgamle, prøvde og testa marknadsføringsteknikken. Ta til dømes selskapa som produserer plantebasert eller falskt kjøt. Dei gjer avtalar med populære ansikt innan sport og underhaldning som merkeambassadørar for å fremje falskt kjøt som berre kan bli laga på fabrikkar.
Men det som California-baserte Bite Labs tilry, har teke matkapitalisme til eit nytt lågmål – å gå frå noko alarmerande til noko perverst.
Selskapet forklarer prosessen bak korleis dei lagar «handlaga» kjendissalami. «Vi blandar kjendis- og dyrekjøt, dyrka hjå oss gjennom ein kultiveringsprosess, til salamiblandingar. Vi startar med myoblast-celler tekne via biopsi, og dyrkar vår sunne, mettande kjøttypar i Bite Lab sine eigne bioreaktorar,» seier dei på heimesida si.
Her er den vitskaplege prosessen bak korleis selskapet hevdar dei produserer salamien. Fyrst, når ein kjendis inngår avtale om det, blir myosatellitt-celler samla frå kroppen deira gjennom biopsi. Cellene blir plasserte i eit «vekstmedium», eit kunstig, blodliknande miljø, der dei formeirar seg raskt og veks om til musklar. Ein sukkerbase blir lagt til for å skape konsistensen og strukturen til ekte musklar, og den veksande substansen byrjar å utvikle naturtru vener, som vekstmediet byrjar å flyte gjennom som blod.
Det utvidande materialet blir deretter plassert inni selskapet sine bioreaktorar, som stimulerer dei nyleg dyrka «musklane» for å gjere dei sterkare. Når dei ser fullvaksne ut, blir muskelbitane kverna eller gjort til masse av ei maskin, og det blir deretter blanda med andre typar kjøt, krydder, feitt og olje for smaken sin del.
No kjem siste stadium. Kjøtet blir plassert i former og blir krydra. Det blir tørka, elda og behandla i eit lågtemperaturmiljø, og endeleg pakka inn for distribuering som «handlaga kjendissalami».
Måten selskapet marknadsfører produktet sitt på er like fråstøytande som den perverse vitskapen bak kjendissalamien.
«Du har aldri opplevd kjendisar som dette,» seier ei stor overskrift på deira offisielle heimeside. Ein annan seier: «Hjelp til med å få kjendisar innanbords». Kanskje den mest sjokkerande av alle marknadsføringstekstane er denne: «Gardar er skitne og dyra kan lett på infeksjon; Bite Labs er eit reint område der vi kan dyrke tryggare, sunnare produkt.»
Heilt sidan den Fyrste industrielle revolusjonen har konsernimperium ved gjentekne høve misbrukt vitskap og teknologi til å forvandle enkle, geniale og naturlege livsprosessar om til «fabrikkifiserte», penge-innhåvande industriar.
Å profittere frå boutique-kannibalisme er den nye fjøra i hatten deira.
Om kannibalisens inntog.
Det er ikke nødvendig å dyrke menneskekjøtt via stamseller fra berømtheter.
Med kunnskapene vi nå har om mass formation tatt i bruk for massevaksineringen mot Corona, kan vi nå få folk til å motta tilbud om aktiv dødshjelp i hopetall. Avlivning på frivillig basis vil være å foretrekke fremfor en smertefull og kaotisk død fra atomkrig eller andre globale kriser. Ikke noe problem å få tak i ferskt menneskekjøtt. Dette må til for å redde klimaet. Frøene til dette er er nå sådd.
Dette må til for å nå bærekraft målene.
LikarLikar
Spørsmålet er om det er trygt å ete kjøt frå fullvaksinerte pga. piggprotein og diverse ukjende virkestoff…
LikarLikar
For de vaksinerte spiller det ingen rolle om de får litt ekstra piggprotein via ernæringen.
Alt kan selges……
LikarLikar