Henta frå Humans Be Free. Omsett av saksyndig.
Gjennom tiåra har USA sitt berykta Central Intelligence Agency (CIA) skapt tallause hemmelege program. Etter Cuba-missilkrisa avdekte føderale agentar Operasjon Northwoods – ein føreslegen serie av valdelege terroråtak på amerikanske byar som ville bli skulda på Fidel Castro. MKUltra var ei serie menneske-eksperiment der forsøkspersonane vart gjevne store dosar medvitsendrande [engelsk mind-altering] legemiddel og psykologisk torturert.
På 1970-talet gjekk haugar av skattepengar til eit ambisiøst prosjekt kjent som Stargate. Tilsette frå styresmaktene ønskte å undersøkje legitimiteten til paranormale fenomen slik som ut-av-kroppen-opplevingar, telekinese og andre overnaturlege evner. Det som til sjuande og sist falda seg ut under eitt spesielt oppdrag ville for alltid endre liva til dei involverte.
Ei uventa kosmisk reise
Fjernsjåing [til skilnad frå fjernsyn/TV; oms.komm.] refererer til det å sjå inntrykk av eit fjernt objekt eller stad inni sinnet. Under Den kalde krigen var ein mann ved namn Joseph McMoneagle engasjert i denne unike forma for synsk spionasje. Medan han arbeidde med CIA, kom han med informasjon om hemmelege sovjetiske operasjonar som viste seg å vere forbausande nøyaktige. Eitt slikt oppdrag involerte å finne den nøyaktige storleiken og posisjonen til ein russisk atomubåt.
På grunn av hans høge suksessrate fekk han raskt respekten til kollegaer. I mai 1984 fekk den verdsette klarsynte spionen eit uvanleg oppdrag etter å ha blitt vekt opp frå ein føremiddagslur. Robert Monroe, ein felles fjernsjåar og oppfinnar av binaurale taktsslag [binaural tydar «to øyre» eller stereo, i motsetnad til monaural, «eitt øyre» eller mono; oms.komm.], gav han ein forsegla konvolutt. Inni låg det eit enkelt indekskort som inneheldt tre linjer med tekst.
Ein høg, utanomjordisk rase dukkar opp
Ukjent for McMoneagle, ville han byrje på ei utruleg reise gjennom tid og rom. Etter å ha gått inn i ein transe-liknande tilstand, gav Monroe han eit spesifikt sett med koordinatar. Nesten med éin gong vart den stjernereisande kasta ut i eit ukjent miljø. Eit 360-graders syn av valdsame støvstormar, massive pyramidar, megalittar, vegar som kryssa kvarandre og akveduktar kom inn i visjonen hans.
Etter ein inspeksjon av området, instruerte Monroe han vil å besøke andre regionar. Plutseleg dukka det opp ei gruppe høge, tynne, menneskeliknande skapningar. Gjennom telepatisk kommunikasjon oppdaga McMoneagle at denne eldgamle rasen stod overfor ein dyster situasjon. Heile planeten opplevde kataklysmiske hendingar og ville snart bli ubebueleg. Ei gruppe friviljuge reiste av garde på leiting etter ein tryggare stad å bu. Dei som vart etterlatne venta desperate på at dei skulle kome tilbake.
Etter denne forbløffande kosmiske ekspedisjonen, vart McMoneagle beden om å opne konvolutten. Då han las innhaldet vart hjartet hans fylt av djup tristheit for Mars-skapningane som vart dømt til ein uunngåeleg lagnad. Stargate opererte frå 1972 til 1995, og meir enn 20 millionar dollar vart brukt på transcendentale føretak. Ein informasjonsfridomsførespurnad [Freedom of Information Act Request, eller FOIA Request] resulterte i at CIA offentleggjorde den komplette transkripsjonen, passande titulert Mars Exploration. Skeptikarar antydar at programmet berre var propaganda for å avleie russiske troppar.
Andre trur at deltakarar var i stand til å aktivere tidlegare sovande delar av hjernen og opne portalar til andre dimensjonar. Same kva side av gjerdet ein står på, har Joseph McMoneagle halde fast ved historia si i nesten 40 år, og bekreftar at han fortel sanninga. Kanskje, når fleire rombilar landar på den raude planeten, vil observasjonane hans bli bekrefta.