Hellas lèt uvaksinert helsepersonell kome tilbake på jobb

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Den greske helseministeren annonserte sist veke at etter ein rettsleg ordre vil landet gjentilsetje tusenvis av helsepersonell som nekta å bli vaksinert mot covid-19.

Som andre land i Europa innførde Hellas reglar under pandemien som kravde at personale på sjukehus, legekontor og sjukeheimar måtte vere fullvaksinerte.

Insider Paper rapporterer: Regelen som vart innført for eit år sidan førde til at rundt 6500 uvaksinerte helsepersonell vart sett på sidelinja, og fekk hard motbør frå den største fagforeininga til sjukehusarbeidarar.

Hellas sin toppadministrative domstol, Statsrådet, bad om at tiltaket vart avskaffa sist veke som følgje av ein klage frå fagforeininga.

«Avgjerda vil bli implementert, sjølv om eg må seie til dykk at det er ei farleg avgjerd for folkehelsa,» fortalde helseminister Thanos Plevris til Mega TV.

Plevris sa at regelen sannsynlegvis ville bli avskaffa frå 1.januar, om ikkje tidlegare.

Den greske dagsavisa Kathimerini rapporterte sist månad at meir enn 2000 helsepersonell framleis er uvaksinerte, inkludert rundt 170 legar.

Meir enn 5,3 covid-infeksjonar har blitt registrerte i Hellas sidan byrjinga på pandemien, ifølgje helseministeriet, med over 34 000 dødsfall tilskrive viruset.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s