Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Har de lagt merke til at folk ser ut til å tørne fullstendig rundt oss? Naturlegvis har der alltid vore nokre få menneske med mentale problem i samfunnet vårt, men no for tida ser det heile ut som om ei form for kollektiv galskap har råka heile nasjonen vår. Eg var nysgjerrig, so eg bestemte meg for å slå opp ordbokdefinisjonen på «galskap». Ifølgje Merriam-Webster, er toppdefinisjonen «ein tilstand av alvorleg rot i sinnet som vanlegvis opptrer som ei spesifikk liding». Då eg las dtet, trudde eg at «ein tilstand av alvorleg rot i sinnet» høyrdest nokso rett ut. Frå Det kvite hus og heile vegen ned på golvet, er vi vitne til ting som vi aldri har sett før. Store tal menneske i samfunnet vårt ser ikkje ut til å kunne tenkje klart, og det er eit stort problem.
Ein av dei største grunnane til at mange av oss ikkje ser ut til å kunne tenkje klart, er fordi vi går på so mange piller.
Og ein av dei største grunnane til at vi går på so mange piller, er fordi vi er so djupt deprimerte.
Ifølgje ein studie som vart utført av forskarar i New York, er ein alarmerande høg del av våre unge viljuge til å innrømme at dei «har hatt ein depresjon» i løpet av dei siste 12 månadene:
«Studieforfattarane seier at i 2020 rapporterte nesten éin av ti amerikanarar at dei hadde hatt ein depresjon i løpet av dei siste 12 månadene. Nesten éin av fem ungdommar eller unge vaksne rapporterte det same.»
Men dette er faktisk gamle tal.
Det viser seg at pandemien gjorde depresjonsepidemien vår ein heil del verre.
Faktisk seier CDC at nesten ein fjerdel av alle amerikanske unge vaksne «fekk psykisk helsehjelp det siste året»:
«Nesten ein fjerdedel av alle unge vaksne fekk psykisk helsehjelp-behandling det siste året, ifølgje nyleg offentleggjorde data frå Centers for Disease Control and Prevention (CDC).
Talet vaksne i aldersgruppa 18 til 44 som fekk psykisk helsehjelp i løpet av dei siste 12 månadene såg den største auken frå 2019, der det auka frå 18,5% til 23,2%. Prosentdelen av alle vaksne som fekk psykisk helsehjelp-behandling auka òg frå 19,2% i 2019 til 21,6% i 2021.»
Det er oppsiktsvekkjande.
Desse tala er ikkje berre unge menneske som seier at dei er deprimerte, eller at dei slit med psykiske helseutfordringar.
For å kvalifisere må du faktisk ha måtte ta imot psykisk helsehjelp-behandling i løpet av det siste året.
Dei frå 18 til 44 skal seiast å vere i sin beste alder.
So kva seier desse tala om samfunnet vårt?
Naturlegvis, når folk søkjer hjelp for psykiske problem, blir dei ofte ordinert stemningsstabiliserande piller, og ein studie avdekte at nesten 65 millionar amerikanarar tek psykofarmaka akkurat no:
«Ein ny studie som bruker data frå Centers for Disease Control and Prevention, viser at reseptar for psykofarmaka steig 6,5% på landsbasis i løpet av dei siste åtte månadene.
Ifølgje studien frå QuoteWizard, tek nesten 65 millionar amerikanarar – éin av fem – for tida reseptbelagte legemiddel mot psykiske lidingar.
Studien viser òg at 18 delstatar såg ein 10% til 20% auke i menneske på reseptbelagte psykofarmaka under pandemien.»
Berre tenk på det.
65 millionar amerikanarar bøttar nedpå med stemningsstabiliserande piller dagleg.
Dette er ei hårreisande nasjonal krise, men særs få snakkar om den.
Det er unaudsynt å seie at det å ha fleire titals millionar amerikanarar på slike medisinar samstundes, er ei oppskrift på katastrofe.
Overalt rundt oss oppfører folk seg svært irrasjonelt, og det omfattar til og med tilårskomne borgarar.
I eit slikt miljø bør de vere varsame med kva de seier offentleg, fordi de veit aldri når nokon kjem til å bli ekstremt valdelege.
Til dømes køyrde ein mann i Nord-Dakota over ein 18 år gammal unge fordi han trudde guten var ein farleg «republikansk ekstremist» som «var ute etter han»:
«Eit lokalsamfunn er i sorg etter døden til ein 18 år gammal mann frå Grace City, Nord-Dakota, medan etterforskarar ser på kva som førde til eit dødeleg krasj. Betjentar i Foster County vart tilkalla til ein påkøyrsel som skjedde i ei sidegate nær Johnston Street og Jones Avenue i McHenry, Nord-Dakota.
Rettsdokument seier at 2:35 sundag morgon ringde 41 år gamle Shannon Brandt naudnummeret for å rapportere at han hadde treft ein fotgjengar [med bilen] fordi han truga han. Brandt fortalde at fotgjengaren var del av ei republikansk ekstremistgruppe og at han var redd for at dei ‘kom for å ta han’. Fotgjengaren har via ei GoFundMe-side blitt identifisert som 18 år gamle Cayler Ellingson.»
Dersom du ser på eit bilete av fyren som køyrde over ungen, ser han ut som han akkurat har rømt frå galehuset.
Men han er langt frå åleine. Ifølgje ei splitter ny spørjeundersøking, trur heile 73% av alle demokratar faktisk at «der er fleire titals millionar farlege MAGA-republikanarar som tek til vald og som prøver å fjerne Grunnlova»:
«Denne veka avdekte ei spørjeundersøking frå Harvard CAPS-Harris at den umenneskeleggjerande kampanjen lansert av Biden og konsernmedia har resultert i at 73% av Demokratane lever med det forrykte tankegodset at ‘der er fleire titals millionar farlege MAGA-republikanarar som tyr til vald og som prøver å fjerne Grunnlova’.»
De kan takke Joe Biden for det.
Naturlegvis er der mange verkeleg sprø menneske over heile det politiske spekteret i desse dagar. Eg har personleg snakka med tallause personar som har fullstendig kappa ankerfestet til det verkelege liv, og det er ekstremt skremmande.
Korleis kan du appellere til noko ved å bruke logikk og fornuft dersom dei rett og slett ikkje kan tenkje rasjonelt lenger?
Dersom vi i det minste kunne få alle fekk frå dei stemningsstabiliserande pillene, ville det hjelpe stort.
Men det kjem aldri til å skje.
Faktisk held talet på folk på stemningsstabiliserande medisinar berre fram med å stige år etter år.
Det er eit multimilliardar-dollarsføretak, og målet er å halde folk på desse legemiddela so lenge som mogleg.
På dette punktet ser til og med ikkje vår toppolitiske leiing i Washington ut til å tenkje klart, og det inkluderer karen som for tida residerer i Det kvite hus.
Kvar store avgjerd som dei tek ser ut til å gjere problema våre endå verre, og dersom vi held oss på den stien vi no er, ser framtida vår særs dyster ut.
Trist nok er der fleire titals millionar amerikanarar som ikkje ein gong kan tenkje rasjonelt over kva som skjer i Washington akkurat no, fordi dei har blitt dopa ned og mist vit og forstand.
Dei store farmasiselskapa ser ut til å ha ein pille for alt som er ille, men sanninga er at desse pillene øydelegg oss.
Og for kvart år som går blir psykisk helsekrisa berre verre.
Vi treng desperat hjelp, men på dette punktet er der ikkje mykje håp på horisonten.