Project Veritas-grunnleggjar James O’ Keefe har blitt suspendert av sitt eige styre

David Sörensen skriv på Stop World Control at James O’Keefe, grunnleggjar og frontmann i Project Veritas, har blitt suspendert med lønn av sitt eige styre. Dette bekreftar òg ein artikkel i New York Magazine frå 8.februar 2023. Artikkelen skriv ikkje spesifikt kvifor O’Keefe har blitt fjerna frå stillinga, men artikkelen antydar indre strid, søksmål frå tidlegare tilsette, lekkasjar om korleis organisasjonen fungerer på innsida, og ei føderal etterforsking rundt åtferda til Project Veritas i å kjøpe ei dagbok som vart stolen frå Ashley Biden, dottera til «president» Biden. O’Keefe sjølv har ikkje svart på førespurnader om grunnen til at han plutseleg er ute av organisasjonen. Det skal vere eit møte fredag 10.februar, der hans potensielle avskjed skal bli diskutert – dette ifølgje ei kjelde som kjenner til saka.

Kjelda seier vidare at (sitat frå nemnde artikkel) «Project Veritas for tida er delt mellom ei gruppe av tilsette som blir oppfatta som lojale overfor O’Keefe, inkludert kommunikasjonsrådgjevaren hans, R.C. Maxwell, og styret, som har vore misfornøgde med det som dei oppfattar som dårleg leiing frå O’Keefe si side.» Ymse styremedlemmer har ikkje svart på spørsmål frå artikkelforfattaren av New York Magazine-artikkelen.

Det var heilt stille på O’Keefe sine vanlegvis aktive kontoar på Twitter og Instagram. Det står i skrivande stund (10.februar) heller ingenting på Project Veritas sine heimesider.

Etter å ha blitt starta på eit minimalt budsjett, har nonprofit-organisasjonen Project Veritas vakse til ein diger nyheitsorganisasjon med eit årleg budsjett på meir enn 20 millionar dollar. Tidlegare tilsette skildrar derimot O’Keefe som ein uberekneleg og ofte sint sjef. Dei som var kritiske til hans leiarstil skal ha blitt hånt og til og med oppsagt. Eit brev på 11 sider skal ha skildra O’Keefe som ein «maktkåt tyrann».

David Sörensen i Stop World Control spekulerer i om O’Keefe kan ha blitt offer for ein svertekampanje frå den vondsinna globalist-eliten som han i årevis har prøvd å eksponere. Med hans eigne ord:

«I sjeldne tilfelle kan det vere legitimt å reise seg mot ein leiar, sidan gode menn stundom endar opp i den same vondskapen som dei fyrst kjempa mot. Men eg har sett fleire situasjonar der det rett og slett er eit innside-åtak, for å fjerne ein person som rett og slett gjer for mykje skade på mørkets rike.

Klart, folk har sitt, og gjer feil. Absolutt kan folk med sterk karakter vere vanskelege å arbeide med. Dersom du skal gjere det James O’Keefe gjer, bør du helst vere laga av diamant for å slå deg gjennom betongveggane av korrupsjon. Desse mennesketypane er ikkje alltid lette å jobbe med.

Men det som eg har sett igjen og igjen, er at folk som ikkje har det same motet, som ikkje har bygt det same ministeriet, som ikkje har risikert liva sine, som ikkje har blitt raida av FBI, som ikkje har blitt truga, og som aldri stakk hovudet fram for å gjere det som krevst for å kraftfullt kjempe tilbake mot vondskap, elskar å fokusere på svakheita til den eine personen som GJER alt det førenemnde.

Ingen tvingar deg til å bli verande ein stad der du ikkje er komfortabel. Dersom du trur du kan gjere det betre, trekk deg ut og gjer det sjølv. Sjå om du kan byggje opp det same ministeriet, og betre. Men nei… dei bestemte seg for å utføre eit kupp. Dei tek over alt arbeidet som vart bygt av nokon andre, og trur dei kan klare seg utan personen som har betalt prisen for å byggje opp Project Veritas.»

Noko liknande skjedde med dr. Simone Gold, grunnleggjaren av Americas Frontline Doctors. Ho gav covid-sjuke pasientar hydroksyklorokin, og vart på grunn av dette oppsagt, stod utan inntekt og var åleinemor. I staden for å (i mine ord) grine og runde Netflix medan verda hennar låg i grus, samla ho legar frå heile USA og fortalde verda at covid kan både behandlast og kurerast. Fordi ho 6.januar gjekk inn i Kongressbygningen, raida FBI heimen hennar, og ho sat seks månader i fengsel. Ho vart forrådt av ein av sine eigne tilsette, som kom med falske påstandar.

Reiner Füllmich vart òg offer for falske påstandar. I hans tilfelle kom desse frå medgrunnleggjaren hans i Koronaetterforskingskomiteen, Viviane Fischer, som fram til då hadde vore hans næraste allierte.

Heltane i frontlinja må diverre før eller seinare rekne med svik frå sine næraste, og påfølgjande sverting frå sine fiendar. For å sitere David Sörensen:

«Lat oss ikkje forråde menneskeheita sine heltar. Stå ved deira side. Dei ofra alt for oss.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s