Invaderande teknologi analyserer stemma di for teikn på psykisk sjukdom

Av Ken Macon, Reclaim the Net. Omsett av saksyndig.

Sonde Health, Kintsugi, Winterlight Labs og Ellipsis Health sel «stemmebiomarkør-teknologi» for å identifisere angst, depresjon og andre tilstandar. Teknologien blir brukt på medisinske klinikkar og telefonsentralar.

Dei få tilgjengelege studiane rundt teknologien påstår at stemmebiomarkørar kan hjelpe med å oppdage ei rekkje helseproblem, inkludert depresjon, luftsvegssjukdommar slik som astma og Covid, og kardivaskulære tilstandar. Derimot fører teknologien med seg etiske og privatlivsmessige bekymringar.

Forsikringsselskap og sjukehus installerer stemmebiomarkør-teknologien på telefonsentralane sine, og etter å ha fått samtykke frå pasienten, kan dei fange opp direkte dersom pasienten har mentalhelsetilstandar slik som depresjon eller angst.

I motsetnad til stemmeassistentar slik som Alexa og Siri, analyserer stemmebiomarkør-programvare korleis du snakkar, ikkje kva du seier. Stemma di blir analysert av eit maskinlærande system som samanliknar den med anonymiserte stemmeprøvar.

Ifølgje psykolog og assisterande professor ved University of Cincinnati, Maria Espinola, tek menneske som lid av depresjon «fleire pausar» og stoppar oftare når dei snakkar.

Ho la til: «Talen deira er generelt meir monoton, flatare og mjukare. Dei har òg redusert toneleierekkjevidd og lågare volum.»

I ein samtale med Axios sa adm.dir. i Kintsugi, Grace Chang: «Frå so lite som 20 sekund av friform-tale, er vi i stand til å oppdage med 80% nøyaktigheit om nokon stevar med depresjon eller angst.»

«Når vi er integrert med ein telefonsentral der det sit ein sjukepleiar på linja, kan sjukepleiaren stille tilleggsspørsmål,» la ho til. Ho påstod vidare at 80% av pasientane samtykte til å få stemma si analysert.

Somme ekspertar har uttrykt bekymring knytt til etikken, og føler teknologien kan bli misbrukt.

«Vi har framleis ein lang veg å gå før AI-drivne stemmebiomarkørar kan bli tilrådd av det kliniske samfunnet,» står det å lese i ein redaktørartikkel publisert av det medisinske tidsskriftet The Lancet. «Betre etiske og tekniske standardar er kravde for denne forskinga for å fullt ut realisere potensialet for stemmebiomarkørar i den tidlege oppdaginga av sjukdom.»

Andre føler at teknologien kan forverre systemisk partiskheit, som er tilfellet med ansiktsgjenkjenningsteknologi (den er meir unøyaktig når den identifiserer farga personar og kvinner).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s