Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
I Storbritannia er det no offisiell statleg politikk å ignorere behova til dei eldre. Legar og sjukepleiarar blir bedne om å late folk døy – og til å halde tilbake behandling som kan redde liva deira. Sjukehuspersonale blir bedne om å frårøve dei eldre mat og vatn slik at dei døyr, heller enn å leggje beslag på sjukehussenger. Sjukeheimspersonale har fått retten til å dope ned eldre pasientar utan at dei veit det. Den einaste -ismen som ingen bryr seg om, er ageism [aldersdiskriminering; oms.an.].
Men ved kva alder får pasientar rett og slett lov til å døy? Og kor gammal er for gammal når det gjeld gjenoppliving av pasientar? På kva slags punkt har samfunnet rett til å seie «du har levd lenge nok, no må du døy og rydde plass for nokon andre»? Og kvifor burde gjenoppliving bli avgjort av alder? Det er mogleg å argumentere for at det ville gje like mykje meining å ta avgjerda basert på rikdom eller skjønnheit. Men aldersdiskriminering er no offisielt akseptert. Alle over 60 er no offisielt gammal, sjølv om dei på eit veksande tal sjukehus har sett 50 som den øvre aldersgrensa for gjenoppliving.
Vi lever i ei politisk korrekt verd, men dei eldre tel ikkje – spesielt om dei er kvite og engelske. Rapport etter rapport viser eldre pasientar som blir forlatne i smerte, i skitne sengekle. Eldre pasientar på sjukehus blir ignorert av personalet og overlatne til å svelte i hel, og blir til og med nekta vatn om dei ikkje kan kome seg ut av senga og hente det sjølve.
Gamle menneske er ei bør som Staten ikkje har råd til, og då vil politikarane halde fram med å autorisere kva enn slags metodar som er naudsynte for å sikre at talet brysame gamle menneske blir halde på eit minimum. Eksistensen av ei absurd grein av medisin ved namn geriatri blir brukt som ei orsaking for å dytte gamle menneske inn på bakevje-avdelingar, og tilby dei andregrads medisinsk behandling. I februar 2011 fordømte ein offisiell rapport NHS [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] for deira «umenneskelege behandling av eldre pasientar» og fastslo at NHS-personale «mislykkast i å møte sjølv dei mest basale omsorgsstandardar» for målgrupper over 65. Det er inga overdriving å seie at NHS behandlar dei eldre med forakt. (Det brukte å bli sagt at du kan dømme ein sivilisasjon utifrå måten dei behandlar sine eldre.)
Det var tilbake i februar 2005 at det vart avslørt at Staten hadde tilrådd at sjukehuspasientar med lite håp for rekonvalesens burde få lov til å døy på grunn av kor mykje det kosta å halde dei i live. Labour-regjeringa føreslo at «gamlingar» vart nekta retten til mat og vatn dersom dei fall i koma eller ikkje kunne snakke for seg sjølve. So mykje for håpet til slagpasientar. Regjeringa føreslo at behovet for å kutte kostnader kom før tronga til å ivareta liva til pasientane, og bestemte at dei hadde rett til å overstyre ein rett-til-å-leve rettsordre som hadde blitt iverksett då ein dommar gav ordre om at kunstig næring og hydrering ikkje burde bli trekt tilbake, med mindre livet til ein pasient kunne skildrast som «uuthaldeleg». (Dommaren hadde lagt til at når der var nokon tvil, burde det å bevare livet ta føring.)
Naturlegvis er det å frårøve dei eldre mat og vatn nokre gonger meir ein konsekvens av inkompetanse enn offisiell politikk. Då mor mi var på sjukehus, kunne ho ikkje ete sjølv, men personalet mata ho ikkje. Dersom ingen slektning kunne kome seg til sjukehuset for å mate ho, so åt ho ikkje. Glas vart sette på brettet hennar og deretter fjerna urørt. «So, vi er ikkje tyrste i dag?» ville ein idiot spørje muntert.
I mellomtida pøser Regjeringa pengar inn i subsidiering av liva til late og arbeidssky. Friske 30-åringar sit og trykkjer og utviklar chips-ræver og ølvommer, henslengde framfor sine flatskjermar der dei ser kva dei ønskjer av statssubsidiert satellitt-TV, og opnar heller vindauga for å sleppe ut varmen fordi det er enklare enn å skru ned sentralvarmen.
Dei eldre blir klassifisert som den «Uønskte generasjonen»: ei politisk skam. Eldre personar som kjem til å bli blinde av aldersrelatert makular degenerasjon blir nekta legemiddel som kunne ha hindra dei i å misse synet. Dei eldre er sett på som dyre, ubrukelege og til overs. Teorien er at dei ikkje bidreg og sjeldan røystar, og at dei difor kan sjåast vekk frå. Men dei som trur dette vil bli gamle tidlegare enn dei trur. Og definisjonen av «gammal» blir yngre kvart år.
