Bedrageri frå dag éin: Oppsiktsvekkjande ny rapport seier at Covid-vaksinar aldri hindra spreiing av viruset

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Nok ein gong viser det seg at alternative media – formidlarar som vårt, til dømes – hadde 100% rett om den mest livsendrande helsehendinga i vår levetid so langt: Covid-19-pandemien.

Ikkje berre rapporterte alternative media tidleg og korrekt at viruset mest sannsynleg var eit produkt av eksperimentell forsking sok lak ut, utilsikta eller det motsette, frå Wuhans institutt for virologi i Kina, men vi var òg ute tidleg og stilte spørsmål ved sannferdigheita til rapportar som påstod at vaksinane var «høgst effektive» i å hindre spreiinga av sjukdommen.

Det viser seg at vi hadde rett om det òg.

Du kan sikkert erindre for ikkje so lenge sidan det venstreorienterte hatet og galskapen som folk i heile den vestlege verda stod overfor som ikkje ønskte å ta vaksine. Etter å ha blitt sett på som «anti-vaxxerar» vart mange utfryst, kansellert på nettet og sparka frå jobbane sine. Ein fekk dei til å føle seg verre enn annanrangs borgarar, og mange vart frårøva sine grunnleggjande juridiske og grunnlovsfesta rettar, alt fordi dei prøvde å utvise varsemd rundt ein vaksine som var eksperimentell og som har vist seg å vere høgst farleg for millionar av menneske.

Men, som det viser seg, gjorde dei skeptiske «anti-vaxxerane» rett i å nekte å ta sprøyta, mest fordi påstanden som vart pusha av styresmakter og hovudstraumens «vitskaplege» samfunn om at vaksinane hindra spreiinga av Covid-19, var ei løgn ifølgje ein omfattande etterforskande rapport publisert 19.oktober i Tablet Magazine:

«Vaksinepåbod vart i hovudsak rasjonalisert gjennom trua på at dess høgare vaksinasjonsgrad, dess mindre ville viruset spreie seg. Til dømes, under munnlege argumentasjonar for Biden sitt vaksinepåbod for helsepersonell, påstod Associate Justice i Høgsteretten, Elena Kagan, at helsearbeidarar måtte bli vaksinerte ‘slik at de ikkje overfører sjukdommen’. Men nyleg, 10.oktober 2022, fortalde ein talsperson frå Pfizer til Europaparlamentet at vaksinane faktisk aldri hadde blitt testa for hindring av overføring. Medan dette vart presentert på sosiale media som ‘siste nytt’, har det faktum at vaksinane ikkje vart testa for dette føremålet dokumentert omfattande heilt sidan Pfizer og Moderna fekk si opphavlege naudgodkjenning [Emergency Use Authorization; EUA].»

10.desember 2020, på eit Food and Drug Administration-møte der dei fyrste mRNA-vaksinane vart godkjende, sa ein rådgjevar i byrået, dr. Patrick Moore: «Pfizer har ikkje presentert nokon evidens i dataa sine i dag om at vaksinen har nokon som helst effekt på virusbering eller shedding, som er det grunnleggjande for flokkimmunitet.» Trass informasjonen som vart presentert for individuell effektivitet, la Moore til at «akkurat no har vi eigentleg ingen evidens for at den vil ha ein påverknad, i det breie sosiale lag, på epidemien.»

FDA si EUA-pressemelding frå desember 2020 bekreftar òg at der var ingen «evidens for at vaksinen hindrar overføring av SARS-CoV-2 frå person til person.»

For å seie det på ein annan måte, vart folk leia til å tru at vaksinane hindra spreiinga av viruset fordi dei vart fortalt at det var slik at løgnarar som ønskte å villeie massane slik at dei kunne påføre viljen sin på dei. Dette vart naturlegvis òg gjort ved hjelp av djupstaten sine allierte i «hovudstraums»-media og på dei store sosiale medieplattformene slik som Twitter, Facebook og YouTube, der alle sensurerte eller fjerna innhald som stilte spørsmål ved dei «aksepterte offisielle forteljingane» om Covid.

«For alle som er fornøgde med vaksinasjonsstatusen sin, er ikkje dette noko å stresse over. Ja, vaksineinformasjonen som vart formidla i 2021 var ikkje fullstendig nøyaktig, men du kan framleis føle at det å bli vaksinert var det rette valet,» skreiv Tablet Magazine, før dei sa: «Derimot er det å bli feilinformert om potensielle fordelar og risikoar er særs alvorleg for, lat oss seie, ein mannleg atlet på college som vart vaksinert fordi han ønskte å beskytte eldre familiemedlemmer, men som deretter utvikla myokarditt.»

Covid-19-pandemien, som førde til økonomisk øydeleggjande nedstengingar og massive forflytningar av rikdom, var ein bløff frå byrjing til slutt. Og vi har framleis ikkje følt alle effektane av dei dårlege politiske avgjerdene, inkludert det å halde barn vekke frå skulen i to år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s