Av Rhoda Wilson, The Exposé. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Dr. Vernon Coleman vart med UK Column for å kome med ein analyse av medisinsk korrupsjon og galskap. Støtta av årevis med erfaring som lege, kringkastar, journalist og bestseljande forfattar, utførde dr. Coleman ei klinisk analyse og ein dekonstruksjon av den vondsinna helseagendaen som har blitt innført i Storbritannia og resten av verda.
Høgdepunkt frå diskusjonen er at den farmasøytiske industrien blir brukt av styresmaktene våre som eit krigsvåpen mot befolkninga. Mann eller kvinne, unge eller eldre, er vi alle i skotlinja deira, og dersom vi verdset liva våre, oppmodar dr. Coleman oss alle til å reise oss og kjempe.
«Alt har blitt gjort med vilje,» sa dr. Coleman til Brian Gerrish i UK Column. «Ingenting har skjedd utilsikta.» Dr. Coleman har forska og skrive om medisin og legemiddel i meir enn 50 år. «Det som har skjedd sidan tidleg 2020, manglar historisk sidestykke,» sa han.
«Skremselen om den falske pandemien starta i 2020, og eg hugsar at eg skreiv… at i den normale seksmånadersperioden kan talet døde av influensaen – den gode, gamle, ikkje-marknadsførte, ikkje-promoterte influensaen – vere, ifølgje World Health Organization, 650 000 på seks månader. Det er ikkje ekspesjonelt, det er det World Health Organization seier. Og likevel, i månadsskiftet februar/mars, dreiv dei og produserte bisarre tal som var temmeleg av ei anna verd. Og det var særs tydeleg at pandemien som dei snakka om [var] imaginær… Der var evidens frå byrjinga av at dei visste at det var ein falsk pandemi.»
I mars 2020 vart den britiske regjeringa sin Advisory Committee on Dangerous Pathogens (ACDP» bedne om å vurdere alvorsgrada til koronavirus-trugselen. ACDP konkluderte at den kunne nedgraderast til sesonginfluensa-nivå.
To dagar etter at koronaviruset (Covid-19) vart nedgradert til sesonginfluensa, innførde den britiske regjeringa unntakslover for å «takle spreiinga av koronavirus.»
So kvifor ville dei skape ein falsk pandemi? Dr. Coleman sine tankar i februar/mars 2020 var at der var tre ting dei ville prøve å gjere:
- Ta livet av so mange eldre som mogleg.
- Bli kvitt kontantar.
- Innføre obligatoriske vaksinasjonar «fordi dei har prøvd å gjere dette i årevis».
Dr. Coleman diskuterte kort det sosiale kredittsystemet som gradvis blir innført i Storbritannia utan at folk oppdagar at det skjer. Til slutt kjem vi ikkje til å kunne eige nokon ting, og staten kjem til å kontrollere kvart eit aspekt i livet vårt.
For å vende tilbake til måla til den falske pandemien:
«Drapet på dei eldre starta for fleire år sidan med den mordariske Liverpool Care Pathway. Og då gjorde FN det lettare for regjeringar å ta livet av borgarar over 70 år. So byrja HLR minus-ordrar å blomstre [at det ikkje blir utført hjarte-/lungeredning eller andre gjenopplivingstiltak av di ein vurderer sjansen for vellykka gjenoppliving som minimal; oms.komm.]. So slakta regjeringane eldre i tusental med midazolam-morda. I dagens Storbritannia har legar lov til å drepe alle som ikkje kan ta vare på seg sjølv. Dersom du tviler på meg, les artikkelen min på denne nettsida med tittelen ‘Have You Been Put on a Death List?’. Den britiske regjeringa sitt vedtak er at alle som er middels skrøpelege og vil måtte ha hjelp til tungt husarbeid, handling og førebuing av måltid kan bli overlatne til å døy om dei blir alvorleg sjuke.»
