Manfred Weber: «Tyskland kan ikkje takle massiv innvandringsbølgje»

Av Denes Albert, Remix News. Omsett av saksyndig.

Politikaren som kasta den ungarske statsministeren Viktor Orbán ut av EPP klagar no over at Tyskland ikkje kan takle tilstrøyminga av innvandrarar.

Tyskland kan stå overfor ei ny innvandringskrise, og regjeringa er ikkje førebudd på å takle den, seier Manfred Weber, president i Det europeiske folkepartiet (EPP) si gruppe i eit intervju med den tyske avisa Die Welt på sundag [4.desember 2022].

Weber, som spelte ei avgjerande rolle i å drive Fidesz, partiet til den ungarske statsministeren Viktor Orbán, ut av Europaparlamentet si største politiske gruppering, seier no at mottakssenter i Tyskland er overfylde, og at lokale styresmakter som er ansvarlege for å huse folk som søkjer asyl jobbar under sterkt press.

Orbán har drive og åtvara om Europa si innvandringskrise i fleire år, og har ført ei hard linje mot temaet, medan politikarar slik som Weber har slutta seg til motstanden mot den ungarske statsministeren. No hevdar Weber at Tyskland ikkje kan takle si nylegaste innvandringsbølgje.

I tillegg kjem der sannsynlegvis til å igjen kome eit stort tal ukrainske flyktningar til Den europeiske unionen, inkludert mange i Tyskland no i vinter, sidan den russiske presidenten Vladimir Putin sitt «terroristregime heldt fram med å øydeleggje energiinfrastrukturen i Ukraina,» sa politikaren frå den Bayerske kristne sosiale union (CSU), som høyrer til opposisjonen i Tyskland.

Weber har vore ei drivkraft i å flytte den ein gong senter-høgre politiske grupperinga dramatisk til venstre i åras løp når det gjeld innvandring, LGBT-tema og tradisjonelle verdiar.

Han sa at han frykta at dramatiske utviklingar kom til å starte i vinter, slik som behovet for å gjere fleire og fleire gymsalar om til mottakssenter, so vel som å avgrense fysisk fostring i skular og sportsklubbar, slik som under den europeiske innvandringskrisa i 2015.

Koalisjonsregjeringa med Sosialdemokratane (SPD), Dei grøne og Dei liberale (FDP) er ikkje førebudde på denne situasjonen og «ignorerer rett og slett utfordringa», sa CSU-politikaren.

På spørsmål om det aukande talet flyktningar som kjem til EU ikkje berre frå Ukraina, men òg frå Afrika via Middelhavet, la han vekt på at Italia trong støtte og at Tyskland difor òg burde hjelpe Italia «i staden for å gje vekk millionar av euro til NGO-ar som er involverte i sjøredning, noko som berre gjer irregulær innvandring meir attraktivt.»

Han sa at det ville gje meining for tyske, italienske og EU-styresmakter å saman kontrollere EU si eksterne grense i Middelhavet. Dei som ikkje har visum, pass eller gode grunnar til å søkje asyl i EU burde «straks bli sende tilbake til heimlandet», sa han.

Han la til at han òg var ein sterk forkjempar for «diplomatiske soner» i afrikanske land, med samarbeidet til lokale regjeringar, der søkjarar kan sende inn asylsøknader og EU-tenestefolk kan undersøkje dei.

I ein separat rapport om flyktningesituasjonen i Tyskland, sa Welt am Sonntag at talet krigsflyktningar og asylsøkjarar kom til å nå 1,2 millionar i år i Tyskland, noko som tydar at fleire menneske kunne søkje asyl i landet enn i 2015, på høgda av den siste flyktningebølgja. På den tida vart 890 000 nye asylsøknader registrerte i den føderale Immigrasjons- og asyltenesta.

I år har rundt éin million kome frå Ukraina åleine. Dei blir gjevne opphaldsløyver utan nokon spesiell prosedyre. Innan slutten av oktober hadde 181 612 asylsøknader blitt sende inn, for det meste av syriske, afghanske, tyrkiske og irakiske nasjonalitetar. Talet asylsøknader heldt fram med å stige i november, og styresmakter forventa at dette vil nå 200 000 innan slutten på året, rapporterte Welt am Sonntag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s