Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
For å betre kontrollere tankane og handlingane til moderne menneske, har tech-giganten Google annonsert lanseringa av ein ny hjernevask- og propagandaplan ved namn «Info Interventions» [«informasjonsinngrep»].
Prosjektet har som mål å «lære» Google-brukarar kva slags informasjon dei skal unngå fordi den er «falsk», medan dei blir opplærte i korleis ein skal oppdage og akseptere berre informasjon som Google vurderer som «sant». Dersom dette blir brukt slik intensjonen er, vil Google-brukarar bli «immuniserte» mot nettbasert «feilinformasjon».
Denne «pre-bunking»-planen er Google sitt nyaste dystopiske forsøk på å kvele frie ytringar på nettet – sjølv om Google i staden for å rett og slett forby eller sensurere innhald, no prøver å omstrukturere hjernane til menneskeheita til å automatisk filtrere vekk vår «desinformasjon».
Ifølgje selskapet vil brukarar bli presenterte for «accuracy prompts» [fritt omsett «sanntidsnøyaktigheitsmeldingar»] medan dei søkjer og les. Desse meldingane er designa for å trene brukarar opp i å berre trykkje på linkane som Google vil at dei skal trykkje på.
Som fastslege av Google handlar heile planen om å «minne individ på å tenkje på nøyaktigheit når dei kan vere i ferd med å ha med falsk informasjon å gjere,» og la til at desse Info Interventions «kan booste brukarane sine noverande nøyaktigheitsmål.»
Google seier at dei får dette frå forsking på åtferdsvitskap for å utvikle dei mest effektive hjernevaskverktøya dei kan, og kallar det ei «gåve til verda».
Google seier at folk vil vere «tilbøyelege for distraksjonar» og «feilinformasjon» med mindre dei høyrer på Google
Ei spesialeining i Google ved namn Jigsaw [«puslespel»] står bak det nye verktøyet. Jigsaw vart etablert for å «utforske trugslar mot opne samfunn, og byggje teknologi som inspirerer skalerbare løysingar».
I mars 2021 erklærte eit innlegg i Medium av Jigsaw at ein av dei kraftigaste måtane å redusere «feilinformasjon» er å konstant minne brukarar på korleis dei skal tenkje, kva dei skal trykkje på og kva dei skal tru på – «med andre ord, gjete dei fram til dei går der du vil at dei skal gå», for å sitere Reclaim the Net.
Utan Google der til å fortelje brukarane kva dei skal tenkje og gjere, seier selskapet at dei [brukarane] vil vere «tilbøyelege for distraksjonar». Med andre ord er hjernen ibuande feilkonstruert, og den einaste måten å fikse den på er å late Google gjere tenkinga for deg.
Eit døme på korleis Google sine intervensjonar fungerer har å gjere med kommentarfelt. Dersom ein person skriv noko som Google sin perspektiv-API identifiserer som «giftig», vil maskinlæringsmodellar identifisere det som misbrukande og gje tilbakemelding til forfattaren.
Den tilbakemeldinga forklarer at kommentaren vart identifisert som «risikabel» eller «støytande», og ikkje i tråd med selskapet sine samfunnsretningslinjer. Brukaren blir deretter oppmuntra til å endre kommentaren for å gjere den meir akseptabel, basert på Google sine standardar.
Google sin API gjer òg det same med innhald, og informerer lesarar om ein potensielt «støytande» artikkel som kan innehalde «potensiell feilinformasjon». Lesarar blir deretter oppmuntra til å klikke andre stader eller til å ikkje ta innhaldet i artikkelen alvorleg.
Ei «sanntidsnøyaktigheitsmelding» kan deretter dukke opp på toppen av informasjonen som allereie er merkt som slikt. Google bruker òg «leseferdigheitstips» [«literacy tips»] for å oppmuntre brukarar til å «reflektere på nøyaktigheita til ei nyheitsoverskrift før dei held fram med å lese.»
Artiklar som denne ville nesten heilt sikkert bli mål for Google sine «feilinformasjonsprogram». Ein «påminnar» kan dukke opp som oppmodar lesarane til å revurdere og «tenkje seg om» før dei aksepterer noko av dette som gyldig, rett og slett fordi den stiller spørsmål ved det allmektige Google.
«Prebunking er ein teknikk for å førebyggje manipuleringsforsøk på nettet,» er slik Google forklarer prosessen. «Ved å førehandsvarsle individ og utstyre dei til å oppdage og forkaste villeiande argument, kan dei oppnå motstand mot å bli villeia i framtida.»