Sandy Hook-advokat innrømmer at søksmål mot Alex Jones er laga for å stilne uavhengige media

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein av Sandy Hook-advokatane har innrømt at det ekte målet med søksmålet mot Alex Jones ikkje er å søkje erstatning for tort og svie, men å stilne uavhengige media for alltid.

Advokat Mark Bankston fortalde reporterar at Alex Jones, i tillegg til å betale erstatning for tort og svie til Sandy Hook-familiane, «ikkje lenger burde vere i det offentlege livet» som eit resultat av rettssaken.

«Folk har liksom sagt ‘de er ute etter å øydeleggje Alex Jones’. Eg ønskjer ikkje å øydeleggje han, eg bryr meg ikkje,» fortalde Bankston Channel 5. «Dersom han ønskjer å arbeide på Safeway [amerikansk supermarknadkjede; oms.an.] eller styre ein Sprint-butikk [bensinstasjon- og matbutikkjede], bryr eg meg ikkje. Eg føler at den rette mengda justis ville vere at du ikkje burde vere i stand til å kommersielt marknadsføre deg som ein offentleg figur lenger.»

«Du burde forlate den amerikanske scena. Det er det eg trur er det korrekte resultatet. Det er det eg trur er det mest nyttige, beste resultatet.»

Infowars.com rapporterer: Bankston sa deretter at det å stengje ned Jones sin Infowars-operasjon var endå viktigare enn «pengane».

«Men pengane er verkeleg eigentleg ikkje spørsmålet for meg. Spørsmålet er, vil dette søksmålet lykkast i å stoppe han frå å bli verande på den nasjonale scena?» spurde han. «Og eg uroar meg for at, som vi sa i tinghuset, at det vil det ikkje fordi kameraa framleis vil følgje han. Liksom, han kan misse alle pengane sine, han går ut der med megafonen igjen, og han byrjar å byggje det opp igjen nett som det var.»

«So, spørsmålet er, kan denne saken mot Alex Jones, på vegner av desse foreldra, kome til å representere noko større? Er det ei større folkerøysing om dei falske tinga han seier? Eg håper det, mann,» la han til.

Bankston sa tidlegare at målet hans var å «dele opp liket til Infowars» for å pushe «konspirasjonsteoriar».

«Der kjem til å vere ein diger gjeng av skuldarar som deler opp liket til Infowars… Det kan bli særs, særs farleg for Mr. Jones, fordi der kjem til å bli eit nytt nivå av finansiell etterforsking,» fortalde han reporterar i august.

Bankston sine kommentarar speglar dei som kollegaen hans i Texas-rettssaken frå august, der han fortalde juryen å «fjerne» Alex Jones frå offentleg diskurs.

«Fjern han frå denne diskursen av denne feilinformasjonen, spreiinga hans av løgner og forsikre dykk om at han ikkje kan gjere det igjen,» sa advokat Wesley Ball.

«Eg ber om at de med dykkar kjenning ikkje berre vil ta Alex Jones si plattform vekk frå han, forsikre dykk om at han ikkje vil byggje oppatt plattforma,» la han til. «Det er straff. Det er å hindre at noko slikt skjer igjen.»

Advokat Chris Mattei i sin opningstale i Connecticut-saken var eit ekko av Bankston sine kommentarar, og argumenterte at «rettferd i denne saken» er å «stoppe» Alex Jones frå å kome med sine meiningar om framtidige hendingar.

Sandy Hook-rettssaken blir gjenoppteken neste veke, der Jones er forventa å atter ein gong møte opp på tiltalebenken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s