Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Coolio vart funnen død onsdag ettermiddag [28.september 2022], der rapportar fyrst tilskreiv det plutselege og uventa dødsfallet eit hjarteinfarkt. Meldingar frå musikarkollegaer strøymde inn, det same gjorde meldingar frå Hollywood-stjerner, inkludert Michelle Pfeiffer, som skildra han som «ingenting anna enn strålande» og sørga over eit liv som enda altfor tidleg.
Sidan den kom ut har «Gangsta’s Paradise» blitt ein av dei mest vellykka rap-songane nokosinne, og tilbragte tre veker på fyrsteplass på Billboard Hot 100, og vann Grammy for beste rap-solo-framføring i 1996.
Coolio sin manager Sheila Finegan bekrefta at artisten, som eigentleg heitte Artis Ivey, døydde onsdag, men ho nekta å bekrefte rapportar som sa at han døydde av eit hjarteinfarkt.
Men det er ikkje heile historia. Langt ifrå.
Men før vi diskuterer prosjektet som Coolio jobba på i tida før sin død, treng vi å erkjenne nokre av dei augeopnande kommentarane han kom med før han døydde. Fordi der er meir enn nokre få ting som skurrar med døden hans. Kjendisdødsfall er ofte bisarre, og Coolio sin er ikkje noko unntak.
I eit intervju med Chit Chat-podcasten før han vart funnen død, sa Coolio at han meinte at Hollywood-pedofile slik som musikarkollegaen R. Kelly ikkje burde få lov til å eksistere, før han sa at han aktivt, aktivt har som mål å øydeleggje dei, og at det er ein av hans jobbar å drepe dei.
«Eg er ikkje med på den,» fortalde han podcast-verten Tomeicko, og la til: «Eg trur kattar… sjuke, forpulte svin som tenner på den typen skit, dei treng å bli utsletta frå… frå jordas overflate.»
«Du veit, dei fortener ikkje liv,» fastslo han.
«Gangsta’s Paradise»-songaren sa deretter: «Eg oppsøkjer aktivt, aktivt desse jævla svina og gjer mitt beste for å øydeleggje dei.»
Etter å ha sagt «eg kjem til å gje meg der,» la Coolio til: «Ja, det er ein av jobbane mine, okay? Du veit, å drepe pedofile.»
Coolio eksponerte det mørke hjartet til underhaldningsindustrien og i april i år fortalde han sine nære venner at han ikkje var redd for døden, men han var vitskremt over kva elitane kunne gjere med familien hans, spesielt barna hans.
Coolio avslørte òg at «eliten» eller «Illuminati» kom til han med eit tilbod som var so avskyeleg at han ikkje hadde noko anna val enn å takke nei.
Dersom denne historia høyrest nifst kjent ut, opplever du ikkje déjà-vu. Kjendisar som er modige nok til å diskutere det mørke hjartet til underhaldningsindustrien og som nektar å danse etter eliten si pipe, har tendens til å tragisk døy før tida.
Lat oss sjå på lagnaden til nokre andre personar som gjekk ut mot barnesexhandel og elitepedofili.
Hollywood-skodespelar Isaac Kappy, som vart kjent for å snakke ut mot Hollywood-pedofili og satanisk rituell mishandling, vart funnen død i Arizona i ein alder av 42. Før sin død kom Kappy med eksplosive anklagar mot Hollywood-A-kjendisar inkludert Steven Spielberg, Tom Hanks og Seth Green, og skulda dei for å vere mishandlande pedofile. Han sa òg at han aldri ville ta sjølvmord.
Anne Heche, som døydde i august, hadde og via livet sitt til å eksponere pedofiliringen i hjartet av Hollywood. Som eit barn leid ho i hendene til ein pedofil, og ho var bestemt på å beskytte barn frå å lide same lagnaden som ho sjølv gjorde som lita jente. Offer kan gå éin av to vegar. Anten veks dei opp og blir rovdyr sjølve. Eller dei kan avvise vondskapen. Heller enn å late barndommen knuse ånda hennar, lovde Heche å bruke tida si på Jorda til å gjere den ein betre stad for andre.
Paul Walker, som òg døydde i ei mystisk bilulykke slik som Anne Heche, hadde visstnok fått informasjon relatert til elitepedofili og vart deretter stilna av dei som styrer.
Chris Cornell vart òg funnen død under mystiske omstende, og skal visstnok òg ha jobba på ein eksplosiv eksposé om barnesexhandel. Det same var hans gode venn Chester Bennington, og dødsfallet hans sjokkerte verda.
Og Avicii, superstjerne-DJ-en, som gav ut ein urovekkjande musikkvideo som vart erklært «kommersielt sjølvmord» av plateselskapet hans, der han speler den vaksne utgåva av eit barnesex-offer. Den siste scena i videoen har i seg ein politikar med ordet «pedofil» brennemerka på huda hans. Kva visste Avicii, og kva var i ferd med å bli avslørt til massane? Han vart funnen død i ein alder av 27, so det vil vi aldri vete.
Lista av kjendisar med band til elitepedofili, og som døydde plutseleg og mistenkjeleg, held fram i det uendelege.
Tragisk har Coolio slutta seg til rekkjene deira.
Hovudstraumsmedia er raske med å avfeie bandet til pedofili som desse kjendisane deler som ein «konspirasjonsteori». Ideen om at eliten utfører sexhandel med barn og tek del i pedofili, er for mykje for dei å svelgje, trass avsløringane i seinare år av aktivitetane til Jeffrey Epstein og Jimmy Savile, som begge var nære venner med eliten som heldt enorm makt over dei.
Det same skjer no med alle som vågar å stille spørsmål ved dødsårsakene til Anne Heche, Isaac Kappy og andre, inkludert Coolio. Hovudstraumsmedia, faktasjekkarar og Big Tech jobbar på spreng for å stengje ned diskusjon, og avgrensar ytringsfridommen vår.
Men vi skuldar dei det å spørje om dei vart stilna for synspunkta sine.
Som ein vellykka og populær Hollywood-insider med fleire millionar følgjarar på sosiale media over heile verda, var mannen som sa at det var «ein av hans jobbar» å drepe pedofile, var i ein unik posisjon til å raudpille massane.
Vart Coolio kverka?