Trudeau-regimet gav ordre om «eutanasi» på handikappa krigsveteran fordi ho kosta staten «for mykje pengar»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein handikappa krigsveteran i Canada har avslørt at Trudeau-regimet pressa ho til å ta imot eutanasi fordi ho ikkje hadde nok pengar til å få ein rullestolheis i heimen sin.

Ja, verkeleg.

Den pensjonerte hær-korporalen Christine Cauthier, ein tidlegare Paralympics-deltakar, vitna i Parlamentet torsdag [1.desember 2022] at ein saksbehandlar i Veterans Affairs Canada (VAC), som arbeidde på vegner av Trudeau-administrasjonen, kom med tilbod om assistert sjølvmord.

Etter årevis med frustrerande utsetjingar i å få heisen installert, sa Gauthier at saksbehandlaren fortalde ho: «Frue, dersom du verkeleg er so desperat, kan vi gje deg medisinsk assistanse i å døy no.»

Dailymail.co.uk rapporterer: Arbeidaren som kom med tilbodet har ikkje blitt namngjeven, men ein fryktar at vedkomande skal ha tilbydd tre andre veteranar som kontakta VAC på grunn av problema sine den same «løysinga», rapporterte Global News.

Skandalen dukka opp ei veke etter at ministeren for veteranaffærar bekrefta at minst fire andre veteranar på liknande vis vart tilbydd tilgang til Canada si Medical Assistance in Dying (MAiD)-lov som respons på problema deira, ein situasjon som statsminister Justin Trudeau kalla «absolutt uakseptabel».

Gauthier sa at ho har søkt om VAC-assistanse for å få ein rullestolheis til heimen sin sidan 2017.

«Det har isolert meg mykje, fordi eg må krype nedover på ræva med rullestolen framfor meg for å kunne kome inn i mitt eige hus,» fortalde ho Global News.

Ho sa at ho vart sjokkert over tilbodet om sjølvmord frå saksbehandlaren, som kom i ein samtale i 2019.

«Eg tenkte ‘eg kan ikkje tru at du vil… gje meg ein injeksjon for å hjelpe meg å døy, men at du ikkje vil gje meg verktøya eg treng for å hjelpe meg med å leve,’» sa ho. «Det var verkeleg sjokkerande å høyre den typen kommentar.»

Gauthier vart skadd i ei øvingsulykke i hæren i 1989, der ho pådrog seg permanent skade på knea og ryggrada.

Ho deltok i Dei paralympiske leikane i 2016 og Prins Harry sine 2016 Invictus Games som kanoroar, vektløftar og innandørsroar.

Gauthier sitt vitnesbyrd og rapportar om liknande saker har vekt folkets raseri, og Trudeau lovde å gjere endringar.

«Eg har sagt gjentekne gonger at dette er absolutt uakseptabelt, og so snart vi høyrde om dette gjekk vi til handling,» sa Trudeau i Vancouver sist fredag [2.desember 2022].

«Vi følgjer opp med etterforskingar og vi endrar prosedyrar for å sikre det som burde vere openbert for oss alle: at Veterans Affairs Canada, som er der for å støtte dei menneska som ofra seg for å tene landet sitt, ikkje har noko med å tilby dei medisinsk assistanse i å døy,» sa han.

Medisinsk assistert sjølvmord vart fyrst lovleg i Canada for terminalt sjuke pasientar i 2016, men i fjor vart lova utvida til å tilby eutanasi til pasientar som ikkje er forventa å døy naturleg i næraste framtid.

No kan menneske med langvarige handikap òg motta medisinsk assistanse til å døy. I fjor døydde meir enn 10 000 menneske i Canada som følgje av eutanasi.

Frå og med neste år vil ei ny lov late menneske som lid av psykisk sjukdom, som ikkje tidlegare hadde vore ein kvalifiserande tilstand, motta medisinsk assistert sjølvmord.

Utvidinga av kanadiske eutanasilover, som allereie er dei mest liberale på planeten, har skapt bekymring i enkelte krinsar.

Ein lege fortalde DailyMail.com at han er uroa om utvidinga, sidan det vil gjere sjølvmord om til ei standardbehandling for mentalhelsetilstandar med lite overoppsyn eller retningslinjer.

Dr. Trudo Lemmens, professor i helselov og -politikk ved Universitetet i Toronto, fortalde DailyMail.com at systemet kan skape ei «plikt til å introdusere [sjølvmord] som del av» mentalhelsebehandling.

«Førestill dykk at slikt blir anvendt i konteksten mentalhelse. Du har ein person som lid av alvorleg depresjon, søkjer hjelp frå ein terapeut og blir tilbydd døden som løysing,» heldt han fram.

Han fryktar at sårbare pasientar som ikkje er ved sine fulle fem kan bli overtyda om at sjølvmord er eit rimeleg alternativ. Dr. Lemmens kalla heile systemet eit «pervertert autonomi-konsept».

Der finst allereie teikn på at systemet feilar somme kanadiarar, med rapportar om menneske som får godkjent assistert sjølvmord fordi dei er diabetikarar eller heimlause.

Sist månad skapte ein mann som stod overfor utkasting internasjonale overskrifter då han heller søkte om å bli lovleg avliva enn å bli heimlaus.

Amir Farsoud (54) søkte om det drastiske tiltaket etter at huset han leigde rom i vart lagt ut for sal. Hans sterke ryggsmerter som ikkje kunne behandlast gjorde han kvalifisert for assistert sjølvmord under kanadisk lov.

Farsoud hadde fått éin av to legesignaturar som det statlege eutanasiprogrammet krev for å godkjenne sjølvmord – men ei GoFundMe-side sett opp i hans namn av ein framand enda opp med å samle inn over 60 000 dollar – nok til å gje han ein ny stad å bu og endre ønsket hans om å ville ende livet sitt.

Sist veke vart ein kanadisk motegigant skulda for å herleggjere sjølvmord etter at dei lanserte ein mediekampanje som såg ut til å fremje eutanasi.

«All is Beauty»-videoannonsen, lansert av La Maison Simons, sentrerer rundt ei terminalt sjuk kvinne, Jennyfer (37), som gjorde slutt på livet sitt med medisinsk intervensjon i oktober.

Videoen på tre minutt viser Jennyfer og hennar kjære vifte med såpebobler nær havet, ha piknikar i skogen med venner, og sjå eit dokkeshow.

Lydsporet til stemma hennar, som vart innspelt nokre veker for ho døydde, seier: «Eg brukte livet mitt med å fylle hjartet mitt med venleik, med natur, med tilknyting. Eg vel å fylle mine siste augneblinkar med det same… Dei siste andedraga er heilage. Når eg ser føre meg mine siste dagar, ser eg musikk. Eg ser havet. Eg ser ostekake.»

Yuan Yi Zhu, ein policy-ekspert ved Universitetet i Oxford, fortalde DailyMail.com: «Ved å presentere ei kvinne si avgjerd om å begå sjølvmord som eit livsstilsval for dei med høg inntekt, herlaggjer Simons sjølvmord og fortel sårbare kanadiarar at dei ville ha det betre som døde enn som levande.»

Videoen har òg fått kritikk frå sosiale mediebrukarar som fordøme den som «uhyggjeleg» og samanlikna den med «sci-fi-dystopi».

Sidan den vart lasta opp for rundt ein månad sidan, har videoen blitt sett meir enn 1,1 millionar gonger på YouTube. Eit 30-sekunds utdrag av videoen publisert på Twitter har blitt sett rundt 1,6 millionar gonger.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s