Kjelda til McDonald’s-kjøt funnen? Smaklaus reklame for McCrispy-burger ved sida av skilt til krematorium opprører britar

Det er ein velkjent konspirasjonsteori at McDonald’s har ganske so lugubre kjelder til kjøtet i sine berømte hamburgarar. Denne artikkelen frå RT.com nører oppunder denne elden – for å seie det mildt. Klin inntil eit skilt som viser veg til eit krematorium i Storbritannia, finn den vantru vegfarande ein reklameplakat for McCrispy på eit busskur. Er det til McDonald’s dei «godt steikte» lika eigentleg tek vegen, mot eit sjenerøst vederlag til dei etterlatne? Naturlegvis ikkje, men plasseringa av reklameplakaten er ganske so smaklaus.

RT.com rapporterer: «McDonald’s trekkjer tilbake «smaklaus» reklame nær krematorium. Det vart frykta at «McCrispy»-reklamen kunne opprøre sørgjande familiar.»

Hamburgarkjeda bad om orsaking, men enkelte lokale innbyggjarar såg humoristisk på det. Dette fann stad i Truro i det britiske fylket Cornwall, og fekk merksemd på sosiale media fredag 10.februar. Ein innbyggjar uttalte til lokale britiske media (her sitert frå RT.com-artikkelen; mi omsetjing):

«Sjølv om eg kan sjå det på den morosame sida, er det smaklaust, og eg er sikker på at somme sørgjande familiemedlemmer ikkje kjem til å like å sjå den når dei besøker Penmount [krematoriet] for gravferda og kremeringa av ein av sine kjære.»

Mora til innbyggjaren skal ha blitt kremert der i fjor.

Ikkje alle skal ha blitt fornærma. Somme fall visstnok av stolane fordi dei lo so kraftig. Ein annan påpeikte at dette ikkje var særleg verre enn fylkesrådet si vurdering av å late eit krematorium bli bygt vegg i vegg med ein landsby for pensjonerte.

McDonald’s sa i ei melding til lokale media fredag, etter at biletet av reklameplakaten gjekk viralt, at dei skulle fjerne den so fort som mogleg. Cornwall fylke, som driv både krematoriet og eig busskuret med reklameplakaten, hadde ingen kommentar å gje til lokale media.

For ordens skuld vil eg her presisere at når eit lik fyrst er blitt kremert, er det som igjen ikkje eigna til menneskemat, heller ikkje i McDonald’s sine verdsberømte hamburgarar. Etterleivningane kan til naud bli del av ein milkshake eller ein smoothie.

Kannibalisme i samband med dødsfall av familiemedlemmer skal ifølgje skrekkslegne arkeologar ha blitt praktisert av dei tidlege menneska, før neandertalarane lærte dei konseptet gravferd. Det vart funne bitemerke etter mennesketenner på menneskebein og -knoklar, men aldri bitemerke etter neandertalartenner på verken neandertalar- eller menneskebein. Dette vart so vanskeleg å bortforklare at dei fleste arkeologimedium hissig avfeiar det som løgn og bedrag. Faktum er at kannibalisme framleis blir praktisert som ein måte å bli kvitt dei døde, riktig nok av isolerte folkeslag som av Vesten blir rekna som primitive.

I nyare tider har kannibalisme som eit tredje alternativ til dødsfallsritual (i tillegg til gravlegging og kremering) mellom anna blitt parodiert av Monty Python i deira berykta «Undertaker’s Sketch». Som gravferdsagenten (spelt av avdøde Graham Chapman) seier til kunden (John Cleese) etter at sistnemnde uttrykkjer ubehag over å ete si eiga døde mor:

«Dersom du føler deg litt skuldig etterpå, kan vi grave ei grav, og du kan kaste opp i den.»

Det einaste eg kunne tenkje meg som var verre enn ein McDonald’s-reklame ved sida av skiltet til eit krematorium, ville ha vore om eit slakteri plutseleg opna ei forretning ved sida av ein sjukeheim.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s