Ifølgje David Sörensen på nettsida Stop World Control, har advokaten Reiner Füllmich fått falske anklagar retta mot seg. Anklagane kjem frå ingen ringare enn medgrunnleggjaren av den sokalla Corona Investigative Committee (CIC, Koronaetterforskingskomiteen), Viviane Fischer. Ifølgje Fischer skal Füllmich ha underslått over 700 000 euro av donasjonar som vart gjevne til CIC. Han skal ha brukt dei på å betale ned eit bustadlån, mellom anna. Füllmich sjølv nektar for dette, og kallar påstandane til Fischer for «falske». Dei omtalte pengane er del av aktiva i komiteen, og ikkje hans private pengar. Fischer og Füllmich jobbar ikkje lenger saman, og Füllmich har planar om å danne ein ny koronaetterforskingskomité for seg sjølv, som ifølgje han vil vere «meir profesjonell». Komiteen vil få namnet International Crimes Investigative Committee (ICIC).
So, kvifor rauk Reiner Füllmich og Viviane Fischer uklare på denne måten? Historia vart delvis fortalt av Füllmich i eit temmeleg forvirrande intervju med Gemma O’Doherty 29.september 2022. Fischer og kjærasten hennar har ifølgje Füllmich alvorlege finansielle problem, medan Füllmich sjølv har to eigedommar som det ikkje lenger er gjeld knytt til. Fischer hadde med andre ord meir grunn til å stikke av med dei 700 000 euroa – for pengane er visseleg vekke. Kven av dei to som eigentleg har teke dei, er uvisst.
Distriktsadvokaten i Berlin har offentleg gått ut og sagt at der er ingen grunn til å etterforske nokon av dei to. Fleire psykologar skal òg ha uttrykt bekymring for Viviane Fischer sitt mentale velvære.
David Sörensen i Stop World Control tok på bakgrunn av desse rykta kontakt med Reiner Füllmich, slik at advokaten kunne forklare meir rundt situasjonen. Her er den offisielle meldinga frå Füllmich, med hans eigne ord (saksyndig si omsetjing):
«Kjære venner, no når eg har gjenvunne kontrollen over mine Telegram-kanalar, er det på tide for ei kort melding til dei som er forvirra på grunn av dei nylege rykta rundt Berlins Koronaetterforskingskomité.
I eit langt intervju med den sveitsiske alternative mediekanalen Bitle.tv, som vart avbrote av ei urovekkjande ytring av medgrunnleggjaren av Koronaetterforskingskomiteen [Viviane Fischer; oms.an.], har eg allereie sagt det eg har å seie.
Anklagane til denne medgrunnleggjaren av Koronaetterforskingskomiteen er fullstendig oppdikta og falske.
Med omsyn til dette rapporterte tyske hovudstraumsmedia nettopp at distriktsadvokatkontoret i Berlin eksplisitt uttala at der er ingen grunn til ei kriminell etterforsking. So stol på instinkta dykkar og sjå på dei fakta som er tilgjengelege.
Eg vil òg halde fram arbeidet til komiteen med min eigen versjon av den, ein mykje meir profesjonell ein. Dette framhaldet av komiteens arbeid vil utvide rekkjevidda til etterforskinga, og det vil vise konsept for å overvinne det korrupte, kollapsande systemet. Det nye namnet vil vere International Crimes Investigative Committee, ICIC (I see, I see!).
Derimot er der tre ting som eg meiner ein må leggje ekstra vekt på i denne pågåande kampen for menneskeheita. Nummer éin, trass det faktum at det å arbeide i Koronaetterforskingskomiteen alltid har vore særs vanskeleg, har vi, eg trur, gjort ein temmeleg god jobb i å kome til sanninga om korona. Det er ikkje ein pandemi, men heller ein plandemi. Den er driven av overlagt panikkskaping og misbruken av PCR-testen til å skape tilfelle som aldri eksisterte.
Denne pandemien er berre eitt middel frå verktøykassen til dei som står bak dette. Og bak dette står nokre få superrike menneske, stormannsgalne psykopatar, som ekspertane innan psykologi og psykiatri som vi intervjua forklarte til oss.
Dei har brukt og bruker globale konsern og globale NGO-ar som møtest ein gong i året i Davos på plattforma til World Economic Forum som ein måte å fullføre ei fiendtleg overtaking av våre politikarar og offentlege byrå under dekket av det fintlydande omgrepet privat-offentleg partnarskap.
