Saksyndig har valt å leggje ut eit avisinnlegg med tittelen «Fengsla i utlandet», skrive av Knut Johan Nerhus. Innlegget vart opphavleg publisert i lokalavisa Kvinnheringen 2.desember 2022, i tillegg til å bli lagt ut på AgendaLMK. Dette innlegget er ei viktig motstemme til Kvinnheringen sin eigen artikkel om Sigmund, som i beste fall er ei einsidig dekning av denne kompliserte saka. Er Sigmund kriminell eller er han ein helt? For at lesaren skal danne seg eit mest mogleg sannferdig bilete av saka, er det viktig at alle sider blir høyrt. Her kjem avisinnlegget:
Kvinnheringen skriv om ein mann frå kommunen vår som har site i dansk fengsel sidan 15. september. Etter å ha snakka med den danske påtalemakta, framstiller redaksjonen mannen som kriminell. Andre kjelder vil ha det til at mannen tvert imot er ein samvitsfange og at han er ein stor helt. Om dette siste er tilfelle, kan me stå overfor ein gedigen rettsskandale!
Mannen, som høyrer heime i Kvinnherad, er no innesperra på overtid. Han blir halden attende, uvisst av kva grunn. Vitne, som var tilstades under sjølve pågripinga, kan fortelja at dansk politi skildrar hendinga fullstendig feil. Medviten feil saksframstilling er ikkje eit ukjent fenomen. Det har også hendt i landet vårt. Politiet kan, dersom dei vil, lett bruka både lygn, knep, urett, plaging og trakassering, for å få det resultatet dei måtte ynskja seg.
Dersom norsk politi får inn ei bekymringsmelding, har dei rett og plikt til å etterrøka meldinga, ja, men også rett og plikt til å etterrøka meldinga sitt opphav.
Så, kvifor bry seg?
Dette handlar om solidaritet, om menneskerettar, menneskeverd og om etikk.
Loven sin lange arm er pålagt å bruka juss. Problemet med juss er at jussen er hjartelaus. Derfor er det så viktig at dei som er tilsette i politietaten kan meir enn det som står i lovboka. Det tyder at politiet skal kunna vera hjelpsame og kunna visa respekt for medmenneske. Dei må også kunna skilja mellom valdelege, opportunistiske og samvitsdrivne handlingar.
Oppfordringa til politiet i Kvinnherad blir: Hjelp denne mannen heim!
Han er ein av oss. Han har born, familie og pårørande som ventar. Dette bør vera ei prioritert oppgåve! I tillegg krev mannen å få tilbake bilen sin. Bilen er no beslaglagt i Danmark. Beslag kan gjerast dersom eit køyretøy ikkje er i forskriftsmessig stand. Eg har ikkje opplysningar om at kjøretøyet var i ustand. Derfor kan eg ikkje sjå noko god grunn for å ikkje imøtekoma kravet om tilbakelevering. Noko anna må bli å rekna for offentleg tjuveri.
Oppfordringa til bladet Kvinnheringen må bli å erkjenna at ei sak som oftast har fleire sider. Spesielt ved dekning av lokale saker, så har bladet eit ansvar overfor innbyggjarane i Kvinnherad. Generelt for heile landet, skal det vera lov å ytra seg og å vera usamd. Å ha ulike syn er rett og slett heilt greitt.
I straffesaker, skal det vera samsvar mellom ugjerning og straff. Bladet bør her fungera som ei vaktbikkje. Dersom det blir oppdaga ei simpel sak, der samsnakk, tilsnakk eller forenkla førelegg blir erstatta med innesperring i høgrisikofengsel på ubestemt tid, då er det avisa si fordømte moralske plikt å slå alarm og å stilla seg på offeret si side. Me lever trass alt ikkje i Russland.