Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.
Samandrag
Artikkelen antydar at du kan ta talet leverte vaksinedosar og dele på 1000 for å få eit estimat av talet menneske drepne av covid-vaksinen.
Denne Twitter-meldinga frå forfattaren [Denis Rancourt] oppsummerer det:
«I vår nye artikkel, som vil bli publisert denne veka [meldinga vart publisert 8.februar], estimerer vi at 13 MILLIONAR er drepne av covid-19-vaksinane per dags dato, over heile verda. Det store fleirtalet [er] gamle og skrøpelege. Talet for India åleine er 3,7 millionar. Dødelegheit av alle årsaker er ei mektig informasjonskjelde.»
Detaljane
Artikkelen: «Age-stratified COVID-19 vaccine-dose fatality rate for Israel and Australia».
Den komplette historia om korleis universitet underminerer folk som Denis Rancourt som fortel sanninga.
Hovudresultatet
Artikkelen avdekkjer at vDFR (vaksine-dose-dødelegheitsrate / vaccine-dose fatality rate) er eksponentiell når det gjeld alder.
Artikkelen påpeiker at «det er ikkje urimeleg å anta ein allbefolkningsverdi av vDFR = 0,1%.»
I USA har 670 millionar dosar blitt gjevne, so estimatet er at 670 000 menneske har blitt drepne av covid-vaksinar i USA.
Eg har sagt lenge at URF [underrapporteringsfaktoren] i VAERS er 41, og der er 16 300 amerikanske overtalsdødsfall i VAERS (når ein trekkjer frå 250 bakgrunnsdødsfall per år som blir rapportert inn i VAERS) som utgjer 668 000.
668 000 ligg svært nær 670 000, gjer det ikkje?
For eit fabelaktig «samantreff»!
Oppsummering
Artikkelen gjev ein enkel måte å estimere talet menneske eit land har drepe ved å ta i bruk covid-vaksinane: 0,001 av dosar.
Kort fortalt kan du berre ta talet vaksinedosar i millionar og berre endre «millionar» til «tusenvis» for å estimere talet menneske som har blitt drepne av vaksinen.
Ved å bruke data frå Israel og Australia, estimerer artikkelen 13 millionar dødsfall på verdsbasis av covid-vaksinane:
«Covid-19-vaksinane mislykkast ikkje berre i å redde liv, men dei er høgst giftige.
På global skala, med tanke på dei 3,7 millionar dødsfalla i India åleine, med ein vDFR = 1% (Rancourt, 2022), og med tanke på dei aldersoppdelte vDFR-resultata som er presentert i dette arbeidet, er det ikkje urimeleg å anta ein allbefolknings global verdi av vDFR = 0,1%. Basert på det globale talet covid-19-vaksinedosar administrerte per dags dato (13,25 milliardar og 24 dosar, til og med 24.januar 2023, Our World in Data), vil dette tilsvare 13 millionar dødsfall av covid-19-vaksinane over heile verda. Til samanlikning er det offisielle talet covid-19-dødsfall frå Verdas helseorganisasjon (WHO) 6,8 millionar (6 817 478 dødsfall, rapportert til WHO per 3.februar 2023), noko som ikkje blir registrert som covid-19-tilskrivande dødsfall i ACM-studiar.»