Er LGBT-festival i San Francisco ei «superspreiar-hending for apekoppar»?

San Francisco annonserer stolt superspreiar-hending for apekoppar: «Up Your Alley»-festivalen som oppmuntrar til smuss og fleirfaldige partnerar

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Kommentar frå saksyndig: Synspunkta til artikkelforfattaren er ikkje nødvendigvis dei same som dei til saksyndig. Artikkelforfattaren sitt ord for apekoppar står difor i hermeteikn i omsetjinga, der dei ikkje gjer det i originalteksten. Kor sterke meiningane til forfattaren er, kjem det ikkje unna den dobbeltmoralen som finst når det gjeld apekoppar versus Covid-19. Kvifor er alle dei samfunnsøydeleggjande tiltaka fråverande no, når apekoppar vitterleg er langt farlegare enn lungeviruset SARS-CoV-2?

Trass ei innstendig bøn frå Verdas helseorganisasjon (WHO) til homofile og bifile om å stoppe sine seksuelle eskapadar for å avgrense spreiinga av apekoppar (òg kjent som «pride-koppar»), går San Francisco by likevel vidare med ei LGBT-superspreiar-hending ved namn «Up Your Alley» [«opp bakgata di», ein eufemisme for «opp i ræva di»; oms.an.].

Sexfestivalen, òg kjent som «Dore Alley», er eit skite lærfetisj-karnival som fremjar likekjønna møte og offentlege demonstrasjonar av «kink». Det er ei petriskål, med andre ord, for spreiinga av ikkje berre «pride-koppar», men eit vell av andre seksuelt overførbare sjukdommar som vi no veit blir framprovosert av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinar».

Det kan sjå ut som om «pride-koppar» er ein eksklusivt «homofil sjukdom» som kanskje blir aktivert av Fauci-influensasprøyter [Covid-19-vaksinar; oms.an.], og spreidde via homofile perversitetar – som gjer Up Your Alley til den verste tingen som kan skje når det gjeld innsatsen for å eliminere «pride-koppar» før dei har sjansen til å bli ein reell offentleg helsetrugsel (om ein går utifrå at dei i det heile teke eksisterer, og ikkje berre er ein «biverknad» frå covid-sprøyter under eit anna namn).

AIDS-stifting kjem med støtte til Up Your Alley, oppmodar homofile om å «vere merksame, men ikkje for redde» medan dei deltek i orgiar

Det blir sagt at av California sine 786 «bekrefta» tilfelle av «pride-koppar», eksisterer 257 av dei i San Francisco, som i alle år har vore ein LGBT-bastion. I alt er 91,7% av California sine «pride-koppar»-tilfelle blant «homofile, lesbiske eller dei som elskar same kjønn [som sitt eige]», medan ytterlegare 5,6% er «bifile».

So langt har ingen i den amerikanske maktstrukturen snakka ut mot pervers LGBT-aktivitet som den primære superspreiar-vektoren for «pride-koppar». Faktisk går makta ut av sitt gode skinn for å nekte for at LGBT-arar er ansvarlege for sjukdommen – som er milevis frå korleis dei behandla normale menneske under Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien.

«Vi har høyrt frå folk som er bekymra over om dei skal gå på arrangement utifrå frykta for å få apekoppar. Vi håper de tek del samstundes som de òg tek grep for å redusere risikoen dykkar,» annonserte AIDS-stiftinga, og la til den politisk korrekte åtvaringa at homofile burde «vere merksame» på «pride-koppar», men ikkje «altfor redde» for dei.

Gruppa seier at homofile berre burde «gå til sexfestar med folk de kjenner» – dette etter at heile landet, inkludert barn, vart bedne om å «maskere seg» og ta sprøyta for å stoppe spreiinga av sokalla «covid».

Om ein homofil skulle møte på nokon på festivalen med klumpar og utslett, er det best å dekkje over dei utsletta før ein deltek i ei natt med skjendige utskeiingar, la AIDS-stiftinga til.

Hugsar de når etablissementet hadde ein liknande dobbeltmoral tilbake i 2020 ved å erklære at kyrkjearrangement og skular var superspreiarar-hendingar, men ikkje Black Lives Matter-opptøyar?

Donald Trump sine rally vart òg erklærte som superspreiar-hendingar medan demonstrasjonar mot «politibrutalitet» på same tid vart erklærte som trygge uttrykk for «fridom», trass restriksjonane som vart brukte på alle andre.

«Apekoppar kan ikkje vere slikt eit stort problem som dei påstår, om dei synest det er greitt å late denne søppelfestivalen gå etter planen,» skreiv ein lesar i respons til nyheitene.

«Følg med: so snart som dette er over, vil dei kome tilbake og skrike om korleis apekoppar er ein ‘pandemi’. Alt er løgner.»

Natural News skreiv ein lesar at han so absolutt ikkje vil felle nokon tårer for dei pervoane som insisterer på å utslette seg sjølv. Derimot, kven kjem til å ta resten av samfunnet i forsvar, som kan bli styrta lukt tilbake i medisinsk tyranni i den augneblinken denne pride-sommaren er over?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s