Ekspertpanel: Fleire og fleire unge døyr på grunn av Covid-19-vaksinar

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Eit panel av ekspertar, inkludert legar og direktøren i eit gravferdsbyrå, diskuterer korleis dei ser fleire og fleire unge menneske døy på grunn av Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinar.

Denne diskusjonen, som RAIR Foundation var vert for, var meint for å snakke om ting som involverer temaet «plutselege dødsfall blant unge». Dr. Sam Dube og aktivist Glen Mack var medvertar. Fokuset i diskusjonen var fenomenet der fullvaksinerte, men elles friske personar mellom 10 og 40 plutseleg døyr.

Talarane delte personlege historier om å sjå pasientar bli skadde og drepne av vaksinen. Ifølgje Dube vart dette gjort slik at sjåarane til panelet «betre kan forstå og betre kan sjå kva som skjer, i håp om at de kan redde liv, og hjelpe dei som har blitt råka.»

Eit anna offer dei diskuterte var ein sunn, 30 år gammal mann som datt død om ut av det blå. Då liket hans vart obdusert, fann dei ut at arteriane var alvorleg blokkerte. Eit anna offer var ei tobarnsmor i 30-åra som aldri vakna igjen etter å ha gått til sengs ein kveld. Ho hadde ingen underliggjande tilstandar og vart sett på som svært sunn.

Denne paneldiskusjonen vart halden mindre enn ei veke etter at Centers for Disease Control and Prevention (CDC) erklærte at dei offisielt tilrådde Covid-19-vaksinen for alle barn i USA som del av det årlege vaksineprogrammet. Delstatane vil avgjere, basert på påverknadskrafta til denne tilrådinga, om dei skal gjere vaksinane påbodne for å kome inn på skule.

Vaksinerte døyr med merkelege proppar i blodårene

Dr. Kirk A. Milhoan, ein barnehjartelege med 20 års erfaring og spesialisering i hjarterelaterte helsekomplikasjonar, sa at han har behandla nær 700 Covid-19-pasientar.

«Eg har sett ein auke i biverknader hjå tenåringar frå oppfriskningsdosar og vaksinar nyleg,» sa han. «Og no ser eg eit mykje verre forløp av covid for dei som har blitt vaksinert og boosta, i motsetnad til dei som ikkje har det.»

Dr. Ryan Cole, ein patolog opplært av Mayo-klinikken, åtvara at han har sett «endring av mønster i vev so vel som i blod» sidan utrullinga av vaksinane.

«So fort sprøytene vart rulla ut, byrja vi å sjå alle former for tilstandar som berre auka, og no nyleg har vi sett ein stor auke hjå ungdommen av plutseleg død sidan utrullinga av ikkje berre sprøytene, men av oppfriskningsdosane òg,» sa Cole.

Han la til at under panelet at han og mange andre legar allereie forstår tydeleg korleis Covid-19-vaksinane påverkar menneske, spesielt dei som er unge og sunne, inkludert mange atletar som har falle døde om sidan byrjinga på vaksineutrullinga.

«Å føre [vaksinen] inn i kroppen, inn i desse unge individa som statistisk sett har null risiko frå covid, er verkeleg bekymringsverdig,» sa han.

Richard Hirschman, ein balsamerar og gravferdsdirektør frå Alabama med over 20 års erfaring, sa at han har òg lagt merke til ei diger endring i demografien av menneske som kjem til gravferdsbyrået hans.

«Sidan 2021 har det kome fleire under 40 som plutseleg har døydd, og mange av dei viste unormal blodproppdanning,» sa Hirschman. Han skildra blodet deira som gummiliknande proteinproppar. Denne endringa i naturen til blodet til folk gjentek det Cole åtvara om.

«Vi fann proppar i både arteriane og venane,» sa han. «Venane er typisk der vi finn proppar. Men vi såg knapt ein propp i sjølve arterien.»

I dette korte klippet frå «Frontline News» blir det diskutert korleis Hirschman stadig fann proppar i lika til vaksinerte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s