«I Storbritannia, er styresmaktene våre definitivt i krig med oss. Dei eldre blir sett på som verdilause og dyre – fordi dei må utbetale pensjon til gamle menneske og fordi dei ‘åh, vel, du arbeider ikkje, so du er ubrukeleg – kom deg vekk, vi vil ikkje ha deg.’ Og dei oppmuntrar unge til å tenkje det same om dei eldre, i staden for å tenkje ‘kva kan vi lære frå dei eldre?’,» sa dr. Coleman.
«Dei har drive og drepe gamle menneske i årevis i helsetenesta, men no akselererer det verkeleg. Og HLR minus-ordrane som dei stemplar heile samfunn av menneske med, og som dei svært ofte gjer utan å spørje… dei berre driv og set HLR minus-ordrar på dei, eller dei drep dei med benzodiazepin – midazolam, morfin-cocktails… Vi har blitt oppmuntra til å fornedre dei eldre og til å applaudere for legemiddelselskapa. Legemiddelselskapa er dei vondaste korporasjonane i verdshistoria.»
Mrs. Caldicot’s Cabbage War [«fru Caldicots kålhovud-krig»], ein film frå 2002 basert på dr. Coleman si bok ved same namn, er svært treffande når det gjeld kva som skjer i dag. Du kan sjå filmen her.
Dersom vi ser på kor helsa går i Storbritannia, handlar det særs mykje om å prioritere informasjon og tryggleik over helseomsorg. Tidlegare såg National Health Service (NHS) på pasientomsorg og grunnleggjande pleie som viktigast. Alt dette ser ut til å ha blitt eliminert, forklarte Debi Evans, ein NHS-opptrena sjukepleiar og UK Column sin pleiekorrespondent, som vart med i diskusjonen. «No trur eg NHS er ein farleg stad å vere… Vi ser ut til å leve i ein alder der NHS ser ut til å herske [over] oss alle.»
«Eg trur ikkje vi har ei helseteneste i Storbritannia lenger… den har blitt øydelagt,» svarte dr. Coleman.
«BMA [Den britiske medisinforeininga / British Medical Association] har sagt at vi må kutte ned på mengda av pengar og energi som går med på å ivareta folket med for mange testar og for mange behandlingar – på grunn av klimaendring. Eg kunne ikkje tru det når det kom ut.
Legar insisterer no på å gjere alt via video… dei har mist placebo-responsen… dei eldre har blitt forlatne på éi side… Det som skjer no er at helsetenesta har blitt fullstendig øydelagt. Der finst i praksis inga allmennlegeteneste.
Kva er talet – 7 millionar menneske på venteliste for tida? Alle som står på venteliste gjer det fordi dei treng behandling. Det talet kjem til å nå 12/13 millionar før året er omme, eller byrjinga på 2023. Det kjem til å føre til ein massiv auke av dødelegheitstala… langt meir menneske kjem no til å døy, noko som naturlegvis er del av avfolkingsplanen. Problema i helsetenesta har blitt skapt fordi legane ikkje lenger bryr seg.
Heile samfunnet har blitt øydelagt med vilje… fordi dei førebur oss på The Great Reset.»
[…]
«Det er ein krig. Vi kjempa rein krig mot våre eigne styresmakter og vi kan vinne den,» sa dr. Coleman. «Vi må kjempe mot løgnene og unngå dei små triksa deira; vi må vere klar over alle triksa deira… Dersom du har eit smartmeter, bli kvitt det… ikkje ha appar på smarttelefonen… Ikkje ver redd for å snakke med folk og prøve å overtale folk til å lytte til program som [UK Column], sjølv om dei er skeptiske på slutten, sei ‘okay, og og sjekk ut alt du har høyrt, plukk ut nokre fakta som har blitt delte og sjekk dei ut’… og ikkje lytt til hovudstraumsmedia fordi hovudstraumsmedia til nekte for alt. BBC vil nekte for alt fordi dei er ei propagandamaskin… Dette er ikkje eit spel; dette er ein krig.»
Heile intervjuet kan sjåast her.