Fingeravtrykka til uvaksinerte lærarar vart sendt til FBI medan CDC samla «diger liste» over «vaksinenektarar»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Lærarar i New York by som takka nei til covid-vaksinasjon, fekk sine sensitive biometriske data i form av fingeravtrykk sendt til FBI og Criminal Justice Services, ifølgje sensasjonelle rettsdokument.

Advokat John Bursch sa i open rett at New York-lærarane vart merkte med problemkodar i personalmappene sine, og når det skjedde «vart fingeravtrykka deira sendt med den merkinga til FBI og Criminal Justice Services i New York».

Du kan lytte til Bursch som kjem med denne meldinga 8.februar 2023 på 5:30-merket i lydinnspelinga av rettsprosedyren.

Kjelda til denne informasjonen er Betsy Combier, som skreiv ein affidavit i Kane v. de Blasio-saka der ho skreiv at uvaksinerte lærarar fekk eit «problemkode»-merke som «deretter vart sendt til dei nasjonale databasane ved både det føderale byrået for etterforsking (FBI)» og Justisdepartementet (DOJ).

I den føderale retten 8.februar fastslo advokat Susan Paulson, som forsvarte New York by, at lærarar som vart oppsagt for å takke nei til covid-vaksinasjon, ikkje vart fjerna på grunn av feil åtferd, men heller for å ikkje oppfylle tilsetjingskravet.

Dersom det ikkje var noka feil åtferd, kvifor vart fingeravtrykka til uvaksinerte lærarar sendt til FBI?

Nyheita følgjer offentleggjeringa av sensasjonelle føderale regjeringsdokument som avslører at folk som nektar covid-19-vaksinasjon, blir plassert på ei liste og spora av Centers for Disease Control and Prevention (CDC).

Ifølgje den sjokkerande videoen som National File [ein uavhengig nyheitsformidlar; oms.an.] fekk tak i, blir uvaksinerte i det stille spora når dei fer til legekontor eller på sjukehus på grunn av eit nytt, stille program føreslege og implementert av CDC. Det nye programmet er designa for å «spore menneske som ikkje er immuniserte eller berre delvis immuniserte».

Legar vil no rapportere inn dei som nektar covid-vaksinasjon som delinkventar i ein diger database. Dei vil gjere dette ved å bruke ICD-10-kodar.

National File rapporterer: Dette sensasjonelle bevismaterialet vart avslørt under det virtuelle Zoom-møtet 14.-15.september 2021 med den føderale regjeringa sin ICD-10 Koordinerings- og vedlikehaldskomité (som inkluderer representantar frå Centers for Medicare and Medicaid Services, kjent som CMS, og CDC sitt National Center for Health Statistics).

På møtet diskuterte komiteen nye kategoriar av ICD-10-kodar som CDC sitt National Center for Health Statistics (NCHS) ønskte å skape, for å merkje menneske som «uvaksinerte mot covid-19), «delvis vaksinerte mot covid-19» og «annan under-immuniseringsstatus».

Komiteen gjorde det tydeleg at dei nye kodane ville bli brukt for å «spore» uvaksinerte. På møtetidspunktet ville dei som hadde biverknader etter ein tidlegare vaksine framleis bli kategoriserte som uvaksinerte eller delvis vaksinerte, sjølv om dei er fysisk ute av stand til å ta fleire vaksinar eller oppfriskningsdosar.

CDC implementerte dei nye kodane for å spore uvaksinerte i april 2022, ifølgje eit dokument publisert på ei CMS-nettside tilhøyrande den føderale regjeringa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s