Av Amy Mek, RAIR Foundation, 2.august 2022. Omsett av saksyndig.
Etter at Italias statsminister Mario Draghi vart fjerna frå embetet, har den globalist-leia regjeringa sine diskriminerande Covid-tiltak som vart påført helsepersonell no blitt avskaffa. Den italienske regjeringa sitt medisinske byrå, Den nasjonale føderasjonen for kirurgar og tannlegar (FNOMCeO), har annonsert at alle legar og helsepersonell som vart suspenderte for å ikkje ta Covid-«vaksinar», no kan kome tilbake på jobb.
Føderasjonen si gedigne heilomvending kjem utan ei orsaking eller ei anerkjenning av smerta, trakasseringa, skremselen, tvangen og dei finansielle vanskane dei påførte helsepersonell. Framtil nyleg har dei statlege medisinske foreiningane vore i fortroppen når det gjeld press for obligatoriske «vaksinar», og dei kravde at legar og helsepersonell tok sprøyta. Derimot har dei no snudd tvert om utan å ta noko som helst personleg ansvar for sine farlege og urettvise mandat. Uvaksinert helsepersonell skal no liksom leggje fortida bak seg og kome tilbake på jobb.
Istaden for at FNOMCeO bad om orsaking til helsepersonell for smerta og lidinga, tok dei ein typisk venstreorientert taktikk og hevda at dei sjølve var offera. Føderasjonen sin president, Filippo Anelli, slo til mot «anti-vaxxer»-rørsla:
«Eg vil sterkt og bestemt fordømme fordømme alle valdshandlingane, skremselen, namnekallinga og vandalismen mot den Medisinske foreininga og deira eigne leiarar.
Fleire leiarar har fått personlege trugslar, inkludert dødstrugslar frå folk som vil bli tiltalte etter lovas paragraf.
Kollegaene mine har sympatien og støtta til Føderasjonen.»
Sjå òg dette italienske nyheitsinnslaget som RAIR Foundation USA har omsett.
På byrjinga av 2022 vart rundt 1900 italienske legar og tannlegar suspenderte frå landet si profesjonelle foreining fordi dei ikkje følgde ei lov som kravde at dei var «fullvaksinerte» mot Covid, inkludert ein oppfriskningsdose.
Italia krev at alt helsepersonell, lærarar, politi, medlemmar av væpna styrkar og dei som gjev tenester til sjukeheimsbebuarar har teke dei kontroversielle injeksjonane. I tillegg må helsearbeidarar ta oppfriskningsdosen for å ha retta seg fullstendig etter kravet, ifølgje ei lov som vart utstada av den italienske regjeringa i desember 2021.