Kina til USA etter Hersh-artikkel om USA si rolle i Nord Stream-åtak: «Forklar dykk sjølve til verda»

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Kina har respondert på sensasjonsreportasjen av Seymour Hersh, som påstår at den amerikanske regjeringa stod bak åtaket som øydela Nord Stream-gassrøyrleidningane i fjor.

Beijing krev no at USA må «forklare seg sjølve til verda» dersom avsløringane i Seymour Hersh sin reportasje er sanne.

Ifølgje den eksplosive reportasjen av den Pulitzer-pris-vinnande journalisten, planla USA øydelegginga av Nord Stream-røyrleidningane lenge før Russland gjekk inn i Ukraina, og utførde bombinga i djupaste hemmelegheit for å unngå å bli eksponert for å utføre «ei krigshandling» mot Russland.

Summit News rapporterer: Ifølgje Hersh sine kjelder vart eksplosiva planta i juni 2022 av amerikanske marinedykkarar under påskot av BALTOPS 22 NATO-øvinga, og vart detonerte tre månader seinare med eit fjernsignal sendt ut av ei sonarbøye.

Ei kjelde fortalde til Hersh at planleggjarane visste at den hemmelege operasjonen var ei «krigshandling», og at somme i CIA og Utanriksdepartementet åtvara «Ikkje gjer dette. Det er dumt og vil bli eit politisk mareritt om det kjem ut.»

No krev Beijing at Det kvite hus adresserer temaet, tilsynelatande uimponerte over Biden-administrasjonen sin heller svake respons, som var å rett og slett stemple historia som «falsk».

Tidlegare i dag [10.februar 2023] sa Mao Ning, talskvinne for det kinesiske utanriksministeriet, at Washington må ta på seg ansvaret dersom reportasjen blir bekrefta som sannferdig.

«Dersom konklusjonane til etterforskinga er sanne, er USA si åtferd uakseptabel,» sa diplomaten til reporterar, og la til at USA kom til å måtte «forklare seg sjølve til verdssamfunnet».

Kreml responderte òg på reportasjen gjennom å krevje ei fersk, internasjonal etterforsking rundt åtaket, som kom etter at både Joe Biden og Victoria Nuland slo fast at røyrleidningane ville bli tekne ut dersom Russland invaderte Ukraina.

Pressesekretær i Kreml, Dmitry Peskov, sa at Hersh sin artikkel viste «behovet for ei open, internasjonal etterforsking rundt dette hittil usette åtaket på denne kritiske infrastrukturen».

«Det er ein særs viktig artikkel, som… må provosere fram fortgangen av den internasjonale undersøkinga. Men vi, på den andre sida, er vitne til forsøk på å i det stille avvikle slik internasjonal etterforsking,» la han til.

I mellomtida, i Tyskland, ber partiet Alternativ for Tyskland (AfD) òg om ei full undersøking.

«Vinnaren av Pulitzer-prisen sine mistankar må etterforskast,» skreiv medleiar i AfD si parlamentgruppe, Tino Chrupalla.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s