Av Rhoda Wilson, The Exposé. Omsett av saksyndig.
Eg vurderer å søkje for å bli den neste britiske statsministeren («PM»). Ja, der er partireglar for å velje ein PM, men eg fann ut at sidan politikarane våre har brote vår sosiale kontrakt med dei, gjeld ikkje lenger reglane deira. På det grunnlag ser eg på jobben som «open for alle, søk innåt».
Dette er ein meiningsartikkel, so ver venleg å leggje merke til at det er merkt som «meining» for å understreke det. Eg må nemne dette i byrjinga fordi eg ikkje vil at de skal tru at eg representerer The Exposé og tenkte vondt om dei når dei gjer slikt eit fabelaktig arbeid.
Min politiske CV
Eg veit ingenting om politikk: Eg følgjer ikkje med i politikken, og, i eit nøtteskal veit eg so godt som ingenting om det. Dersom de bad meg om å nemne meir enn fem britiske parlamentsmedlemmer («MP-ar»), ville eg truleg slite når eg kom til nummer fire, og til og med då kan eg leggje til nokre som ikkje er MP-ar – til dømes Nicola Sturgeon (eg måtte google det for å vere sikker på at eg stava namnet hennar riktig, og at ho faktisk ikkje var ein MP).
Eg har null interesse for politikk: Min mangel på interesse har sitt opphav i ei overtyding om at det berre er eit spel spelt av rike ungar med få eller ingen andre mål i livet. Rike foreldre, då dei tidleg innsåg at barnet deira var for bortskjemt for å vere produktiv i samfunnet, dytta barnet sitt mot ein karriere som dei kunne kjøpe med velplasserte og store nok bidrag til visse organisasjonar eller føremål.
For nokre er det ein arva del, naturlegvis – der finst allereie ein politikar i familien, so det opnar mange dører. Med omsyn til dette, må eg seie at eg scorar nokre brownie-poeng. Der finst politikarar i slekta mi, om enn to-tre generasjonar tilbake i tid. Men av ein eller annan grunn følgde ikkje politikken gjennom generasjonane, slik som er tilfelle med somme som likar å halde ting i familien. Og, når eg veit det eg veit om forgjengarane mine sine liv, ville det vere rettferdig å seie, og eg føler ikkje at eg er partisk her, at dei levde i ei tid og ein stad der det kunne ha vore eit snev av moral igjen i politikken.
Eg kan ikkje halde på hemmelegheiter: Heile ideen om at kunnskap er makt og at personen som har samla seg opp mest kunnskap, spesielt om motstandarane sine, har all makta, er fullstendig nonsens for meg. Dette krev ei ibuande evne til å halde den tileigna kunnskapen «hemmeleg», ein mentalitet som eg strevar med å begripe. Kvifor skulle nokon ville samle tilstrekkjeleg kunnskap berre for å halde den hemmeleg, og deretter berre bruke det som våpen? Eg kan rett og slett ikkje forstå kvifor nokon ville ønskje å leve eit slikt liv – der dei stadig ser etter «kunnskap» og sikrar seg om at nokon andre finn fordømmande «kunnskap» om deg eller den fordømmande «kunnskapen» du har om dei.
Eg er mislykka når det gjeld planlegging og samansverjing: Politikarar bruker det meste av tida si på planlegging og samansverjing, korleis manipulere andre og få andre til å gjere som dei ønskjer. Dei gjer faktisk ikkje noko konstruktivt eller produktivt, men sit berre i møte og legg planar – der dei fleste handlar om å tilfredsstille dei som sette dei i den posisjonen i fyrste omgang. Eg kan ikkje sjå meg sjølv i stand til å gjere denne forma for «arbeid», og eg kan ikkje førestille meg at der er nokon som helst sjølvrespekt eller sjølvtilfredsstilling i å tene pengar på slike aktivitetar. Å gjere ein dags ærleg arbeid og vete på slutten av dagen at vi gjorde det vi kunne, er det som får oss til å gå rundt med heva hovud.
Eg opplever det som vanskeleg å lyge: Vi alle fortel «små, kvite løgner» fordi at dersom vi ikkje gjorde det, ville vi ikkje vere i stand til å ha eit godt forhold til nokon. Her er eit døme på ei lita, kvit løgn: ei mor viser stolt fram sitt nyfødde barn – den styggaste babyen du nokosinne har sett – og du viser fram ditt breiaste glis, kryssar fingrane bak ryggen og seier «nei, for ein flott baby du har, du må vere so fornøgd.»
Men politikarar går langt forbi små, kvite løgner. Om dei kan sleppe unna med det, kjenner løgnene deira ingen grenser. Dette ville ikkje eg ha vore i stand til. Når folk kvardagsleg har spurt i fortida – under dei vanlege «politikarar er korrupte, korrupsjon kjem med jobben»-samtalar – kvifor eg ikkje stiller til val, har svaret mitt alltid vore: «Eg vil aldri lykkast. Dersom eg på mirakuløst vis vart valt, ville dei i Whitehall ete meg til frukost… fordi eg er for ærleg.»
Eg vil ikkje vere ein politikar: Kven vil det?