Den andre sida, som eg kallar dei, eller Mr. Global, som Catherine Austin Fitz kallar dei, veit at mange ikkje trur på forteljinga om det farlege viruset lenger. Apekoppar viste seg å vere fullstendig mislykka, eit dødfødd prosjekt. Dei er på defensiven. Men dei har meir i verktøykassa si for å halde oss i panikkmodus, det vil seie i ein mental tilstand som vil gjere til at mange av oss følgjer kva som helst ordrar dei blir gjevne. Ukraina-krisa, global oppvarming, matmangel og energimangel er berre nokre av dei best kjende av deira panikkskapande verktøy.
Det ultimate målet til desse psykopatiske stormannsgalne er å oppnå full kontroll over oss alle ved å redusere befolkninga og slavebinde dei overlevande gjennom introduseringa av ei Eiverdsregjering og ein eiverds-digitalvaluta, begge naturlegvis under deira kontroll.
Det eg nemner ovanfor er emna vi burde bekymre oss om, og som treng å bli eksponert slik at sjølv dei som fyrst har blitt offer for deira psykologiske terrorisme, no byrjar å stille spørsmål. Vi vil få svar og vi vil få hjelp, dersom det blir naudsynt.
Lat oss ikkje bli distraherte av irrelevante ekstrastykke, spesielt når det berre er nok ein utførleg skapt illusjon utan nokon som helst substans.
Og til slutt, naturlegvis, vil vi vinne denne krigen som blir ført mot heile menneskeheita. Der er ingen tvil i mitt sinn at dei som prøver å øydeleggje menneskeheita og som prøver å leike Gud, er fordømte.
Men der er ingen enkeltperson eller enkeltinstitusjon som åleine vil klare å gjere slutt på dette. Denne gongen må alle vi menneske saman vere kavaleriet. Og der er berre to ting som verkeleg speler noka rolle. Den fyrste er at vi må forstå at dette ikkje handlar om russarane mot amerikanarane, franskmennene mot tyskarane, svarte mot kvite, kvinner mot menn, eller dei vaksinerte mot dei uvaksinerte.
I staden er det alle oss menneske mot dei kriminelle monstera som gjer alt dei kan for å drive oss mot kvarandre slik at merksemda vår blir distrahert frå alt det vonde dei sjølve gjer.
Den andre tingen som speler ei rolle, trur eg, er at vi er svært nær eit vendepunkt og at vi allereie kan ha vunne krigen. Det er grunnen til at den andre sida, Mr. Global, no er ute av kontroll, og bokstavleg tala går amok.
Men vi må vere tydelege på dette: den andre sida kan ikkje og vil ikkje gje opp, sidan der er to kreditorar som krev betaling for deira brotsverk mot menneskeheita. Ein av dei to kreditorane er oss og domstolen vår som, dersom det blir naudsynt, vil vere frå oss sjølve, altso folkets eige skaparverk på utsida av det korrupte systemet.
Den andre kreditoren er det eg kallar dei høgare spirituelle maktene. Andre kallar den Gud. Det er truleg det same. Og dei som speler Gud har aldri sleppt unna straff, om eg hugsar riktig.
Åh, berre ein liten ting til, som Columbo brukte å seie. No nyleg hadde professor Sushiri Bakhti og eg privilegiet og æra å bli invitert til Aten, vogga til demokratiet, av dei greske helsearbeidarane som nekta å ta del i desse brotsverka mot menneskeheita og miste jobbane sine som eit resultat. Professor Bakhti forklarte detaljert kor alvorleg situasjonen er, at dette handlar om liv eller død og alvorlege endringar i personlegdommen vår, spesielt med tanke på effektane av mRNA-sprøytene. Eg oppsummerte funna til Koronaetterforskingskomiteen, og korleis den juridiske innsatsen til eit veksande tal advokatar no, i somme delar av verda, blir meir og meir vellykka.
Eg avslutta presentasjonen min med dei same orda eg bruker her:
‘nokre folk bryt saman under press. Eg gjer det ikkje, og kjem ikkje til å gjere det.’
Og eg vil leggje til at det same er sant for den greske helsearbeidarane, og det same er sant for kvar og ein av dykk alle.
Stol på instinktet dykkar. Sjå på fakta og de vil sjå gjennom alt dette, gjennom kvar og ei maske.»
Utifrå det Füllmich har fortalt til no, har det vore interne stridigheiter i Koronaetterforskingskomiteen, og stridens kjerne ser ut til å dreie seg om vesentlege beløp som har blitt donert til komiteen av velmeinande menneske som vil ha slutt på elitens tyranni og faenskap. At han no dannar sin eigen etterforskingskomité, lover godt. Og dei 700 000 euroane vil nok alltids dukke opp igjen, får vi håpe…