Tyskland: Covid-restriksjonar er i vente til hausten

Henta frå RT.com. Omsett av saksyndig.

Munnbindpåbod vil halde fram i nokre situasjonar, men delstatar vil ha høvet til å innføre strengare restriksjonar.

Den tyske regjeringa har lagt fram sine Covid-19-restriksjonar for komande haust og vinter, inkludert munnbindpåbod på sjukehus og andre offentlege rom, medan dei gjev autorisasjon til lokale tenestefolk å ta sterkare grep.

Det var helse- og justisministeria som på onsdag [3.august 2022; oms.an.] la fram utkastet, som påbyr munnbind i helseomsorgssituasjonar slik som sjukehus og sjukeheimar, og for dei som tek langdistansereiser med buss eller tog. Med unntak for vaksinerte, må besøkande på sjukehus og liknande fasilitetar vise fram ein negativ koronavirustest for å få kome inn.

Andre restriksjonar vil vere avhengige av alvorlegheitsgrada til lokale utbrot, der Tyskland sine 16 delstatar vil vere autoriserte til å innføre ei rekkje «meir omfattande» retningslinjer. Desse inkluderer munnbindreglar på offentleg transport, innandørsarrangement og på skular for elevar frå femte klasse og oppover, so vel som obligatorisk testing på enkelte offentlege stader.

Dersom offentleg tilsette vurderer pandemien til å utgjere ein «konkret fare til funksjonaliteten til helsesystemet», kan dei innføre endå strengare tiltak, slik som utandørs munnbindpåbod og krav og sosial avstand, kapasitetsgrenser for innandørsområde og strengare reingjeringsreglar for forretningar.

«Dersom talet tilfelle aukar markant – kan munnbind [òg bli handheva] utandørs der ein ikkje kan halde tiltrekkjeleg avstand, og øvre [besøks-]grenser innandørs,» sa helseminister Karl Lauterbach medan han formidla dei nye reglane.

Medan utkastet framleis må bli godkjent av parlamentet, er det forventa å få gjennomslag. Planen vil vere i kraft frå 1.oktober til og med 7.april 2023, der dei noverande reglane etter planen skal gå ut i september.

Retningslinjene for hausten og vinteren opprettheld mykje av Tyskland sin eksisterande Covid-infrastruktur, og regjeringa har lagt vekt på at dei ønskjer å unngå ei tilbakevending til nedstengingar og stenging, spesielt av skular.

«Barn har rett til utdanning og ein skuledag som er so bekymringsfri som mogleg. Skulestengingar må ein difor ikkje tillate,» sa justisminister Marco Buschmann, og insisterte at det «berre burde vere restriksjonar på fridom dersom dei er naudsynte,» og at den nye planen «avviser nedstengingar og portforbod».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s