WHO-generaldirektør smyg seg vekk i panikk når han blir stilt ekte spørsmål om covid-nedstengingar

Globalistbyråkrat viser seg ute av stand til å stå overfor vanskelege spørsmål om global nedstengingspolitikk som organisasjonen hans dreiv og implementerte i fleire år.

Av Jamie White, Infowars. Omsett av saksyndig.

Generaldirektør i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, fekk panikk då han vart konfrontert av ein journalist om dei øydeleggjande konsekvensane av den globale nedstengingspolitikken som organisasjonen hans tilrådde i to år.

Ghebreyesus verka fyrst vennleg etter at Rebel News-reporter Tamara Ugolini gjekk bort til han under WHO-toppmøtet 2022 i Berlin for å stille rimelege spørsmål om WHO sin politikk når det gjeld nedstengingar.

Men alt dette endra seg so fort Ugolini spurde han: «Dersom du kunne utføre nedstengingar igjen, ville du ha gjort det?»

Ein maskert Ghebreyesus berre såg på ho med eit tomt blikk medan ein medlem i staben plasserte seg sjølv mellom dei to for å avbryte utspørjinga medan han [Ghebreyesus] heldt fram med å gå.

WHO-hendinga, som går frå 16. til 18.oktober, vil bli besøkt av den tyske føderale kanslaren Olaf Scholz, den franske presidenten Emmanuel Marcon, presidenten i Senegal Macky Sall, og andre høgståande dignitærar.

Frå nettsida til WHO:

«For fyrste gong er WHO ein med-organisator av toppmøtet, som vil få besøk av meir enn 300 talarar frå alle regionar i verda. Meir enn 40 WHO-ekspertar vil vere blant talarane, og dele sin kunnskap, sine synspunkt og visjonar under nøkkelsesjonar, paneldebattar, stands, idémyldring om innsyn i global helse og side-hendingar.

WHS 2022 har som mål å styrke utveksling, stimulere innovative løysingar på helseutfordringar, posisjonere global helse som eit politisk nøkkeltema og fremje ein globalhelse-samtale i ånda til FN sine berekraftsmål.»

Dette kjem nokre dagar etter at WHO fekk offentleg motbør rundt sin sokalla Pandemi-traktat, som vil frårøve suvereniteten frå nasjonar rundt om i verda under påskotet av å etablere eit internasjonalt rammeverk for å handtere framtidige pandemiar.

Mange datapunkt rundt om i verda avslørte at nedstengingar hadde øydeleggjande økonomiske, kulturelle og helsemessige konsekvensar på verda, inkludert massive lærevanskar blant barn og rekordhøg inflasjon som resultatet av overdriven pengetrykkingspolitikk.

Sjølv om WHO-nettsida hevdar å ønskje pressa velkommen for spørsmål, hevda Ugolini at organisasjonen avviste Rebel News sin førespurnad om pressekort.

Rebel News vil dekkje den to dagar lange globalisthendinga.

Kommenter innlegget