Eg trur at vi har etablert at eg er fullstendig uskikka for jobben, og eg er sikker på at der finst mange andre grunnar for kvifor eg ikkje burde bli Storbritannia sin neste statsminister (PM). Eg kjem ikkje til å lyge til dykk; kort fortalt ville eg bli ein katastrofal PM. Derimot, med tanke på vår mest nylege 45-dagarskvinne, føler eg at det faktum at eg ville ha vore ubrukeleg, ikkje burde avskrive meg fullstendig som ein potensiell kandidat.
So eg tenkjer å søkje på stillinga som PM. Du veit aldri, eg kan vere katastrofen som Storbritannia treng for å sende globalistane sine planar av sporet.
Min jobbsøknad: «Hald dykk heime, beskytt folket, redd liv»
Eg tenkte eg skulle byrje med ein vinnande bodskap: «Eg vil treffe bakken springande» og «levere». (Det fungerte for Liz Truss, so eg kjenner meg håpefull.) Dersom eg vart PM, ville eg innføre visse tiltak. Tiltaka ville ikkje gjelde for alle eller likt, men berre for enkelte utvalde.
Desse tiltaka er naudsynte for å stoppe Storbritannia frå å kollapse under presset frå korrupsjon. For å seie det enkelt, dersom for mange menneske er korrupte på éin gong, vil Storbritannia vere ute av stand til å handtere det – noko som tydar at fleire kjem til å døy.
Alle MP-ar, SAGE-medlemmer og andre statlege rådgjevarar må gå i lockdown – «Hald dykk heime, beskytt folket, redd liv.» Dersom dei er på ferie i utlandet når desse reglane blir sette i verk, må dei vende tilbake til heimlandet straks. Ved ankomst i Storbritannia må dei reise rett heim og halde seg heime.
Dei må stengje føretaka sine, barna deira kan ikkje gå på skulen, dei må halde seg til streng sosial avstand – inkludert ingen kontakt med medlemmer av andre hushaldningar – og deira sosiale arrangement (inkludert bryllaup og gravferder) må bli utsette. Dei burde ikkje møte venner. Dersom vennene deira ber om å møte dei, må dei seie «nei». Dei burde berre forlate heimen for å kjøpe essensielle varer, eller for å gjere ei form for trening éin gong dagleg. Fyrst vil dei ikkje krevje papirarbeid for å gå ut. Derimot kan strengare restriksjonar bli innført dersom ein vurderer det naudsynt.
Dersom nokon i hushaldninga deira blir sjuke, må dei ikkje fare på sjukehus eller besøke eit legekontor. I staden burde dei vente nokre dagar for å sjå om tilstanden blir verre, og om den gjer det, burde dei ringje, ikkje besøke, ein lege. Legen, eller resepsjonisten, vil ringje dei tilbake, gjere ein diagnose og gje dei instruksjonar om kva dei so burde gjere.
Dei må registrere seg på ein kontaktsporings-app slik at rørslene og kontaktane deira kan bli overvaka 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka. Dersom dei ikkje friviljug skriv seg opp for appen, vil vi bruke smartverktøya deira for å overvake dei – bruk av armband kan vere eit alternativ. Alle virtuelle møte, tekstmeldingar, telefonsamtalar og kontoar på sosiale media og e-postkontoar vil bli overvaka. All desinformasjon eller feilinformasjon dei spreier, på nettet eller i media, vil bli sensurert.
Politiet vil ha makt til å handheve desse reglane. Politiet vil bryte opp samlingar av MP-ar og deira rådgjevarar og bøteleggje regelbrytarar. Om dei ikkje betaler bøtene, vil ein gå til domstolen.
Under ordre om å halde seg heime, vil dei bli betalt 80% av løna opp til eit maksimum av 2500 pund per månad [30 400 kroner i månaden; oms.an.].
Desse tiltaka vil bli evaluerte etter tre veker, slik at etterforsking kan finne stad når det gjeld kva rolle kvar tenesteperson har spelt. Men etterforsking kan trekkje ut i tid, so restriksjonar kan bli innført for eit år eller lenger.
Vi kjempar mot korrupsjon, og når informasjonen endrar seg, må vi naturlegvis endre kurs òg. Til dømes kan det vere at restriksjonar for enkelte blir letta etter kva etterforsking tillèt, og deretter kan dei strammast til igjen når nye bevis kjem for dagen som rettferdiggjer dette. Under etterforsking kan vi òg oppdage ting som er dobbelt so dårlege som noko vi tidlegare har sett. På den andre sida, er det òg rett å prøve kvart val før vi sender ut nok ein ordre om å halde seg heime. Det handlar opp å vege risikoane opp mot fordelane. Og naturlegvis må vi vere fleksible når det gjeld kven halde-seg-heime-ordrane skal gjelde for. Etter kvart som etterforskinga skrid fram, kan der vere andre, utanfor regjeringa og deira rådgjevarar, som burde bli ilagt nedstengingar og restriksjonar.
Eg har ikkje detaljar om kva dei neste stega burde vere. Vi lever i hittil usette tider, og vil måtte gjennomgå informasjonen og ta dei beste avgjerdene vi kan basert på informasjonen vi har til ei kvar tid.
Kva trur de? Trur de eg vil få jobben? … Det håper ikkje eg.