Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Ei bombe av ein reportasje frå den uavhengige journalisten Seymour Hersh – publisert på Substack – avslører og bekreftar nøyaktig det vi rapporterte i fjor: At det amerikanske forsvarsdepartementet i det skjulte sprengde i lufta Nord Stream-røyrleidningane, og med det utførde ei terrorhandling mot sine eigne vestlege allierte i eit sinnssjukt skadeleg forsøk på å skade Russland sin energieksport.
Øydelegginga av Nord Stream-røyrleidningane vart visstnok utført ved hjelp av den norske regjeringa, og plantinga av eksplosiv brukte dekket av BALTOPS 22-øvinga til den amerikanske marinen i juni 2022, der dykkarar frå marinen planta eksplosiv som, tre månader seinare, vart fjernutløyst av ei sonarbøye sleppt ut i Austersjøen av eit F8 Poseidon patruljefly frå det norske luftforsvaret.
Som Hersh skriv:
«C4 som vart festa til røyrleidningane kom til å bli utløyst av ei sonarbøye sleppt ut av eit fly på kort varsel, men prosedyren involverte den mest avanserte signalprosesseringsteknologien. So fort dei var på plass, kunne dei forseinka timingapparata festa til kva som helst av dei fire røyrleidningane ved eit uhell bli utløyst av den komplekse blandinga av bakgrunnsstøy i den tungt trafikkerte Austersjøen – frå nære og fjerne skip, boring under vatn, seismiske hendingar, bølgjer og til og med havdyr. For å unngå dette skulle sonarbøya, når den fyrst var plassert, sende ut ein sekvens av unike, lågfrekvente tonelydar – mykje lik dei som kjem frå ei fløyte eller eit piano – som ville bli gjenkjent av timingapparatet og, etter eit førehandsbestemt tal timar forseinking, utløyse eksplosiva.»
CIA, Luftforsvaret, Marinen, Utanriksdepartementet og Biden-leiarar var alle med på det
CIA, det amerikanske luftforsvaret, marinen, utanriksdepartementet og Biden-administrasjonen var alle med på planlegginga, som naturlegvis gjer dei alle til krigsforbrytarar for å sprengje i lufta sivil infrastruktur som har forårsaka hittil usett økonomisk øydelegging og menneskeleg liding over heile Vest-Europa.
Utbreidd nedstenging av industri, metallsmeltingsoperasjonar, gjødselproduksjon og til og med heile BASF sin produksjonsfasilitet i Tyskland følgde snart etter tapet av Nord Stream. Å stengje av billeg, rikeleg energi til Europa var dropen, og det byrjar allereie å kaste Europa inn i ein ny æra av fattigdom og deindustrialisering som den vesteuropeiske sivilisasjonen sannsynlegvis aldri vil kome seg etter. Innhaustinga i 2023 og 2024 vil òg bli øydelagde på grunn av mangelen på gjødsel, sidan nitrogenbaserte gjødseltypar blir produserte frå hydrokarbona som kom frå Russland via Nord Stream-røyrleidningane. Dette tydar at mange europearar vil svelte på grunn av terrorhandlingane til USA og Noreg.
Òg takka vere dei grøne klima-sektmedlemmene, er europeiske land generelt uviljuge til å ta frå sine eigne energiressursar, som gjorde dei nesten fullstendig avhengige av Russland. Noreg var eitt unntak til dette, sidan landet er ivrig etter å eksportere energi til andre europeiske nasjonar, noko som òg forklarer kvifor Noreg visstnok med glede vart med på den ulovlege øydelegginga av Nord Stream-røyrleidningen.
Amerikanske tenestepersonar feira denne terrorhandlinga mot sine eigne allierte, inkludert Tyskland
Amerikanske tenestepersonar vart begeistra over å sjå røyrleidningen øydelagt, sjølv om tapet av billeg energi no øydelegg økonomiane til europeiske land. Frå Hersh-artikkelen:
«Etter å ha blitt spurt på ein pressekonferanse førre september om konsekvensane av den forverra energikrisa i Vest-Europa, skildra Blinken augneblinken som ein potensielt god ein:
‘Det er ei fabelaktig moglegheit til å ein gong for alle fjerne avhengigheita av russisk energi og altso ta vekk frå Vladimir Putin det å bruke energi som våpen som ein metode for å avansere hans imperieplanar. Det er svært betydeleg og tilbyr ei fabelaktig strategisk moglegheit i åra som kjem, men i mellomtida er vi bestemte på å gjere alt vi kan for å sikre oss at konsekvensane av alt dette ikkje blir borne av borgarar i landa våre eller, for den saks skuld, rundt om i verda’.
Meir nyleg uttrykte Victoria Nuland tilfredsstilling over undergangen til den nyaste av røyrleidningane. I ei vitneforklaring i ei Senate Foreign Relations Committee-høyring seint i januar fortalde ho senator Ted Cruz: ‘Som du, er eg, og eg trur Administrasjonen er, særs takksam for å vete at Nord Stream 2 no er, som de likar å seie, ein haug metall på havbotnen.’
