Av Zoey Sky, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein nyleg artikkel i Icelandic Medical Journal åtvara folket om at mindre enn 10% av vaksine-biverknadene blir rapporterte. Det er faktisk langt mindre enn det, ifølgje ein omfattande forskingsstudie, som fann ut at mindre enn éin prosent av negative biverknader blir registrerte.
Den islandske nettavisa Frettin viste at Det islandske byrået for medisin har motteke 107 rapportar om biverknader på grunn av Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar hjå barn. Av desse rapporterte tilfella er 11 klassifiserte som alvorlege.
Ein alvorleg biverknad er definert som ein effekt av eit legemiddel som forårsakar død, ein livstrugande tilstand, sjukehusinnlegging, lengre sjukehusopphald, handicap eller fødselsskavankar. Rapportar som er vurderte som klinisk viktige blir klassifiserte som alvorlege.
Frettin invervjua ymse individ som har blitt alvorleg skadde etter Covid-19-vaksinasjon. I ingen av tilfella rapporterte legar eller helsestyresmakter hendingane. Derimot vart det i somme tilfelle rapportert om biverknader frå pasientane sjølve.
Dette får ein til å stille spørsmålsteikn ved det reelle talet barn som opplevde alvorlege negative biverknader frå Covid-19-vaksinane i Island.
Ifølgje den offisielle heimesida for Covid-19-informasjon i Island, vart 41 814 barn frå 5 til 17 år vaksinerte (68,55% av det totale talet barn i denne aldersgruppa) med 11 alvorlege biverknader rapporterte. Om ein reknar med at éin prosent av alvorlege biverknader blir rapporterte, tydar dette at der er 1100 alvorlege tilfelle, eller éin for kvart 38.barn. Om ein reknar med ein rapporteringsrate på 10%, er der 110 tilfelle, eller éin for kvart 380.barn.
Fire tilfelle av alvorlege biverknader har blitt rapporterte i aldersgruppa 12 til 15 år, medan sju slike tilfelle har blitt rapporterte i aldersgruppa 16 til 17. 5-11-årsgruppa har ingen rapporterte tilfelle av alvorlege biverknader.
Studiar viser at Covid-19 ikkje utgjer ein trugsel for barn
Interessant nok oppdaga ein islandsk studie ved namn «SARS-CoV-2-infeksjonar hjå islandske barn» at infeksjonar på skular var sjeldne; ingen barn vart sjukehusinnlagte med Covid-19, og ingen hadde alvorlege symptom. Studien vart publisert i Pediatric Infectious Disease Journal, og følgde utfalla til alle barn diagnostiserte med Covid-19 frå 28.februar 2020 til 31.august 2021.
Med andre ord utgjer ikkje Covid-19 ein trugsel for barn. Denne studien samsvarer med resultata til ein større svensk studie utført i 2020 på nesten to millionar barn.
Merkeleg nok bad to av forfattarane av den islandske studien om vaksinering av barn tidleg i 2022. Dette er ironisk med tanke på kva studien kom fram til.
Sidan rapportar om biverknader ikkje blir etterforska for å avgjere årsaksforhold, er det vanskeleg å bekrefte kor stor prosentdel av desse biverknadene som faktisk er forårsaka av vaksinane.
Derimot er rapporteringsraten framleis høg samanlikna med ein forventa rate av alvorlege biverknader frå influensavaksinar på ein til to per million. Sjølv om ein ikkje reknar med noka underrapportering, får ein framleis eit totaltal på alarmerande 268 per million.
Den tyske regjeringa innrømte faktisk nyleg at der er éin alvorleg biverknad per 5000 dosar med Covid-19-vaksinar.
Med tanke på at den tilviste studien viser at alvorlege komplikasjonar frå Covid-19 hjå barn nesten er ikkje-eksisterande, reiser dette alvorleg tvil om det stadige presset for å vaksinere barn.