Dei tre i-ane i ei politistatsutdanning: Indoktrinering, intimidering og intoleranse

Av John & Nisha Whitehead. Henta frå The Rutherford Institute. Omsett av saksyndig.

«Kvar dag i samfunn rundt om i USA bruker barn og unge vaksne størstedelen av si vakne tid på skular som i aukande grad har byrja å likne meir på oppbevaringsstader enn lærestader.» – Gravejournalist Annette Fuentes.

Dette er kva det vil seie å gå tilbake på skulen i USA i dag.

I staden for å gjere skulane tryggare, gjer statlege tilsette dei meir autoritære.

I staden for å oppdra ein generasjon av samfunnskyndige borgarar med evna til å tenkje kritisk, kvernar statlege tilsette ut lydige dronar som veit lite eller ingenting om si eiga historie eller sine eigne fridommar.

Og i staden for å bli lært dei tre viktige punkta i utdanning (lesing, skriving og aritmetikk) [«dei tre r-ane reading, writing and arithmetic i orginalartikkelen; oms.an.], blir unge menneske drilla i livets tre i-ar i den amerikanske politistaten: indoktrinering, intimidering og intoleranse.

Frå augneblinken eit barn byrjar på ein av nasjonen sine 98 000 offentlege skular til augneblinken han eller ho går ut, vil dei bli eksponerte for ein jamn diett av:

  • Drakonisk nulltoleransepolitikk som kriminaliserer barns åtferd
  • Overstyrande anti-mobbestatuttar som kriminaliserer tale
  • Skuleressursoffiserar (politi) med oppgåve å disiplinere og/eller arrestere sokalla «uregjerlege» elevar
  • Standardiserte prøvar som legg vekt på fastsette svar i staden for kritisk tenking
  • Politisk korrekte tankesett som lærer unge menneske å sensurere seg sjølve og dei rundt seg
  • Og omfattande biometri- og overvakingssystem som, kombinert med resten, tilpassar unge menneske til ei verd der dei har ingen fridom når det gjeld tanke, tale eller rørsle

Svinebundne til staten si profittdrivne kampanje for å halde nasjonen «trygg» frå narkotika, sjukdom og våpen, har skulane forvandla seg sjølv til kvasi-fengsel, komplett med overvakingskamera, metalldetektorar, politipatruljar, nulltoleransepolitikk, nedstengingar, dopsniffande hundar, kroppsransaking og aktive skytarøvingar.

Unge menneske i USA er no dei fyrste som blir ransaka, overvaka, spionerte på, truga, bundne, stengde ned, behandla som kriminelle for ikkje-kriminell åtferd, brukt straumvåpen på, og i somme tilfelle skotne.

Elevar blir ikkje verre straffa for mindre regelbrot slik som å leike politi og røvar på leikeplassen, ta med seg Lego-klossar på skulen, eller ha ein matkrig, men straffene har blitt langt meir alvorlege; dei har flytta seg frå å sitje igjen etter skulen, besøk på rektors kontor, til melding med heim for regelbrot, ungdomsrett, handjarn, straumvåpen og til og med fengselsdom.

Elevar har blitt utvist under skulars nulltoleransepolitikk for å ta med seg på skulen «ting som ser ut som narkotika», slik som oregano, halspastillar, P-piller og sukkerpulver.

Liksom-våpen (leikepistolar – sjølv dei på storleik med Lego, teikningar av pistolar, blyantar forma på ein «trugande måte», innbilte piler og bogar, fingrar posisjonerte som eit skytevåpen), kan òg få ein elev i trøbbel, og i somme tilfelle få dei utvist frå skulen eller tiltalt for eit brotsverk.

Sjølv ikkje gode handlingar forblir ustraffa.

Ein 13-åring måtte sitje igjen for å eksponere skulen for «strafferettsleg ansvar» [engelsk liability] ved å dele lunsjen sin med ein svolten venn. Ein tredjeklassing vart utvist for å barbere hovudet sitt i sympati med ei venninne som hadde mist håret sitt på grunn av cellegiftbehandling. Og so der det ungdomsskuleeleven som vart utvist for å seie «bless you» etter at ein klassekamerat naus.

Å ha politi på skulane gjer berre ting farlegare.

Takka vere ein kombinasjon av media-hype, ønsket om å tekkjast politikarar og finansielle insentiv, har bruken av væpna politi (òg kjent som skuleressursoffiserar) for å patruljere skulekorridorane auka dramatisk i åra sidan massakren på Columbine.

Sanneleg har den auka tilstadeveringa av politi rundt om på landets skular resultert i meir politi-«involvering i rutinemessige disiplinærsaker som rektorar og foreldre brukte å handtere utan bruk av lovas handhevande makt.»

Desse skuleressursoffiserane, som er finansiert av det amerikanske justisdepartementet, har blitt de facto fengselsvakter på grunnskular og ungdomsskular, der dei deler ut sitt eige merke av rettferd til dei sokalla «kriminelle» blant seg ved hjelp av straumvåpen, peparspray, batongar og rein makt.

