Dolly Parton: «Satan er ekte og han prøver å øydeleggje verda vår»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Country-superstjerna Dolly Parton kom med ein lidenskapeleg reprimande av Satan under eit TV-program i beste sendetid torsdag [1.desember 2022], der ho erklærte at «Satan er ekte» og at han prøver å øydeleggje den vedunderlege verda vår.

Den Grammy-vinnande songarinna framførde hitlåta si «Go to Hell» under ein julespesial på NBC sist torsdag.

«Ta krigane og politikken dykkar, lysta og grådigheita dykkar, og dra til helvete i ei handkorg, fordi himmelen ventar på meg,» song Dolly. «Du er ein juksemakar, du er ein løgnar, du er ein kjeltring og ein tjuv.»

Faithwire.com rapporterer: Dolly dansa og song med eit kor medan ein mann som førestilte Satan følgde ho rundt på scena. På eitt punkt stoppar Parton for å levere klimakset i framføringa: ei minipreik retta mot djevelen.

«Mine brør og systrer: eg her her for å fortelje dykk at Satan er ekte. Han er ekte og vandrar blant oss, og prøver å øydeleggje alt som er godt og vakkert,» sa ho. «Han ønskjer å knuse hjarta og sinna våre, øydeleggje draumane og planane våre. Han ønskjer å rive oss opp i småbitar, bryte oss ned og sende oss lukt til helvete.»

Og Parton var ikkje ferdig der. Ho sa at hennar Gud «kan gjere alt,» inkludert lækje dei sjuke, reparere hjarte og frakte sjeler til himmelen.

Parton har ope snakka om trua hennar på Gud, og har vore partnar med kristne musikkartistar dei seinare år.

Ho vann ein Grammy i 2021 saman med den kristne songaren Zach Williams for Beste noverande kristne musikkframføring/song for duetten deira av Williams sin song «There Was Jesus».

Ho vann òg ein Grammy i 2020 saman med det kristne bandet For KING & COUNTRY for duettutgåva av singelen deira «God Only Knows».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s