Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det har kome fram at The Atlantic, som vart grunnlagt under forpliktinga av å «ikkje vere eit organ for noko parti eller klikk», lenge har støtta massesterilisering og eugenikk.
I november 1950-utgåva publiserte The Atlantic ein artikkel med tittelen «Sterilization», som veg og måler fordelane til massesterilisering, spesielt blant «lågare» folkegrupper med helseproblem slik som manisk-depressiv liding [no bipolar liding; oms.an.] og epilepsi. Artikkelen retta seg òg mot «visse kroniske kriminelle» for fjerning av reproduksjonsevna deira.
Fordi artikkelforfattaren trudde at slike «defektar» er arvelege, vart det påstått at der finst «millionar av individ som er vesentleg uskikka til å leve i samfunnet» fordi mange av dei «ikkje kan ta vare på seg sjølv eller barna sine, og er ei bør for familien eller samfunnet.»
Ved å bruke ein ideologi om dei sterkaste sin rett og «den perfekte rase» liknande den som feia over Nazi-Tyskland, hevda artikkelforfattaren at det rett og slett ville vere uansvarleg å late folk som vart sett på som «defektive» til å formeire seg og kanskje spreie «handikappa deira vidare gjennom framtidige generasjonar.»
The Atlantic var forkjempar for transkjønnslemlesting av barn tilbake i slutten av 1950
Det var den litauiske eugenikaren dr. Abraham Myerson som er ansvarleg for denne 1950-artikkelen i The Atlantic, som openlyst krev at dei lågareståande i samfunnet blir steriliserte for å hindre dei i å nokosinne formeire seg.
I den tru at han sjølv var ein av dei overlegne i samfunnet, var Myerson forkjempar for å fjerne frå genpoolet dei som vart vurdert som «sosialt inadekvate på grunn av arv», noko som tyda at dei kom frå ein lågareståande familie.
The Atlantic tok visstnok den aktuelle artikkelen frå Myerson si bok Speaking of Man, som opphavleg vart utgjeven av ei gruppe ved namn Knopf som sidan har blitt del av Penguin Random House.
Interessant nok refererer Myerson sin artikkel òg til det som vi no kjenner som transkjønnslemlestinga av barn, som vart skildra som det tilbake på det seine 1950-tal:
«Når det gjeld å tukle med kjønnsorgana, er der ein djuptgåande, ekstrem aversjon som er sosialt instinktiv, og som kan overvinnast berre med rå makt eller særs intensiv sosial utdanning.»
I åra som kom etter publiseringa av denne ytringa, som la grunnlaget for dagens transkjønnsgalskap, kom The Atlantic til å publisere meir kjønnslemlestingspropaganda, inkludert det som vart skrive av «kvinnerettsaktivisten» Harriet Pilpel.
«I fleire år har vi høyrt åtvaringar om befolkningskrisa,» skreiv Pilpel i 1969. «Visseleg er vi so bekymra at der no er stemmer i landet som ber om ‘påboden sterilisering’ og ‘påboden fødselskontroll’ for tilbakehaldinga av offentleg støtte for illegitime barn over eit visst tal, for velferdsytingar eller prøvelauslating eller kva som helst rundt tvinga sterilisering, og so vidare.»
«Likevel er lite gjort for å gjere sterilisering lett tilgjengeleg på friviljug basis, spesielt for fattige og underpriviligerte.»
Som de kan sjå vart forteljinga allereie etablert for mange år sidan for fjerning av kjønnsorgana til barn. Det som ikkje var eksplisitt sagt, truleg fordi globalistane ikkje enno hadde funne på det, var at dette ville bli oppnådd gjennom ein LGBT-agenda, «ver deg sjølv», ved å permanent øydeleggje dine eigne kroppsdelar.
Alt i alt har The Atlantic ved mange høve fremja sterilisering og eugenikk mot dei som er sett på som ei bør for samfunnet. Gjengen på ytre venstre har alltid sett på enkelte menneske som ikkje fullt so likeverdige som andre, som går mot alt som landet vårt vart grunnlagt på, inkludert ideen om at «alle menneske er skapt like».