10 lovande teikn på at den utspekulerte tankekontrollmatrisen som eliten har skapt er i ferd med å gå til grunne
Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Er vi vitne til byrjinga på ei form for masseoppvakning i den vestlege verda? I årevis har eg skrive om dei ekstremt komplekse systema som er designa for å forme og kontrollere kva vi tenkjer. I dag blir det store fleirtalet av «nyheitene» og «underhaldninga» som dei fleste av oss nyttar oss av, kontrollert av ein ørliten handfull av ekstremt mektige konsern. Og desse konserna blir naturlegvis til sjuande og sist kontrollert av verdas elite. I svært stor grad har eliten vore i stand til å bestemme kva vi skal fokusere på, kva vi meiner om notidas hendingar og kva vi føler om verda rundt oss. I so lang tid ville flesteparten av befolkninga ta kva enn slags forteljing som vart dytta på oss av våre konsernherrar for god fisk, og det har alltid frustrert meg enormt. Heldigvis er der indikasjonar på at dette held på å endre seg.
For at kvart eit samfunn skal fungere effektivt, må der finnast eit høgt nivå av tillit.
Uheldigvis for eliten, stoler vi rett og slett ikkje på dei lenger.
Tilliten til politikarane våre er lågare enn nokosinne.
Tilliten til media er lågare enn nokosinne.
Tillit til konserna våre er lågare enn nokosinne.
Tilliten til helsevesenet vårt er lågare enn nokosinne.
Tilliten til utdanningssystemet vårt er lågare enn nokosinne.
Tilliten til tech-industrien er lågare enn nokosinne.
Vi sluker ikkje lenger rått den skiten som dei driv og spar på oss. Og det er verkeleg, verkeleg bra.
Det er moralsk gale for dei å prøve å kontrollere kva vi tenkjer. Det er absolutt kritisk at vi alle lærer å tenkje sjølv, fordi det er den einaste måten vi nokosinne kan bli verkeleg fri på.
Eg har skrive om dette i år etter år, og eit tal nylege trendar har gjeve meg håpet om at folk byrjar å vakne opp på ein utbreidd basis. Følgjande er ti lovande teikn på at den utspekulerte tankekontrollmatrisen som eliten har skapt byrjar å gå til grunne:
- Ifølgje ei nyleg spørjeundersøking frå Gallup, har berre 16% av vaksne amerikanarar «svært stor» eller «ganske stor» tru på aviser, og berre 11% av vaksne amerikanarar har «svært stor» eller «ganske stor» tru på TV-nyheiter.
- Over heile Internett ser eg artikkel etter artikkel som snakkar ut mot World Economic Forum. Det er eit utruleg håpefullt teikn.
- I Nederland vil ein ny statleg plan «kutte gjødselbruk og redusere talet avlingar so drastisk at det vil tvinge mange gardar til å leggje ned.» Denne planen er svært vondskapsfull, men dei massive bondeprotestane som har blitt tende som eit resultat, er ein verkeleg vedunderleg ting.
- Etter å ha blitt arrestert, fortalde ein britisk mann dette: «Nokon har blitt påført angst basert på eit innlegg av deg på sosiale media. Og det er grunnen til at du blir arrestert.» Men den gode nyheita er at der har kome uhorvelege mengder motbør på sosiale media, og so langt har videoen av arrestasjonen hans allereie blitt sett meir enn to millionar gonger.
- I det fleire og fleire på vestkysten vaknar opp, blir utvandringa frå delstaten California meir og meir ei flykt.
- Trass all vinklinga frå Biden-administrasjonen, seier 66% av amerikanarane av dei trur at dei anten er i ein resesjon eller ein depresjon akkurat no.
- Joe Biden sin popularitet har falle til sitt lågaste nokosinne, 36%.
- Joe Biden sin økonomiske popularitet har falle til sitt lågaste nokosinne, 30%.
- Ei nyleg spørjeundersøking frå CNN avdekte at heile 75% av demokratar og demokrat-vurderande veljarar faktisk ønskjer at partiet skal nominere nokon andre enn Biden i 2024.
- Ifølgje ei nyleg spørjeundersøking frå Pew Research, er berre 24% av vaksne amerikanar fornøgde med den noverande tilstanden i landet.
Nesten alle kan sjå at samfunnet er på feil spor, og det er fyrste steg på veg mot å kome tilbake på riktig spor.
Etter som tida går, trur eg at fleire og fleire av oss vil vakne opp.
Og til slutt trur eg at den noverande «verdsordenen» som den vestlege eliten har prøvd so hardt å etablere, vil falle.
Den prosessen vil bli utruleg kaotisk, men sluttresultatet vil vere verdt det.
Før eg avsluttar denne artikkelen, er det ein ting vil eg ønskjer å nemne.
Ifølgje forskarar opplevde vi nyleg den kortaste dagen nokosinne:
«Den kortaste dagen i manns minne har blitt brote på Planeten Jorda. 29.juni 2022 fullførte planeten heile rotasjonen sin på berre 1,59 millisekund, eller litt meir enn eit tusendels sekund, mindre tid enn den vanlegvis bruker på ein 24-timars rotasjon.
Nyleg har Jorda byrja å bevege seg raskare. Sidan 1960-talet markerte 2020 den kortaste registrerte månaden for planeten. 19.juli det året, 1,47 millisekund kortare enn ein typisk 24-timars dag, registerte vitskapsfolk den kortaste dagen so langt.»
Blir dagane kortare?
Eg seier ofte til folk at det kjennest ut som om dagane går fortare enn nokosinne, men eg trudde det berre var noko eg innbilte meg.
Eg har blitt fortalt at etter kvart som vi blir eldre, kan det verke som om tida går fortare, og 2022 ser utan tvil ut til å vere det raskaste året til no.
Det er vanskeleg å tru at vi allereie er i byrjinga av august.
2023 vil kome før vi veit ordet av det, og eg trur at 2023 vil bli eit år som endrar alt.
Eg veit at der er mange dårlege ting som skjer akkurat no, og at mange av artiklane mine har ein tendens til å fokusere på dei dårlege tinga.
Men sanninga er at der skjer mange gode ting òg. Faktisk er det inga anna tid i menneskehistoria som eg heller ville ha levd i enn akkurat no.
Det er når tidene er som mørkast at alle dei største heltane trengst, og åra som kjem vil gje mange høve for deg til å bli den typen helt som du alltid var meint å bli.