Er du sikker på at du ikkje er ein frosk?

Av Josefine Bru. Skrive ca. 2019 i noverande univers.

Å koke ein frosk er enkelt. Ein treng ikkje eingong lòk til panna. Trikset er å gradvis heve temperaturen, slik at frosken ikkje merkar denne sakte, men sikre stigninga. Fyrst er temperaturen behageleg, slik at amfibiet blir lurt til å tru at alt er i sin skjønnaste ordet. Deretter, når vatnet blir varmare og varmare, glir frosken til slutt inn i ein sløv tilstand der det aldri vil falle han inn å sleppe unna – endå det ikkje er eit lòk som stengjer han inne. Hans ultimate lagnad er når vatnet er so varmt at han misser medvitet. Då er løpet køyrt, og vi kan alle nyte eit måltid kokt frosk.

Psykopatar – eller psykofagar, som eg er frista til å kalle dei – opererer ofte på denne måten i forhold. Dette gjeld begge kjønn. Offeret er frosken i den lòklause panna med det svikefullt varme og behagelege vatnet. Det er alltid lettast å sleppe unna i byrjinga. Den varme temperaturen er lovnadene om kjærleik, dei materielle godene og den gode sexen som psykofagen lurer offera sine med. Spesialfeltet deira er trass alt kløktig manipulasjon. Alt handlar om å nyte den deilige, kokte frosken. Og offeret, naturlegvis, aner fyrst uråd når det er for seint å sleppe unna.

Moderne norske forhold er stort sett ei form for prostitusjon, kan enkelte seie. Eg vel å kalle det ein byteøkonomi. Eit sett av transaksjonar med det mål å oppnå størst mogleg nyting for minst mogleg innsats. Den eine parten har noko den andre vil ha, som regel romantisk intimitet eller materielle goder. Den eine gjev noko og får noko anna i byte, som regel monopol på kvarandre sine kroppar, tid og omtanke.

Psykofagen er ikkje ute etter denne velfungerande byteøkonomien. Han eller ho vil oppnå ein bytteøkonomi, der dette byttet er ein ressurs som kan brukast og misbrukast etter behov. Offeret blir brukt til underhaldning, levande sexleiketøy eller pengekjelde. Sjølve leddet -fag i psykofag antyder at vedkomande sitt ultimate mål bokstavleg tala er å ete offeret, derav likninga med frosken i den lòklause panna.

I den moderne verda har enkelte krefter laga det slik at kjærleik er svært vanskeleg å finne, kanskje spesielt i kongeriket Noreg, der verdien din er nært knytt opp til saldoen din eller kroppsforma di. Ein stygg mann kan alltids få seg nokon om han har mykje pengar. Ein pen mann treng ikkje nødvendigvis pengar, men han har ein tendens til å ha det. Ei pen dame får alt ho peikar på, og når verda ein sjeldan gong viser ho fingeren, går ho til media eller domstol for å få viljen sin. Ei stygg dame kan som regel alltids få seg noko som passerer for ein viljug menneskekropp, men rike, pene menn er noko som nesten alltid berre finst i hennar fantasiar. Dei som aldri finn nokon, er dei som ikkje elskar seg sjølv, og som trur dei ikkje fortener kjærleik. Det er dei som blir lurt opp i forholdspanna med det behageleg varme vatnet. Det er gjerne fyrste gong dei nokosinne hoppar opp i slik ei panne, og ingen kan klandre dei. For dei er dette ein oase i ørkenen, og ingen kan eller bør sjå stygt på ein tørst ørkenvandrar som drikk grådig når han eller ho omsider finn vatn. Og det endar ikkje godt, for å seie det kort.

I desse dagar eskalerer forhold vanvitig fort. Folk ser nokon dei likar på Tinder, møtest på rein impuls for kaffi – og plutseleg har dei kjøpt leilegheit saman. I enkelte tilfelle kan ein seie at dette osar av hastverk. Kanskje til og med desperasjon. Kan hende endar det godt – og som regel gjer det det. Kan hende er den eine parten ein psykofag, medan den andre er ein frosk. Enkelte forhold er som kjent feller. Panner med varmt vatn som berre vil bli varmare og varmare.

Målet til psykofagen er å ete frosken. Å få det han eller ho vil ha av offeret. Det kan vere sex. Pengar. Born. Ein stad å bu. Ein karriere. Målet er det berre psykofagen sjølv som veit. Frosken er lukkeleg – eller ulukkeleg – uvetande om kva som er i ferd med å skje. Temperaturen aukar og alt er over. Vatnet byrjar å boble og alle tenkjer at frosken burde ha visst betre. Når noko er for godt til å vere sant, er det i åtte av ti tilfelle sannsynlegvis det.

Er du sikker på at du ikkje er ein frosk?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s