Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I fjor gav anonyme kjelder ut eit dokument med tittelen «The Themis Report: Anatomy of Infiltration in the Grassroots Health Freedom Movement» [«Themis-rapporte: Infiltrasjonsanatomi i grasrothelsefridomsrørsla»], som, slik namnet antydar, adresserer eit potensielt særs alvorleg problem som plagar helsefridomsrørsla: infiltratørar.
Nylege avsløringar blant helsefridomsfigurar har trekt fersk merksemd til Themis-rapporten. Mange spør seg no: Blir legitime helsefridomsgrupper infiltrert av bløffmakarar som veit korleis ein hermar etter den ekte vara medan dei går i eitt med dei andre og fører rørsla ned den galne vegen?
Det er visseleg mogleg at ikkje alt er kva som det ser ut til å vere når det gjeld «motstand». Mange djuptgåande maktstrukturar har herska over planeten særs, særs lenge, og kjenner seg truga over alle sanningane som kjem ut – so mykje at det faktisk berre vil gje meining for dei å introdusere «kaosagentar» i blandinga.
Kaosagentar i denne konteksten er medlemmer av opposisjonen, altso pro-tyranni-flokken, som læst som dei støttar helsefridom medan dei får tilgang til dei inste sirklane av rørsla. Dei dukkar opp på kommunikasjonsplattformer slik som Telegram der helsefridomsforkjemparar samlar seg, og byrjar å kapre samtalen i det stille.
Kaosagentar eksisterer for å sabotere helsefridomsrørsla anten ved å føre medlemmene ned kaninhòl som fører ingenstad, eller med vilje plante falsk informasjon blant sannferdig informasjon for å diskreditere effektiviteten til rørsla. Alt som underminerer suksessen til helsefridom er eit alternativ for kaosagentar.
«Ekstremt mektige interesser (*kremt* ‘aksjehaldarar’ som har innleigde konsernagentar som hevdar at dei er i stand til å ‘gjere reie for behova til… samfunnet som eit heile’ og truleg òg Djupstaten, bankindustrien, militærkomplekset, energibaronar, …) utøver makt,» skriv Matthew Crawford i sin ‘Rounding the Earth Newsletter’.»
«Personleg har eg følt i fleire år allereie at vi er i World War E, men eg er alltid open for å høyre rimelege tolkingar.»
Det Crawford meiner med alt dette er at mykje står på spel. Billionar av dollar står på spel dersom helsefridomsrørsla lykkast, noko som forklarer kvifor milliardar allereie har blitt kasta på situasjonen for å prøve å leggje lok på den.
«Innsatsen er høg nok til at alle som ikkje ville ha forventa infiltrering av motstandsrørsla er … nøyaktig den typen avgangselev frå den offentlege skulen som herskareliten elskar,» seier Crawford.
«FBI har ei lang historie av slik infiltrering i aktivistorganisasjonar av alle typar, men sidan etableringa av Kontoret til direktøren for nasjonal etterretning, held heile det sivile og militære etterretningsapparatet til i same hus, slik at essensielt alle verktøy er tilgjengelege for alle. Kanten mellom (1) bankkollaps følgt av gjenoppretting av jamsterke deltakarar, og (2) djupstats-mafiastil-totalitarisme er ikkje tynn – den er uklar. Desto verre er vi tydelegvis gått over i femte generasjons krigføringsterritorium der vi kan og burde forvente ikkje-statlege aktørar som rivaliserer for interessene sine i det store spelet av N-dimensjonalt kaos-sjakk.»
Dette er femte generasjons krigføring og innsatsen er høg
Ifølgje Themis-rapporten finn fleirtalet av helsefridomsorganisering for tida stad på Telegram. Det gjev difor berre meining at dersom kaosagentar og infiltratørar aktivt går på rørsla, er det meir sannsynleg at dei gjer det på Telegram.
Taktikken deira inkluderer dei følgjande seks grunnleggjande prinsippa:
- Herme etter aktiviteten til eksisterande grupper
- Gå etter gruppeeigarar og installere botar
- Ta kontroll over typane av innhald som kan bli delt
- Styre gruppa inn i uproduktive kanalar og føretak
- Implementere strategisk skadekontoll når dei blir eksponerte
- Hauste dei private dataa til medlemmer og informasjon om rørsla deira
Dette er speleboka deira i eit nøtteskal. Dersom du er nokon som er involvert i ei helsefridomsgruppe, tenk over kvart av desse seks punkta og spør deg sjølv: finst der medlemmer du kjenner som kan kvalifisere som kaosagentar?
Å skape ei heksejakt er forresten ikkje føremålet med denne tankeøvinga. Det er meir ei vekking for å oppmuntre helsefridomsforkjemparar til å følgje nøyare med på andre i rørsla og bli merksame på somme av taktikkane som er vanlege å bruke for å prøve å kapre den.
«Det er ikkje ein ny strategi,» seier Crawford om korleis helsefridomsinfiltratørar er trena opp i å vere gode i det dei gjer, og å gå i eitt med rørsla utan å bli oppdaga.
«Blir paraplyorganisasjonar brukte til å lure til seg fisken? Eg er viss på at i somme tilfelle er svaret ja. Kva er målet deira? Det er langt meir kompleks. I femte generasjons krigføring snakkar vi ikkje lenger om statlege aktørar – vi snakkar om komplekse ordenar av interesser.»
Etter å ha saumfare fleire hundre sider av dokument og informasjon om temaet, har Crawford identifisert etterretningsbyrå som moglege kjelder til desse kaosagent-infiltratørane, saman med religionen scientologi, som han seier har «alltid hatt somme overlappande interesser med medisinsk fridom-rørsla i den grad at dei opponerer mot moderne psykiatri og somme aspekt av det korporatistiske medisinske systemet.»
Sjekk ut Themis-rapporten sjølv for å sjå om noko som helst anna om kaosagent-fenomenet får det til å ringje ei bjølle hjå deg om noko du personleg har observert i dine eigne helsefridomssirklar.
Den noverande djupstatskontrollerte verdsordenen ser ut til å liggje i ruinar, trass agentane deira sine beste forsøk på å stoppe skipet frå å søkke.