I fråvær av retningslinjer som passar for skular, grip politiet meir og meir inn i tilfelle av mindre regelbrot: å «sagge» med buksene, respektlause kommentarar, kort fysisk handgemeng. Det som tidlegare kunne ha resultert i å sitje igjen eller å bli sendt til rektors kontor, vart erstatta med uuthaldeleg smerte og mellombels blindheit, ofte følgt av ein tur til tinghuset.

Sjølv ikkje dei yngre grunnskulebarna blir sparte for desse «herdande» taktikkane.

På ein kva som helst slags dag blir barn som «agerer» i timen lagde i bakken med ansiktet mot golvet, stengde inne i mørke skap, bundne med strips, tau og teip, lagde i handjarn, lenka på føtene, gjevne sjokk med straumpistol eller på andre måtar bundne, immobiliserte eller plasserte i einerom for å få dei under «kontroll».

I nesten kvart einaste tilfelle blir desse unekteleg strenge metodane brukt for å straffe barn – nokre so unge som fire og fem år – for å rett og slett mislykkast i å følgje pålegg, eller for å ha raserianfall.

Svært sjeldan utgjer desse barna ein truverdig fare for seg sjølv eller andre.

Utruleg nok er alle desse taktikkane lovlege, i det minste når dei blir utførde av skuletilsette eller skuleressursoffiserar på landets mange skular.

Dette er kva som skjer når ein innfører politi og polititaktikkar på skulane.

Paradoksalt nok, på det tidspunktet ein legg til nedstengingar og aktive skytarøvingar, lykkast skuletilsette ikkje å gjere skulane tryggare, men i å skape eit miljø der barn er so traumatiserte at dei lid av post-traumatisk stressliding, mareritt, angst, mistillit til vaksne i autoritetsroller, so vel som kjensler av sinne, depresjon, audmjuking, fortviling og vrangførestillingar.

Til dømes stengde ein mellomskule i delstaten Washington ned etter at ein elev tok med seg ein leikepistol til klasserommet. Ein ungdomsskule i Boston stengde ned i fire timar etter at ei kule vart oppdaga i eit klasserom. Ein grunnskule i delstaten Nord-Carolina vart stengd ned, og politiet vart tilkalla etter at ein femteklassing påstod å ha sett ein ukjent mann på skulen (det viste seg å vere ein av foreldra til nokon).

Politibetjentar på ein mellomskule i Florida utførde ei aktiv skytarøving for å undervise elevar i korleis ein responderte i ei reell skytarkrise. To væpna betjentar med ladde og trekte skytevåpen brasa inn i klasseromma, terroriserte elevane og sette skulen i nedstengingsmodus.

Desse politistatstaktikkane har ikkje gjort skulane noko tryggare.

Utfallet har blitt det ein kunne forvente, der nasjonens unge menneske blir behandla som herda kriminelle: lagde i handjarn, arresterte, pinte med straumvåpen, brotne i bakken og lært den smertefulle leksa at Grunnlova (spesielt Fourth Amendment [som forbyr urimeleg ransaking og pågriping; oms.komm.]) ikkje speler særleg stor rolle i den amerikanske politistaten.

So kva er svaret, ikkje berre for her og no – barna som veks opp i desse kvasi-fengsla – men for framtida til dette landet?

Korleis overtydar du eit barn som jamleg har blitt lagt i jarn, lenkt fast, bunden, stengt inne og immobilisert av statlege tenestemenn – alt dette før han har blitt vaksen – at han har nokon rettar i det heile, langt mindre retten til å utfordre feilbehandling, motstå undertrykking og forsvare seg sjølv mot urett?

Mest av alt, korleis overtalar du ein amerikanar om at staten arbeider for han når han, mest heile sitt unge liv, har blitt sperra inne på ein institusjon som lærer unge menneske å vere lydige og føyelege borgarar som ikkje svarer tilbake, ikkje stiller spørsmål og som ikkje utfordrar autoritetar?

Som vi har sett med andre problem, må kvar ei betydeleg reform starte lokalt og bevege seg oppover.

Til å byrje med, må foreldre snakke ut, gjere seg synlege og krevje at skuletilsette 1) innfører ein politikk med positiv forsterking når dei handterer åtferdsutfordringar, 2) minimere tilstadeveringa på skulane av politibetjentar og slutte med å involvere dei i elevdisiplinering; og 3) insistere at alle åtferdsproblem blir adresserte fyrst og fremst av barnets foreldre, før nokon andre disiplinære taktikkar blir forsøkte.

Som eg gjorde klart i boka mi Battlefield America: The War on the American People og i hennar fiktive motstykke The Erik Blair Diaries, dersom vi ønskjer å fostre ein generasjon av fridomskjemparar som faktisk vil operere med justis, rettferd, ansvarleggjering og likskap mot kvarandre og staten deira, må vi byrje med å styre skulane som fridomsforum.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s