Den norske staten deler ut gratis sexhjelpemiddel til dei med nedsett seksuell funksjonsevne: «Retten til seksuell nytelse blir mer og mer akseptert», seier sexolog

Den skattepengefinansierte propagandaformidlaren NRK publiserte 21.september 2022 ein artikkel om sokalla «seksualtekniske hjelpemiddel» som Staten via NAV deler ut til dei med nedsett funksjonsevne. Desse hjelpemiddela omfattar blant anna vibratorar og penispumper, og meir spesifikt spesialvibratorar til over ti tusen kroner, som er «utformet for å hjelpe menn med ryggmargsskade å oppnå utløsning». Tilbodet har eksistert sidan 2015.

Bergensfirmaet Quintet er eit av firmaa som har fått i oppgåve å sende ut sex-hjelpemiddel. Dei reknar med å sende ut rundt 4000 slike hjelpemiddel no i 2022, dette gjennom ei rammeavtale med NAV. Via denne avtalen kan legar over heile landet «bestille sexhjelpemidler, dersom sykdom eller […] skade gir pasienten et redusert seksualfunksjon [sic].» I 2020 fekk rundt 3000 personar utdelt seksualtekniske hjelpemiddel, dette ifølgje seksjonssjef i Arbeids- og velferdsdirektoratet, Tormod Moland.

Kriteria for å få utdelt gratis sexhjelpemiddel er følgjande:

  • Den seksuelle funksjonsevna må vere varig og vesentleg nedsett (må ha vart i minst to år)
  • Ein må ha vurdering frå lege som seier at vidare medisinsk behandling ikkje vil gjere funksjonsevna betre
  • Hjelpemiddelet må vere vurdert av lege som «nødvendig og hensiktsmessig»

Lege og sexolog Esben Esther Pirelli Benestad er strålande fornøgd med dette. NRK siterer han på å seie: «Retten til seksuell nytelse blir mer og mer akseptert, både i Norge og internasjonalt. Jeg blir veldig glad for at denne relativt nye ordningen finnes og blir tatt i bruk […].»

Benestad samanliknar sex-hjelpemidla med å tildele nokon med dårleg balanse ein stokk. Han samanliknar altso statssponsa «runkeverktøy» med naudsynte hjelpemiddel for rørslehemma.

Rammeavtalen kom på plass i 2015. Då vart tre millionar kroner brukt på tildeling av seksualtekniske hjelpemiddel. I 2020 var talet ti millionar, altso meir enn ei tredobling. Allereie i 2018 var talet kroner meir enn dobla (6,1 millionar).

Vi ser her kva som blir prioritert i våre usikre tider. Og «gratis» tydar naturlegvis at nokon andre betaler – det blir som vanleg oss, via skattepengane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s