Krigar har lært oss at folk ser ut til å førebu seg på å akseptere som normalt alle slags skrekkelege ting. Men kor utruleg forferdeleg er det at legar og sjukepleiarar aksepterer at dei eldre (offisielt dei over 60) må få lov til å døy fordi det ikkje er kostnadseffektivt å halde dei i live. Den offisielle haldninga ser ut til å vere at gamle menneske ikkje speler noka rolle og ikkje har nokon rettar berre fordi dei er gamle. I midten av august 2007 rapporterte ein utvalskomité om menneskerettar, som bestod av parlamentsmedlemmer og likeverdige, at 21% av sjukehus og sjukeheimar mislykkast i møte sjølv minimumsstandardar av verdigheit og privatliv for eldre. Komiteen sa at dei hadde avdekt bevis for forsømmelse, mishandling, diskriminering og urettferdig behandling av skrøpelege, eldre menneske. (Oppdaginga deira kom ikkje som noka overrasking for dei av oss som har avdekt slik mishandling i fleire tiår.) Korleis har vi greidd å gløyme at på 1930-talet svelta og tyrsta nazistane med vilje eldre og sårbare pasientar fordi dei vart sett på som ei ubrukeleg bør for samfunnet? Dette er nøyaktig det som vi gjer i dag.
Ei forbløffande (og skremmande) spørjeundersøking blant lesarar av tidsskrifta Nursing Standard og Nursing Older People, viste at færre enn éin av seks sjukepleiarar sa at ingenting kunne hindre dei i å rapportere mishandling av eldre i si varetekt.
Med andre ord ville fem av seks sjukepleiarar, i det minste av og til, ikkje rapportere mishandling av eldre som dei vart betalte for å ta seg av. So, i mitt syn, er fem av seks sjukepleiarar ikkje skikka til å vere sjukepleiarar.
Ville desse same sjukepleiarane ignorere mishandling av barn so lett?
Eg mistenkjer at dei ikkje ville det.
Det er rett og slett avskyeleg og eit vitnesbyrd mot det moderne omsorgsyrket.
Den same spørjeundersøkinga viste at seks av ti sjukepleiarar ville snu ryggen til mishandling av eldre. Dei ville ikkje seie noko om dei visste at ein eldre pasient eller sjukeheimsbebuar vart slegen, mobba eller rana.
Kvifor sviktar sjukepleiarar pasientane sine?
Éin grunn er feigskap.
Utruleg nok ser det ut til at sjukepleiarar er redde for å rapportere mishandling i tilfelle dei sjølve blir mishandla av personen som utfører mishandlinga.
Åh, kom an!
Ein annan grunn er visstnok «frykt for å feiltolke situasjonen».
Kva slags politisk korrekt boss er det?
Sjukehuspasientar og sjukeheimsbebuarar lid no ofte av underernæring og dehydrering, mishandling og hardhendt behandling, mangel på privatliv, forsømmelse, dårleg hygiene og mobbing. Tusenvis av eldre blir overlatne til å liggje fleire timar i skitne kle.
Korleis kan nokon «feiltolke» noko av det?
Og kvifor?
Kan det vere fordi for mange moderne sjukepleiarar er late, dumme og inkompetente? Ein tidlegare fabelaktig profesjon er i dag i ein verre tilstand enn den var i Dickens’ dagar. Er det so gammaldags av meg å tru at kvar sjukepleiar alltid burde rapportere kvar ein førekomst av mishandling? Alltid. Utan unntak.
Aldersdiskriminering, verkar det som, er no endemisk innan helseomsorg. Ein lesar skreiv for å fortelje meg at då ho besøkte legen sin og klaga over smertefulle kne, fortalde legen ho, svært abrupt, at problemet hennar var at ho levde for lenge. Ho var sønderknust. «Det vart ikkje sagt som ein spøk,» fortalde ho meg. «Han meinte det.» I månadene før han døydde, klaga faren min gjentekne gonger: «Folk behandlar meg som ein tosk fordi eg er gammal.» Ein 79 år gammal lesar fortalde meg: «Dersom du er over 55, ønskjer dei deg død fordi du er for dyr i live.»
Vi lever no i ei verd der det er sett på som akseptabelt for menn og damer å måtte dele ei avdeling; der sjukehusbad er so skitne at pasientar ikkje torer å bruke dei; der tannlegar er so sjeldne og dyre at folk må nøye seg med å trekkje ut sine eigne dårlege tenner ved hjelp av ein tråd knytt til eit dørhandtak. Men det er dei eldre som, framfor alle andre, blir sett på som til overs og irrelevante. Det er dei eldre som har ingen rettar. Sexisme og rasisme er forbode, men aldersdiskriminering er det ikkje. Faktisk verkar det tydeleg at aldersdiskriminering no er ein statssponsa fordom. Valdelege, ville ungdommar som blir tekne i å gå til åtak på eldre lovlydige borgarar blir sannsynlegvis «straffa» med ein neve full av kupongar som gjev dei rett til ei handfull gratis CD-ar (der songtekstane vel so godt kan oppfordre til meir vald), men ærlege, eldre borgarar som ikkje har råd til å betale skatt, kan ende opp i fengsel.
Når legar er eigde av Staten, då tek Staten sine prioritetar over. Og so blir dei eldre, som er sett på som ei dyr bør, vurdert som til overs.