Den svenske innvandringsministeren ønskjer å begrense ikkje-nordisk befolkningsandel i problemområde

Av Paul Joseph Watson, Summit.news. Omsett av saksyndig.

Den svenske innvandringsministeren Anders Ygeman har kome med forslag om at Sverige burde følgje Danmarks eksempel i å prøve å setje ei grense på kor stor andel ikkje-nordiske innvandrarar som kan bu i problemområde.

I eit intervju med avisa Dagens Nyheter (DN), erkjente Ygeman at gettoar der innvandrarar har gått saman med tilsynelatande lita lyst til å integrerast, har skapt enorme problem.

Løysinga hans er å implementere ein liknande politikk som Danmark har, der dei har starta å rive ned delar av innvandrargettoar og flytte folk andre stader i eit forsøk på å gjere slutt på «parallellsamfunn» som avlar kriminalitet og sosial utglidning.

Under den nye føreslegne politikken, må minst 50% av innbyggjarane i kvart eit område vere svenske, eller frå Danmark, Island, Finland eller Noreg.

«Eg trur ikkje det er bra å ha område der fleirtalet er av ikkje-nordisk avstamning,» fortalde Ygeman DN.

«Dersom du ønskjer å lære svensk, må du øve. Dersom du bur i eit område der du kan klare deg med språket frå heimlandet ditt, blir det enormt vanskelegare å lære seg og utvikle språket,» la han til.

«Dersom du i tillegg har ein jobb der du kan klare deg med språket frå heimlandet ditt, kor kan du øve deg i svensk? I den konteksten trur eg at det å ha eit slikt mål kan seie noko viktig,» forklarte Ygeman.

Regjeringa i Danmark innfører i desse daga rein politikk som krev at område har ei befolkning der ikkje meir enn 30% kan vere av ikkje-vestleg opphav.

Sverige er berykta for massive integreringsproblem på grunn av det høge talet innvandrarar dei har sleppt inn i landet dei siste tre tiåra.

Som vi tidlegare rapporterte, gjekk Sverige frå å vere eit av dei tryggaste landa i Europa for tjue år sidan, til å – på grunn av ukontrollert masseinnvandring – bli det nest-farlegaste landet når det gjeld kriminalitet med skytevåpen. Berre Kroatia er verre.

I fjor hadde tyske Bild overskrifta: «Sverige er det farlegaste landet i Europa».

Skyteepisodar i Sverige nådde ny rekord i fjor, ettersom styresmaktene i stadig mindre grad er i stand til å handtere gjengkriminalitet blant innvandrarar. Der var 46 drap utført i 335 skyteepisodar, der dei fleste fann stad i innvandrartette strøk i Malmö, Göteborg og Stockholm.

Sjå òg videoen som følgjer med originalartikkelen her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s