Disney sensurerer «The Simpsons»-episode som nemner tvangsarbeidsleirar i Kina

Av Ramon Tomey, Natural News. Omsett av saksyndig.

The Walt Disney Company sensurerte ein episode av «The Simpsons» som nemnde tvangsarbeidsleirar i Kina.

Ifølgje reportasjar vart episoden ved namn «One Angry Lisa» fjerna frå biblioteket til Disney+ sin strøymeteneste i Hong Kong. Den vart opphavleg sendt i USA i oktober 2022.

Den sensurerte episoden handlar om rollefiguren Marge Simpson som syklar på ein treningssykkel. Ho blir vist bilete av Den store muren i Kina av instruktøren Jesse. Han kommenterer: «Sjå på undera i Kina: Bitcoin-gruver, tvangsarbeidsleirar der barn lagar smarttelefonar.»

«The Simpsons», som no er i sin 34.sesong, hamna under vengja på Disney då dei kjøpte 20th Century Fox i 2019. Derimot er ikkje dette den fyrste episoden som underhaldningsgiganten sensurerte for å tilfredsstille Beijing.

I november 2021 rapporterte Daily Mail at Disney sensurerte ein episode frå programmet sin 12.sesong som rørte ved massakren på Tiananmen-plassen. Episoden, som hadde tittelen «Goo Goo Gai Pan», handla om Marge si syster Selma som prøvde å adoptere ein foreldrelaus unge i Kina, og vart fyrst sendt i mars 2005.

I løpet av adopsjonsreisa stoppar ho [Selma] ved den berømte plassen – som i 1989 var stad for ei brutal nedslåing mot demokrati-tilhengjarar som demonstrerte. Ein plakett på plassen har teksten ‘På denne staden, i 1989, skjedde det ingenting’.» Dette tener som det fyrste nikket mot hendinga, som er høgt undertrykt av Det kinesiske kommunistpartiet (CCP).

Episoden viser deretter Selma som står framfor ei stridsvogn, episoden sitt andre nikk til hendinga. Scena er referanse til det berømte «Stridsvogn-mann»-fotoet, som involverer ein mannleg demonstrant som står framfor ei linje av fire stridsvogner.

Daily Mail la til: «Episoden inneheld òg skarpe kommentarar om Tibet, der Beijing har blitt skulda for religiøs undertrykking, og Den kulturelle revolusjonen, ein øydeleggjande periode av uro i det siste tiåret av styret til Mao Zedong.»

Disney-sensur oppstod på grunn av «bekymring» for forretning i fastlands-Kina

I eit intervju med Financial Times, gav associate professor ved Hong Kong Baptist University sitt filmakademi, Kenny Ng ei forklaring på kvifor Disney valde å sensurere «One Angry Lisa».

Ifølgje han kan Disney ha fjerna episoden som eit føre-var-tiltak på grunn av bekymringar for forretningane sine med fastlands-Kina – som inkluderer mange temaparkar. Disney styrer to temaparkar i kommunistnasjonen, ein i Shanghai og ein annan i Hong Kong.

«Det kan vere strategisk å fjerne alle episodar som fornærmar Kina,» sa Ng, fordi å gjere det hadde «meir å gjere med selskapet sine band – noverande og framtidige – til fastlandet.»

«Kina påstår at slavearbeidsleirane deira berre er eit ‘fattigdomslette-program’,» påpeikte Breitbart sin Senior Writer John Nolte. «Ingen anstendig person trur på det. Heile Kina som land er ein slavestat.»

Nolte nemnde òg korleis Disney selde seg til Kina tilbake i 2019 i staden for å støtte fridom og demokrati, verdiar som demonstrantane i Hong Kong det året kjempa for.

Sportsnettverket ESPN, der Disney eig majoriteten, åtvara journalistar mot å diskutere forholdet mellom fastlandet og den spesielle administrative regionen. Nettverket sin Senior News Director Chuck Salituro kom med denne åtvaringa via ei internmelding til alle tilsette. Han sa og at seniortilsette i ESPN overvaka alle program medan dei diskuterte dagens nyheiter.

Åtvaringa til Salituro følgde ei Twitter-melding av Daryl Morey, general manager i NBA sine Houston Rockets, som uttrykte støtte for Hong Kong si pro-demokratiske rørsle. Twitter-meldinga fall ikkje i god jord hjå CCP, noko som førde til at den profesjonelle ligaen og kommisjonæren deira Adam Silver fordømte Morey.

Nolte kommenterte til slutt: «Ein grunn til at Hollywood ikkje ønskjer å fornærme Kina sine nazistar, er at Hollywood respekterer og innrømmer Kina sine nazistar.»

Sjå dette klippet frå «The Simpsons», som spår hovudstraumsmedia si involvering i ein «plandemi».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s