Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Stadig fleire uvaksinerte single kvinner unngår menn som vart «vaksinerte» mot Wuhan koronavirus (Covid-19).
På grunn av uro for «sheddinga» av piggprotein gjennom fysisk kontakt, gjev uvaksinerte kvinner i somme tilfelle opp den moderne datingscena.
Problemet dreiar seg for det meste om sex med «fullvaksinerte» menn, noko som ikkje lenger er eit val for mange uvaksinerte kvinner som prøver å beskytte kroppane sine mot penetrering frå Fauci-influensasprøytene både direkte og indirekte [hehehe…].
American Thinker-skribent Laura J. Wellington er ei slik singel kvinne som seier at det «har blitt den nye norma», og refererer til at ho sjølv og andre ikkje-injiserte single kvinner unngår menn som tok den eksperimentelle genterapien.
«Å kvalifisere menn utifrå slik ein standard gjer utvalet smått, spesielt om ein bur i ein blå [Demokrat-styrt] stat,» skriv Wellington. «På toppen av det heile fell det mange single menn tungt for brystet at dei ikkje blir valt rett og slett fordi dei valde å late seg vaksinere.»
Dei «mest misfornøgde, fiendtlege mennene», legg ho til, ser ut til å vere dei som «lét seg vaksinere med makt» – altso menn som ikkje eigentleg ønskte å ta sprøyta, men som vart tvinga til det for til dømes å behalde jobben.
«Dei føler seg dobbelt straffa for ein vaksine dei aldri ønskte å ta til å byrje med, og mange menn handterer ikkje særleg bra å bli avvist av dei kvinnene,» skriv Wellington vidare.
«Skuld, irritasjon, mindreverdskjensle og regelrett ufinheit er kjent for å finne stad i relasjon til desse kvinnene si avgjerd om å vere trufaste til deira spesifikke ståstad.»
Det er ikkje verdt risikoen å kanskje «få» covid-sprøyte-piggprotein frå ein «fullvaksinert» partner
I rettferdas namn stod uvaksinerte menn overfor nøyaktig det same med «fullvaksinerte» kvinner, der mange militant støtta sprøytene og såg ned på menn som rett og slett sa nei til eksperimentelle legemiddel frå styresmaktene og Big Pharma.
Det er sjølvopphaldingsdrift frå både menn og damer som hoppa over sprøyta (eller sprøytene) å unngå andre menn og kvinner som valde å ta sprøytene, og som no sheddar piggprotein og kven veit kva anna på andre.
På mange måtar er det betre å berre forbli singel enn å gje seg hen til nokon som lét sitt eige immunforsvar bli øydelagt av mystisk pharmakeia (òg kjent som farmasøytisk hekseri) – spesielt når det mystiske pharmakeia potensielt kan overførast via seksuelle aktivitetar.
Uvaksinerte foreldre overalt åtvarar òg no barna sine, og spesielt tenåringane sine, å passe seg for potensielle kjærastar som tok sprøytene, og som no er levande døde.
Å halde seg reinblodig tydar å unngå andre som ikkje lenger har reint blod, som i staden har besudla blod, reprogrammert DNA, og potensielt eit fullstendig annleis bilete enn det Gud gav dei då dei vart forma inni livmora.
Ha i minne at blodforsyninga er kontaminert òg – som tydar ingen fleire blodoverføringar, i det minste ikkje frå tilfeldige donorar. For å halde seg rein, må reinblodige beskytte seg mot alle risikoar for kontaminasjon frå dei fullvaksinerte.
«Kven kunne nokosinne ha trudd at ‘vaksinestatus’ ville bli so sentralt rundt det å dyrke nye vennskap og kjærleiksforhold for mykje av nasjonen vår?» skriv Wellington vidare.
«Skiljet er der for å bli, fordi skaden som forårsaka det har allereie blitt gjort. Ingen kan putte den ånda tilbake i flaska.»