7.februar, mindre enn tre veker før den tilsynelatande uunngåelege russiske invasjonen av Ukraina, møtte Biden i sitt Kvite hus-kontor med den tyske kanslaren Olaf Scholz som, etter litt vingling, no var fast på det amerikanske teamet. Etter pressebriefinga som følgde, sa Biden trassande: ‘Dersom Russland invaderer… vil det ikkje lenger vere ein Nord Stream 2. Vi vil gjere ende på den.’
Tjue dagar tidlegare hadde viseutanriksminister Nuland levert det som i grunnen var den same bodskapen i ei Utanriksdepartementsbriefing, med lite pressedekning. ‘Eg ønskjer å vere svært tydeleg med dykk i dag,’ sa ho som svar på eit spørsmål. ‘Dersom Russland invaderer Ukraina, på kva som helst måte, vil ikkje Nord Stream 2 gå vidare’.»
Altso var Joe Biden, Victoria Nuland, Jake Sullivan, Tony Blinken og andre amerikanske tenestepersonar alle med på at USA utførde denne terrorhandlinga mot sivil infrastruktur, som påverka liva til bokstavleg tala fleire hundre millionar europearar. Dette er ein perfekt demonstrasjon av den ekte «verdiane» til Vesten: Ofre økonomiane til dykkar eigne allierte for å prøve å skade dykkar geopolitiske fiendar, same kor mange liv som blir øydelagde i prosessen.
Putin krev straff av dei som er ansvarlege
Vladimir Putin krev allereie at dei som er ansvarlege for denne terrorhandlinga mot sivil infrastruktur skal namngjevast og straffast. Frå det britiske Daily Mail:
«Kreml sa på torsdag [9.februar 2023] at verda burde vete sanninga om kven som saboterte Nord Stream gassrøyrleidningen og at dei ansvarlege burde bli straffa etter at ein gravejournalist sa at amerikanske dykkarar sprengde dei i lufta etter krav frå Det kvite hus.
I eit blogginnlegg siterte den Pulitzer Price-vinnande etterforskande journalisten Seymour Hersh ei uidentifisert kjelde som sa at amerikanske dykkarar hadde øydelagt røyrleidningane med eksplosiv etter ordre frå president Joe Biden.»
Det er viktig å merkje seg at alle krigforbrytarane som utførde denne horrible handlinga mot Vest-Europa naturlegvis nektar for å vere involvert. Vi skal liksom tru at røyrleidningane sprengde spontant i lufta utan grunn. Det er eit «mysterium» som media og Det kvite hus ikkje vil skal nokosinne løysast. Frå artikkelen i Daily Mail:
«Reuters var ikkje i stand til å bekrefte påstandane. Det kvite hus avfeia dei som ‘fullstendig falskt og komplett fiksjon’. Noregs utanriksministerium sa at påstandane var ‘nonsens’.»
Denne oversiktsplansjen er henta frå Daily Mail-artikkelen.
Det vestlege konsernmedia – kontrollert av CIA, som tok del i Nord Stream-sabotasjen – nektar å dekkje denne sanningsbomba frå varslaren, og dekkjer over dei kriminelle handlingane til det amerikanske utanriksdepartementet. Frå Daily Mail:
«Talsmann i Kreml, Dmitry Peskov, sa at Hersh sitt blogginnlegg fortener meir merksemd, og at han vart overraska over at det ikkje hadde blitt dekt meir av vestlege media.
‘Verda må oppdage sanninga om kven som utførde denne sabotasjehandlinga,’ sa Peskov til reporterar. ‘Dette er ein særs farleg presedens: dersom nokon gjorde det éin gong, kan dei gjere det igjen kor som helst i verda.’
Han bad om ‘ei open, internasjonal etterforsking av dette hittil usette åtaket på internasjonal, kritisk infrastruktur’, og la til: ‘det er umogleg å gå vekk frå dette utan å avdekkje dei som er ansvarlege, og straffe dei’.»
Nazistar og terroristar definerer no det vestlege imperiet
No veit vi at ikkje berre er Zelensky-regimet styrt av nazistar, men òg at det amerikanske Biden-regimet er styrt av terroristar. Og dei vil bruke bomber, attentat, tvang, økonomisk terrorisme, propaganda og alt anna som krevst for å prøve å mobbe verda til å overgje seg til dei diktatoriske krava til Vesten.
Hugs òg at dersom dykkar eiga regjering vil gjere dette mot dei uskuldige sivile i Europa, kva vondsinna døds- og øydeleggingshandlingar kan dei vere i stand til å gjere mot oss dersom det tener dei politiske måla deira?
USA trur ikkje på å respektere retten nokon annan nasjon har til å eksistere, med mindre dei bøyer seg for dei imperialistiske krava til det amerikanske imperiet. Ikkje rart dei fleste andre nasjonar i verda – inkludert Saudi-Arabia – no hatar USA og deira ureielege, rasistiske, svikefulle leiarskap.
Dette er òg grunnen til at dei fleste nasjonar i verda kjem til å gå vekk frå den amerikanske dollaren for oljehandel, noko som resulterer i slutten på dollaren som den dominerande valutaen i verda.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 9.februar 2023.